Hjemmenes Vel

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Oslo Hjemmenes Vel sitt lokale i Nedre Vollgate 20 i Oslo.
Foto: "Oslo Hjemmenes Vel. Nedre Voldgt. 20"
Nasjonalbiblioteket

Hjemmenes Vel var namnet på dei fyrste husmorforeiningane i Noreg. Den fyrste foreininga var Oslo Hjemmenes Vel, stifta i 1898 av Dorothea Christensen frå Sandefjord og avvikla i slutten av 1970-åra. Foreininga hadde lokalar i Nedre Vollgate 20 i Oslo, og var den eldste husmorforeininga i Europa.

I 1897 sprang ideen om at husmødrene skulle slutte seg saman. Tanken blei fyrste gong presentert i bladet «Husmoderen», som seinare fekk namnet «Husmorbladet». Artikkelen gjorde at Hjemmenes Vel blei stifta i Kristiania året etter, og deretter i Bergen i 1899.

I mellomkrigstida var Karen Platou drivkraft i organisasjonen. Ho var også den fyrste faste kvinnelege stortingsrepresentanten, valgt inn frå Høgre i 1922–1924.

15. september 1915 gjekk fleire lokale lag saman og stifta Hjemmenes Vels Landsforbund som vart leia av Marie Michelet. Organisasjonen skifta i 1999 namn til Norges Kvinne- og familieforbund.

Galleri

Kjelder