Hoskuld Hoskuldsson

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hoskuld Hoskuldsson (fødd i 1460-åra, død 1537/1538) var den siste katolske biskopen av Stavanger. Han satt i dette embetet frå 1513 til reformasjonen i 1537, og var òg medlem av riksrådet.

Vi veit lite om livet hans før han vart utnemnd til biskop. Nokre språkmerke i dokument han skreiv peikar mot Ryfylke, og ein trur han kan ha vore frå ein lavadeleg ætt i det området. Han var utdanna i Rostock, der han tok ein magistergrad. Då han vart utnemnd til biskop var han erkedegn i Stavanger.

Tidleg i embetstida kom han opp i ein alvorleg strid med abbeden i Utstein kloster. I 1515 hadde det gått så langt at abbed Henrik av Utstein klaga til Christian II. Mellom anna hadde han vorte teke med til Stavanger og sett i jern i eit fangetårn. Bakgrunnen skal ha vore at Hosluld skulda han for kjetteri. Ei kvinne knytt til Utstein vart òg teke med og utsett for tortur, og skal ha sagt usanne ting om seg sjølv og Henrik for å få stopp på det. Ho vart så sendt til Sverige. Det fall ein dom i saken, men vi veit ikkje korleis det endte.

Som riksråd var han mellom anna med på møtet i Bergen i 1524 der riksrådet sa opp truskapen til Christian II. Då striden med Christian II blussa opp i 1529 bad Eske Bille om støtte frå biskop Hoskuld, men det fekk han ikkje. Han skreiv til Bille at han ikkje måtte tolerere den lutherske læra. Hoskuld ville ikkje gå klårt inn på ei side i striden. Då Christian II vart sett i fangenskap i 1532 fekk dei som hadde støtta han problem, men heller ikkje dei som hadde vore nøytrale kom godt frå det. Då Christian III vart hylla som konge av Noreg i 1536 var ikkje Hoskuld med i riksrådet, sjølv om han som biskop framleis var medlem.

Det er uvisst kva som hende i 1537, ut over at Hoskuld måtte gå av som biskop og døydde kort tid seinare. Arild Huitfeldt (1546–1609) skreiv i 1595 at Truid Ulfstand hadde teke Hoskuld til fange og ført han til København. I ein rettssak i 1607 vart det sagt at Tord Rodt hadde teke biskopen til fange. Peder Claussøn Friis skreiv på 1600-talet at han vart teken til fange saman med andre biskoper, og døydde i Bergen. I nyare litteratur ser dei fleste ut til å halde ein knapp på at han døydde i Bergen, og ikkje i København.

Litteratur og kjelder