Holstein: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(tilpassar utdraget)
(korr. + noko meir om oppkallingsnamn)
Linje 12: Linje 12:
Det var ikkje berre soldatar som vart sendt. Kvart dragonkompani fekk ordre om å ta med ''konene'' til tre og kvart infanterikompani fire av soldatane. Desse skulle hjelpe til med matlaging, reparasjon og vask av kleda til soldatane og stell under sjukdom.

Det kom ikkje til ordinære krigshandlingar under den perioden dei betydelege norske troppestyrkane stod i Holstein, men sjukdom tok livet av mange norske soldatar. Av dei totalt ca 12.000 utkommanderte frå norske hæravdelingar er det rekna ut at ca 3000 døydde der nede, altså 25 %.<ref>Kierland 1961.</ref>
Det kom ikkje til ordinære krigshandlingar under den perioden dei betydelege norske troppestyrkane stod i Holstein, men sjukdom tok livet av mange norske soldatar. Av dei totalt ca 12.000 utkommanderte frå norske hæravdelingar er det rekna ut at ca 3000 døydde der nede, altså 25 %.<ref>Kiærland 1961.</ref>

== Verknader ==
== Verknader ==
Linje 18: Linje 18:
Vaktoppdraget i Holstein vart formelt avslutta hausten 1762, men dei siste avdelingane var ikkje heime i Noreg att før ut på våren 1763. I mange bygder er det nedskrive minne om desse «Holstein-karane», m.a. i [[Trysil]], [[Hallingdal]] og [[Gudbrandsdalen]]. [[Ivar Kleiven]] nemner desse karane i bygdebøkene han skreiv om [[Vågå]], Østre og Vestre [[Gausdal]] og [[Lesja]]. Han peiker på at fleire av dei hadde nyttig fagkunnskap med seg heim att, m.a. om korleis dei kunne lage klokker. Frik Hougen legg vekt på at Holstein-mennene stimulerte leseinteressa, da dei kom med «itte saa reint få bøk».<ref>Hougen 1935, s. 297.</ref> Somme stader, t.d. i [[Tresfjord]] i [[Romsdalen]], heiter det i den lokale tradisjonen at dei fyrste potetene i bygda kom med Holstein-karane.<ref>Skeidsvoll 1959.</ref>

Utgiftene til utkommanderinga og opprustninga var grunngjevinga bak [[Leksikon:Ekstraskatten 1762|ekstraskatten 1762]]. Dette pålegget førde til omfattande skattenektaraksjonar og oppreister fleire stader i landet, særleg i Hordaland ([[Strilekrigen]]), i [[Romsdal]] og på [[Nordmøre]].
Utgiftene til utkommanderinga og opprustninga var grunngjevinga bak [[Leksikon:Ekstraskatten 1762|ekstraskatten 1762]]. Dette pålegget førde til omfattande skattenektaraksjonar og oppreister fleire stader i landet, særleg i [[Hordaland]] ([[Strilekrigen]]), i Romsdalen og på [[Nordmøre]].

== Holstein som stadnamn i Noreg ==
== Holstein som stadnamn i Noreg ==

{{thumb høyre|Holstein stasjon.jpg|Holstein stasjon på Sognsvannsbanen i Oslo (2006).}}Fleire stader på Austlandet vart det rydda småbruk og husmannsplassar som fekk namnet Holstein. Fleire av desse vart bygd opp på slutten av 1700-talet, altså stutt tid etter at vaktoppdraget i Holstein vart avslutta. Det er difor svært sannsynleg at dei er oppattkalla etter hendingane i det dansk-tyske landskapet. Namnegranskaren Margit Harsson meiner jamvel at somme Holstein-plassar kan ha vore rydda eller busette av Holstein-karar.<ref>Harsson 2001, s. 29, 194 og 264.</ref>Under er det ei liste over Holstein-stader i Noreg:
{{thumb høyre|Holstein stasjon.jpg|Holstein stasjon på Sognsvannsbanen i Oslo (2006).}}Fleire stader på Austlandet vart det rydda småbruk og husmannsplassar som fekk namnet Holstein. Fleire av desse vart bygd opp på slutten av 1700-talet, altså stutt tid etter at vaktoppdraget i Holstein vart avslutta. Det er difor svært sannsynleg at namnegjevarane har vore inspirerte av hendingane i det dansk-tyske landskapet. Slike [[Oppkallingsnavn|oppkallingsnamn]] er ganske vanlege, men det er ikkje støtt det konkrete grunnlaget for namnegjevinga er like lett å sjå som i dømet Holstein. Namnegranskaren [[Margit Harsson]] meiner jamvel at somme Holstein-plassar kan ha vore rydda eller busette av Holstein-karar.<ref>Harsson 2001, s. 29, 194 og 264.</ref> Under er det ei liste over Holstein-stader i Aust-Noreg:

*[[Holstein (Asker)]]
*[[Holstein (Asker)]]
Linje 46: Linje 46:
*[[Harsson, Margit]]: ''Spydeberg'', bind 4 i serien [[Bustadnavn i Østfold]], 2001.
*[[Harsson, Margit]]: ''Spydeberg'', bind 4 i serien [[Bustadnavn i Østfold]], 2001.
*[http://no.wikipedia.org/wiki/Holstein «Holstein», artikkel på norsk Wikipedia]
*[http://no.wikipedia.org/wiki/Holstein «Holstein», artikkel på norsk Wikipedia]
*Hougen, Frik: «Lesnad og lesehug i ei norsk fjellbygd i siste helvta av 1700-talet», i Syn og Segn 1935.
*Hougen, Frik: «Lesnad og lesehug i ei norsk fjellbygd i siste helvta av 1700-talet», i ''Syn og Segn 1935''.
*Kiærland, Lars: ''Utkommanderingen til Holsten 1758 - 1762 (63). Et blodig 200-årsminne - uten kamphandlinger''. Vedlegg til Norsk Militært Tidsskrift nr 12, 1961.
*Kiærland, Lars: ''Utkommanderingen til Holsten 1758 - 1762 (63). Et blodig 200-årsminne - uten kamphandlinger''. Vedlegg til Norsk Militært Tidsskrift nr 12, 1961.
*[http://www.dokpro.uio.no/cgi-bin/stad/matr50 Matrikkelutkastet av 1950, søk på «Holstein».]
*[http://www.dokpro.uio.no/cgi-bin/stad/matr50 Matrikkelutkastet av 1950, søk på «Holstein».]

Sideversjonen fra 30. jan. 2012 kl. 10:14

Mal:Thumb høyreHolstein er eit område i Nord-Tyskland, i det som i dag er delstaten Schleswig-Holstein. Området er kjent i Noreg særleg i samband med den betydeleg utkommanderinga dit av norske soldatar til vakthald på det som den gongen var den danske sørgrensa under sjuårskrigen (også kalla den prøyssiske sjuårskrigen) i åra 1758-1762 (1763). Danmark-Noreg var nøytrale i krigen, men kongen og regjeringa i København fann det altså nødvendig å mobilisere betydeleg troppestyrkar til grensevakthald.

Grensevakthaldet

I mai 1758 gjekk det ut kongeleg ordre til øvstkommanderande for den norske hæren om at desse avdelingane skulle settast opp opp og overførast til grensa:

Nedovertransporten skjedde i løpet av sommaren 1758, og i august var i alt 7332 mann av dei norske avdelingane på plass. Etter kvart var òg styrkar frå andre avdelingar utkommanderte, m.a. også matrosar til flåten.

Det var ikkje berre soldatar som vart sendt. Kvart dragonkompani fekk ordre om å ta med konene til tre og kvart infanterikompani fire av soldatane. Desse skulle hjelpe til med matlaging, reparasjon og vask av kleda til soldatane og stell under sjukdom.

Det kom ikkje til ordinære krigshandlingar under den perioden dei betydelege norske troppestyrkane stod i Holstein, men sjukdom tok livet av mange norske soldatar. Av dei totalt ca 12.000 utkommanderte frå norske hæravdelingar er det rekna ut at ca 3000 døydde der nede, altså 25 %.[1]

Verknader

Vaktoppdraget i Holstein vart formelt avslutta hausten 1762, men dei siste avdelingane var ikkje heime i Noreg att før ut på våren 1763. I mange bygder er det nedskrive minne om desse «Holstein-karane», m.a. i Trysil, Hallingdal og Gudbrandsdalen. Ivar Kleiven nemner desse karane i bygdebøkene han skreiv om Vågå, Østre og Vestre Gausdal og Lesja. Han peiker på at fleire av dei hadde nyttig fagkunnskap med seg heim att, m.a. om korleis dei kunne lage klokker. Frik Hougen legg vekt på at Holstein-mennene stimulerte leseinteressa, da dei kom med «itte saa reint få bøk».[2] Somme stader, t.d. i Tresfjord i Romsdalen, heiter det i den lokale tradisjonen at dei fyrste potetene i bygda kom med Holstein-karane.[3]

Utgiftene til utkommanderinga og opprustninga var grunngjevinga bak ekstraskatten 1762. Dette pålegget førde til omfattande skattenektaraksjonar og oppreister fleire stader i landet, særleg i Hordaland (Strilekrigen), i Romsdalen og på Nordmøre.

Holstein som stadnamn i Noreg

Mal:Thumb høyreFleire stader på Austlandet vart det rydda småbruk og husmannsplassar som fekk namnet Holstein. Fleire av desse vart bygd opp på slutten av 1700-talet, altså stutt tid etter at vaktoppdraget i Holstein vart avslutta. Det er difor svært sannsynleg at namnegjevarane har vore inspirerte av hendingane i det dansk-tyske landskapet. Slike oppkallingsnamn er ganske vanlege, men det er ikkje støtt det konkrete grunnlaget for namnegjevinga er like lett å sjå som i dømet Holstein. Namnegranskaren Margit Harsson meiner jamvel at somme Holstein-plassar kan ha vore rydda eller busette av Holstein-karar.[4] Under er det ei liste over Holstein-stader i Aust-Noreg:

Referansar

  1. Kiærland 1961.
  2. Hougen 1935, s. 297.
  3. Skeidsvoll 1959.
  4. Harsson 2001, s. 29, 194 og 264.

Kjelder og litteratur