Holstein

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2012 kl. 11:25 av Kallrustad (samtale | bidrag) (legger til flere Holstein-plasser)
Hopp til navigering Hopp til søk

Holstein er eit område i Nord-Tyskland, i det som i dag er delstaten Schleswig-Holstein. Området er kjent i Noreg særleg i samband med den betydeleg utkommanderinga dit av norske soldatar til vakthald på det som den gongen var den danske sørgrensa under sjuårskrigen (også kalla den prøyssiske sjuårskrigen) i åra 1758-1762 (1763). Danmark-Noreg var nøytrale i krigen, men kongen og regjeringa i København fann det altså nødvendig å mobilisere betydeleg troppestyrkar til grensevakthald.

I mai 1758 gjekk det ut kongeleg ordre til øvstkommanderande for den norske hæren om at desse avdleingane skulle settast opp opp og overførast til grensa:

  • 4 eskadronar dragonar
  • begge dei gevorbne (verva) infanteriregimenta som hæren hadde
  • ein linjebataljon (halvparten) av det første og andre Akershusiske og første og andre Oplandske nasjonale infanteriregiment

Nedovertransporten skjedde i løpet av sommaren 1758, ogi august var i alt 7332 mann av dei norske avdelingane på plass. Etter kvart var òg styrkar frå andre avdelingar utkommanderte, m.a. også matrosar til flåten.

Det var ikkje berre soldatar som vart sendt. Kvart dragonkompani fekk ordre om å ta med konene til tre og kvart infanterikompani fire av soldatane. Desse skulle hjelpe til med matlaging, reparasjon og vask av kleda til soldatane og stell under sjukdom.

Det kom ikkje til ordinære krigshandlingar under den perioden dei betydelege norske troppestyrkane stod i Holstein, men sjukdom tok livet av mange norske soldatar. Av dei totalt ca 12.000 utkommanderte frå norske hæravdelingar er det rekna ut (Kiærland) at ca 3000 døydde der nede, altså 25 %.

Vaktoppdraget i Holstein vart formelt avslutta hausten 1762, men dei siste avdelingane var ikkje heime i Noreg att før ut på våren 1763. I mange bygder er det nedskrive minne om desse «Holstein-karane», m.a. i Trysil, Hallingdal og Gudbrandsdalen. Ivar Kleiven nemner desse karane i bygdebøkene han skreiv om Vågå, Østre og Vestre Gausdal og Lesja. Han peiker på at fleire av dei hadde nyttig fagkunnskap med seg heim att, m.a. om korleis dei kunne lage klokker.

Holstein som stadnamn i Noreg

Fleire stader på Austlandet vart det rydda småbruk og husmannsplassar som fekk namnet Holstein. Fleire av desse vart bygd opp på slutten av 1700-talet, da minnet om vaktoppdraget i Holstein framleis var ferskt. Under er det ei liste over Holstein-stader i Noreg:

Kjelder og litteratur