Holstein

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 31. jan. 2013 kl. 13:30 av Aslak Kittelsen (samtale | bidrag) (utvida litt - meir kjem!)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyreHolstein er eit område i Nord-Tyskland, i det som i dag er delstaten Schleswig-Holstein. Området er kjent i Noreg særleg i samband med den betydeleg utkommanderinga dit av norske soldatar til vakthald på det som den gongen var den danske sørgrensa under sjuårskrigen (også kalla den prøyssiske sjuårskrigen) i åra 1758-1762 (1763). Danmark-Noreg var nøytrale i krigen, men kongen og regjeringa i København fann det altså nødvendig å mobilisere betydeleg troppestyrkar til grensevakthald. Området er også kjend som opphavsområde for fleire norske slektar. Holstein og Slesvig til saman kallast ofte berre Hertugdøma.

Grensevakthaldet

Mal:Thumb høyre I mai 1758 gjekk det ut kongeleg ordre til øvstkommanderande for den norske hæren om at desse avdelingane skulle settast opp opp og overførast til grensa:

Nedovertransporten skjedde i løpet av sommaren 1758, og i august var i alt 7332 mann av dei norske avdelingane på plass. Etter kvart var òg styrkar frå andre avdelingar utkommanderte, m.a. også matrosar til flåten.

Det var ikkje berre soldatar som vart sendt. Kvart dragonkompani fekk ordre om å ta med konene til tre og kvart infanterikompani fire av soldatane. Desse skulle hjelpe til med matlaging, reparasjon og vask av kleda til soldatane og stell under sjukdom.

Det kom ikkje til ordinære krigshandlingar under den perioden dei betydelege norske troppestyrkane stod i Holstein, men sjukdom tok livet av mange norske soldatar. Av dei totalt ca 12.000 utkommanderte frå norske hæravdelingar er det rekna ut at ca 3000 døydde der nede, altså 25 %.[1]

Verknader

Vaktoppdraget i Holstein vart formelt avslutta hausten 1762, men dei siste avdelingane var ikkje heime i Noreg att før ut på våren 1763. I mange bygder er det nedskrive minne om desse «Holstein-karane», m.a. i Trysil, Hallingdal og Gudbrandsdalen. Ivar Kleiven nemner desse karane i bygdebøkene han skreiv om Vågå, Østre og Vestre Gausdal og Lesja. Han peiker på at fleire av dei hadde nyttig fagkunnskap med seg heim att, m.a. om korleis dei kunne lage klokker. Frik Hougen legg vekt på at Holstein-mennene stimulerte leseinteressa, da dei kom med «itte saa reint få bøk».[2] Somme stader, t.d. i Tresfjord i Romsdalen, heiter det i den lokale tradisjonen at dei fyrste potetene i bygda kom med Holstein-karane.[3]

Utgiftene til utkommanderinga og opprustninga var grunngjevinga bak ekstraskatten 1762. Dette pålegget førde til omfattande skattenektaraksjonar og oppreister fleire stader i landet, særleg i Hordaland (Strilekrigen), i Romsdalen og på Nordmøre.

Holstein som stadnamn i Noreg

Mal:Thumb høyreFleire stader på Austlandet vart det rydda småbruk og husmannsplassar som fekk namnet Holstein. Fleire av desse vart bygd opp på slutten av 1700-talet, altså stutt tid etter at vaktoppdraget i Holstein vart avslutta. Det er difor svært sannsynleg at namnegjevarane har vore inspirerte av hendingane i det dansk-tyske landskapet. Slike oppkallingsnamn er ganske vanlege, men det er ikkje støtt det konkrete grunnlaget for namnegjevinga er like lett å sjå som i dømet Holstein. Namnegranskaren Margit Harsson meiner jamvel at somme Holstein-plassar kan ha vore rydda eller busette av Holstein-karar.[4] Under er det ei liste over Holstein-stader i Aust-Noreg:

Referansar

  1. Kiærland 1961.
  2. Hougen 1935, s. 297.
  3. Skeidsvoll 1959.
  4. Harsson 2001, s. 29, 194 og 264.

Kjelder og litteratur