Hornindalens friskole

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. nov. 2022 kl. 13:26 av Kallrustad (samtale | bidrag) (kategorirydding)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hornindalens friskole var ein privat friskule og folkehøgskule som var i drift i Hornindal i Sogn og Fjordane frå 1887 til 1890.

Bakgrunn

Skulen vart skipa etter ein strid med sterke politiske overtonar om ei lærar- og klokkartilsetjing i bygda. Etter at lærar, kyrkjesongar og stortingsmann Knut Kirkhorn døydde våren 1885, samla mange av innbyggjarane seg bak kandidaturet til den politisk radikale Kristian Loen, som òg vart innstilt av skulekommisjonen. Jobben gjekk likevel til sunnmøringen Ivar Hole som hadde støtte frå sokneprest Johan Christian Bruun Schaanning.

Hole døydde etter eit halvt år, men Loen fekk ikkje klokkar- og lærarposten no gongen heller, mellom anna etter motstand frå lærarstanden i distriktet. Jobben gjekk i 1886 til Edvard J. Liljedal frå Luster i Sogn, som politisk var meir moderat enn Hole.

Skiping og drift

Liljedal var på plass i Hornindal nyttårsdagen 1887, og i kyrkjelyden kom planane om ein friskule opp. Loen fekk tilbod om jobben, men takka nei på grunn av sjukdom og familiære omsyn. Etter utlysing i fleire aviser vart den 35-årige seminaristen og Venstre-politikaren Haakon Aasvejen frå Stjørdal tilsett.

Skulen kom i gang 5. september 1887 i leigd husrom hjå Otto Knudsen Grodås på Sanden. Fyrste året gjekk i alt 45 elevar i alderen 8-15 år på skulen. Styret for skulen sette i januar 1888 òg i gang ein folkehøgskule for konfirmert ungdom.

Som lærar hadde styraren Haakon Aasvejen med seg den seinare svært sentrale målmannen og redaktøren Rasmus Steinsvik og Johannes Aashamar. Aashamar var jordbrukskandidat frå Ås og ein føregangsmann for moderne jordbruk. Handarbeidslærar var Synnøve Skaarhaug som seinare vart kona til Aasvejen.

Nedlegging

Økonomien var heile tida eit problem, og skulen hadde ei gjeld på over 500 kr i 1890. Han måtte basere seg på eigenbetaling, og det lukkast ikkje å få støtte frå amtstinget til ungdomsskulen for dei konfirmerte. Haakon Aasvejen og Synnøve Skaarhaug hadde gift seg sommaren 1890, og den låge inntekta var truleg avgjerande for at Aasvejen søkte seg til amtsskulen i Aust-Agder. Han tok 21. september 1890 avskil med hornindølene, som heldt ein stor fest for han. Aashamar forlet snart òg skulen.

Styret for skulen prøvde å drive vidare, og då Aasvejen slutta, kunngjorde styret at dei framleis tok mot innmeldingar til skulen og gjorde freistnader på å få tak i ein dugleg lærar. Det lukkast ikkje å halde fram drifta, og siste møtet i det private skulestyret vart halde 19. april 1891.

Striden mellom Aasvejen og Krogh

Skipinga av privatskulen var eit resultat av kløyvinga i bygda, og denne kløyvinga vart forsterka av ein strid mellom Aasvejen og den unge soknepresten Fredrik Riis Krogh, båe frå Trøndelag. Krogh hadde teke over prestekallet som 32-åring våren 1887 på den tida friskulen vart skipa. Krogh var sjølv skulemann og hadde i sju år før han kom til Hornindal vore styrar for amtsskulen i Sør-Trøndelag.

I desember 1889 vart Aasvejen vald til formann i skulestyret, noko som var mogleg fordi den nye folkeskulelova (1889) ikkje slo fast at presten var sjølvskriven formann. Krogh reagerte sterkt på formannsvalet og kom med sterke åtak på Aasvejen på fleire møte og i avisene.

Aasvejen var grundtvigianar, ei retning som Krogh meinte "led af flere betænkelige Skjævheder" og ikkje la nok vekt på det heilage gudsordet. Aasvejen hadde uttala seg kritisk til tvungen lekselesing, han hadde orda "Oplysning og Fremskridt" på kateteret utan at kristendomen var nemnd, og han hadde eit bilete av Bjørnstjerne Bjørnson på veggen i skulestova, ein mann som Krogh meinte var ein "ligefrem Fiende af Kristendommen". Rekkja av klagemål var endå lenger, og Kroghs konklusjon var at "Aasvejen er en falsk Profet". Han oppmoda foreldra som hadde born i friskulen om at dei "opsiger Aasvejen" snarast mogleg og legg ned skulen.

Venstreavisa Dagbladet gav rikeleg spalteplass til konflikten, som enda med at Krogh i april 1890 offentleg måtte orsake uttrykka han hadde nytta mot Aasvejen. Striden skal òg ha vore oppe i departementet.

Målsaka

Aasvejen var målmann, og friskulen er framheva som ei "ryggrad i målarbeidet" i Nordfjord. Det er uvisst om elevane fekk opplæring i landsmål, men lærarane nytta nok høvet til å agitere for målsaka.

Lærarar og elevar ved skulen

Styrar 1887-90: Haakon Aasvejen

Lærarar (i periodar):

Elevar:

Arkiv

SFF-92027 - Hornindalens friskoleArkivportalen

Kjelder og litteratur

  • Nordenfjeldske Tidende, 18.10.1890 (som refererer Firda og Sygnafylkets Avis sitt oppslag om av Aasvejen sluttar)
  • Aasvejen, Haakon, og Rasmus Stauri. (1914). Ungdomsskulen i Norge i 50 aar 1864-1914. Kristiania: Kyrkjedepartementet, s. 12-13. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Øvre-Eide, Bergljot. (1963). Noko om striden kring Aasvejens Folkehøgskule 1887-1890 i Hornindal. Årbok for Nordfjord, s. 83-85.
  • Lothe, Anders A. (1950). Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Florø: Firda lærarlag m.fl., s. 244-247 (Digital utgåve, NBdigital)
  • Per Olav Bøyum: «Hornindalens Friskole», Kulturhistorisk leksikon - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.