Hornnes jernbanebru

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Hornnes jernbanebru
Foto: Geir Daasvatn

Hornnes jernbanebru er ei bru over Otra rett før elva renn ut i Breiflå i Evje og Hornnes kommune lengst sør i Setesdal. Brua vart bygd i 1895-1896 før opninga av Setesdalsbanen i 1896. Ho er 140 meter lang og oppført i stålkonstruksjon som kviler på seks brukar av lokal gneis. Steinen er fint tilhoggen av tilreisande rallarar, etter det som vert sagt mykje svenskar. Ein steinhoggar Johanson, som også vart kalla Bergman, skal ha leia arbeidet.

Setesdalsbanen blei lagt ned i 1962. Brua blei i 1969 bygd om til gang- og sykkelbru mellom Hornnes og Evjemoen/Bjoråvika. Ombygginga vart gjort av eit britisk ingeniørkompani som var på vitjing på Evjemoen, 29th Field Squadron RE.

I samband med hundreårsjubilèet for Setesdalsbanen i 1996 byrja Evje og Hornnes kommune å planlegge naudsynt restaurering av brua. Eit storstilt restaureringsarbeid blei utført i 1999. Dette var eit samarbeidsprosjekt mellom kommunen, fylkeskommunen, det britiske ingeniørkompaniet frå 1969 (som også nå gjorde arbeidet) og private bedrifter.

Brua er eit mykje vakkert syn. I kulturminneåret 1997 blei ho vald ut til å vere kommunen sitt spesielle kulturminne. Ho er også verna i Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen, og i planen gitt spesiell høg verneverdi.

Kjelder

Koordinater: 58.55679° N 7.78051° Ø