Hulda Garborg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Portrett av Hulda Garborg
Foto: Gustav Borgen/Nasjonalbiblioteket
Bunad etter Hulda Garborg på Labråten i Asker.
Foto: Olve Utne (2007).

Karen Hulda Garborg (fødd 22. februar 1862Stange, død 5. november 1934 i Asker) var forfattar, folkeopplysar og samfunnsdebattant. Ho var ein av dei viktigaste frontfigurane innan norskdomsrørsla frå 1880-åra fram til sin død, i glanstida for den kulturelle venstrenasjonalismen. Ho gav ut mellom 40 og 50 bøker, av dette mest romanar og skodespel. Mange av dei provoserte og vekte sterk debatt, spesielt dei som dreia seg om emne relaterte til feminisme og kjønnsliv. Mest kjend er ho truleg for arbeidet sitt med bunader og folkeviseleik, og ikkje minst for å ha vore ei hovuddrivkraft i skipinga av Det Norske Teatret i Kristiania. På byrjinga av 1900-talet var ho ein av hovudpersonane i eit tett miljø av framståande «norskdomsstrategar» på Hvalstad i Asker, den såkalla Askerkretsen.

Hulda Garborg har vore kalla ein nasjonal strateg og kulturentreprenør, kulturnasjonalistisk ideolog og institusjonsbyggar. Ho vart spesielt tonegjevande for det norske i klesdrakt, folkedans, matvanar og andre kulturelle ovringar. Ho tok avstand frå kvinnesaksrørsla i samtida, men kan like fullt reknast som ein feministisk pioner, ikkje minst kva gjeld likestilling mellom mann og kvinne på kjønnslivets område.

Familie og oppvekst

Såstad søndre på Stange var Hulda Garborgs fødestad.

Ho var dotter av overrettssakførar Christian Frederik Bergersen (1829–1873) og Marie Petrine Olsen (1835–1888), og vart fødd på garden Såstad søndre i Stange på Hedmarken. Faren var velståande, men hadde alkoholproblem og kunne vere valdeleg i familien. Han fekk barn med ei av tenestejentene på garden.[1] Foreldra blei skilde då Hulda var eitt år gammal. Mora hadde med seg Hulda og flytta på hybel på Hamar, og prøvde å livnære seg og Hulda ved å ta på seg saum. Dei to eldre søstrene til Hulda, Martha Elida og Sofie Wilhelmine, blei inntil vidare buande hjå faren. Sofie emigrerte til USA i 1883. I folketeljinga 1865 finn vi mora og Hulda i ein bustad i 23. kvartal på Hamar. Faren gjekk fallitt, og måtte selje garden i 1870.

I Hamar gjekk Hulda på Gløersens Pigeskole, der ein av lærarane blei ei viktig inspirasjonskjelde for henne. Denne skulen på barnetrinnet var den einaste formelle utdanninga Hulda fekk. Da ho var ferdig med skulen, 13 år gammal, flytta ho og mora til Kristiania.

I radikale kretsar i Kristiania

I 1879 fekk Hulda stilling som butikkjomfru i firmaet Brødrene Dobloug. Mikkel Dobloug, som kom frå Furnes og kjende til familien Bergersen frå før, var ivrig venstremann. Han gjorde sitt til å påverke den unge jenta ideologisk i den retning.[2] Hulda byrja å vanke i det intellektuelle miljøet i Kristiania Arbeidersamfund saman med andre unge kvinner. Hausten 1885 byrja ho på ein målskule som Ivar Mortensson-Egnund hadde i lokalet til Fedraheimen, avisa som Arne Garborg hadde starta opp i 1877. Ho blei kjent med Garborg, og også med Lars Liestøl, Andreas Hølaas og Moltke Moe. Ho byrja å skrive i avisene, særleg i Verdens Gang, og hadde ei tid fast løn der.

I folketeljinga 1885 finn vi Hulda Bergersen og mora i Thorvald Meyers gate 64. Mora er då oppført som enkje.

Ekteskap og heim på Kolbotn 1887-1897

Hulda og Arne garborgs heim Kolbotn i Tynset.
Foto: Kaitil (Wikimedia Commons)

Hulda Bergersen og Arne Garborg fann tonen, og i 1887 blei dei borgarleg gifte. Dei flytta til huset Kolbotn ved Savalen i Tynset kommune (på grensa mot Alvdal), der dei fekk sonen Arne Olaus Fjørtoft Garborg (Tuften) året etter. Familien budde på Kolbotn i ni år, og Hulda Garborg fortalde seinare mange historier om denne tida. Ho lærte tradisjonelt matstell av bondekvinner i grenda, og formidla dette vidare gjennom artiklar i Den 17de Mai. Desse artiklane blei seinare samla i boka Heimestell.

På Labråten frå 1897. Askerkretsen

Labråten på Hvalstad i Asker. Familien Garborg flytta inn her i 1897, og heimen vart sentrum for den såkalla Askerkretsen av forfattarar og andre kulturarbeidarar innan norskdomsrørsla.
Foto: Olve Utne 2007.
Peiskroken på storstua i Hulda og Arne Garborg sitt hus på Labråten.
Foto: Olve Utne 2007.

Familien Garborg flytta frå Kolbotn i 1896, og budde eit års tid i eit leigd husvære på ein gard i Stokke, Vestfold. I 1897 slo dei seg ned på Hvalstad i Asker, der dei budde i sjølveigd hus på Labråten. Vi finn paret og sonen der i folketeljingane for 1900 og 1910.

Effektiv og praktisk som ho var, blei Hulda Garborg eit stødig og moderleg midtpunkt i den såkalla Askerkretsen rundt heimen til Hulda og Arne Garborg. Askerkretsen omfatta dei mest sentrale personane bak store norskdomstiltak som avisa Den 17de Mai, Norsk Barneblad, Det Norske Teatret og ei lang rad omsetjingar til landsmål av dei fremste verka i verdslitteraturen: Bibelen, Homer, Goethe, Dante, det indiske Ramayana m.fl., og dessutan ei lang rekkje bøker frå underhaldningslitteraturen som Conan Doyle, Jules Verne og Alexandre Dumas. Kjernen i Askerkretsen var personlegdomar som i kortare eller lengre tid budde saman med Garborgs på Labråten eller like i nærleiken: Rasmus og Marta Steinsvik, Ivar og Karen Mortensson-Egnund, Rasmus Løland, Otto og Tilla Valstad, Kristoffer Uppdal, Olav Nygard og Henrik Rytter. I ein meir ytre krets, og ikkje nødvendingsvis sterkt knytta til norskdomsstrevet, fann ein mellom andre Harriet Backer, Kitty Kielland, Fernanda Nissen, Sophie Werenskiold, Erik Lie og Gustav og Kitty Wentzel.

Forfattarskap og teaterverksemd

Frå mannen og frå Amalie Skram fekk Hulda Garborg inspirasjon og oppmuntring til å skrive skjønnlitteratur. Debutromanen Et frit forhold kom ut anonymt i Bergen i 1892; seinare romaner ga ho med få unntak ut under eige namn. Ho skreiv ei stor mengd artiklar i blad og avisar som Syn og Segn, Edda, Samtiden, Den 17de Mai, Dagbladet, Verdens Gang og fleire andre. Ofte fekk ho sterk kritikk frå mannlege forfattarar, ofte i usaklege ordelag. I stridane fekk ho støtte særleg frå mannen, Amalie Skram, Fernanda Nissen og Harriet Backer. Ikkje minst vart Hulda Garborg kjend for sine mange skodespel.

Ho var den kvinnelege norske forfattar som fekk flest skodespel oppført i den mannsdominerte tida ho verka i. Farsen Rationelt Fjøsstell hadde urpremiere på Christiania Theater i 1897, og blei seinare oppført på nytt og på nytt, både profesjonelt og ikkje minst av amatørteatergrupper i ungdomslaga på bygdene over heile landet. Blant dei beste skodespela hennar reknar ein elles gjerne Liti Kersti og Edderkoppen.

Det aller meste av sin litterære produksjon skreiv Hulda Garborg på bokmål. Men målsaka var alltid viktig for henne. Ho gjekk tidleg inn for å opprette eit landsmålsteater. I kjølvatnet av Den norske marknaden i 1898 i Kristiania, ei storhending for markering av landsmålskulturen, blei det skipa eit fyrste «spellag» for framføring av skodespel på nynorsk. Hulda Garborg stod for det formelle skipingsmøtet for Det Norske Spellaget 3. mars 1899. Ho sat sjølv i styret saman med Rasmus Løland, Otto Valstad og Magnus Hydle, med sistnemnde som formann. Etter litt verksemd sentrert rundt Asker-kretsen, låg spellaget i dvale i mange år, før det blei gjennoppliva i 1910. Det Norske Spellaget, der Hulda Garborg nå var både leiar, instruktør og skodespelar, gjennomførte nå fleire segnomsuste teaterturnear over det meste av landet. Dette blei den direkte forløparen til Det Norske Teatret, skipa i 1912, der Hulda Garborg var den fyrste styreleiaren.

Folkedans, bunad og sunt norsk kosthald

Under arbeidet i spellaget såg Hulda Garborg at folkedansen var i ferd med å forsvinne. I 1902 reiste ho til Færøyane for å studere færøydans, ei form for ringdans, og etterpå starta ho «leikarringar» fleire stader i Noreg. Instruksjonane hennar blei utgjevne av Noregs Ungdomslag i heftet Norske folkevisor, Song-Dansen i Nord-Landi og fleire publikasjonar. Arbeidet på dette feltet har tradisjonelt vore framstilt som, med Olav Midttuns ord, «baade aa føra heim Færøy-dansen og nyskapa ein norsk folkeviseleik».[3] Kor vidt dette dreiar seg om å hente heim att noko opphavleg norsk, er eit empirisk spørsmål innan folkloristikken som kan diskuterast, men det har i alle høve hatt stor ideologisk betydning for norskdomsrørsla. Også nyare forfattarar uttrykkjer seg i tilsvarande vendingar om Hulda Garborgs arbeid med folkeviseleiken. Ottar Grepstad uttrykkjer seg om lag som Midttun: «Ho henta heim att songdansen frå Færøyane»,[4] og Alfred Fidjestøl framheld at i Askerkretsen «blei den norske bunads- og folkedanstradisjonen gjenoppliva».[5]

Det var Hulda Garborg som i boka Norsk Klædebunad (Fraa ymse bygdir) frå 1903 lanserte omgrepet «bunad» for dei nasjonale festdraktene som tok utgangspunkt i tradisjonelle folkedrakter. Ho rekonstruerte i betydeleg grad slike festdrakter sjølv. Mellom anna skapte ho «Hulda-drakta» ved ein omsydd versjon av ein tradisjonell stakk frå Gol i Hallingdal. Hulda Garborg både inspirerte og instruerte andre til å ta i bruk bunader, mellom anna ved instruksjonsbøker og uteljande kurs i frilynte ungdomslag og andre stader. Skiljet mellom rekonstruerte «bunader» og genuine «folkedrakter» slik det blei aktualisert ved Hulda Garborgs verksemd, har i ettertid vorte avklara særleg av konservator Aagot Noss.

Allereie i 1899 hadde Hulda Garborg gjeve ut handboka Heimestell, basert på ei fast spalte ho hadde hatt i Den 17de mai. Det var ei kokebok (den fyrste på nynorsk), men også ei lærebok i hygiene og sunt og rett husstell i det store og heile. Arbeidet var nasjonalt motivert, og samstundes sterkt påverka av impulsar frå reisene i Tyskland og den Lebensreform-rørsla ho kom i nær kontakt med der.[6] Ho gjekk inn for meir plantekost, åtvara mot overdriven bruk av medisin og agiterte for frisk luft, vatn og sol.

I 1913 tok ho på seg å skrive ei fast spalte under overskrifta «Heimen» i norskdomsbladet For Bygd og By. Der skreiv ho praktisk og ideologisk om både bunader og annan husflid, om songdans og husstell. På same tid vart ho rådgjevar for Anna Johannessen, som saman med mannen, kunstmålaren Aksel Waldemar Johannessen, hadde starta ei husflidsverksemd i Kristiania. Dei kalla verksemda opp att etter Hulda Garborgs spalte, og forretninga Heimen eksisterer den dag i dag (2015).

Handbøkene hennar på alle desse felta kom i fleire utgåver, den siste, National kost, kom i 1925.

Hulda Garborgs innsats når det gjeld denne typen kulturell fornorsking, har vore ulikt vurdert i ulike miljø til ulike tider. Alfred Fidjestøl konkluderer om dette i boka si om Askerkretsen på følgjande vis:

«Hulda Garborg blei ein sjølvutnemnd danse- og bunadsekspert, like suverent som ho var blitt matmor og teaterinstruktør. Folk som ville skaffe seg bunader og folkedrakter, skriv til henne og bad om råd. Like eins snikkarar som fekk bestillingar på "norske" møblar. Hulda Garborg svarte og forklarte og tipsa og synsa. I botnen låg ein sjølvtillit som grensa mot kritikkløyse, og ei elitistisk oppfatning om at nokon måtte ta ansvar for å oppdra og rettleie folket.»[7]

Internasjonal orientering

Hulda Garborg var godt internasjonalt orientert. Det nasjonalistiske livsprosjektet stod ikkje i motsetnad til dette, men verka heller motiverande. Som mannen Arne Garborg hadde ho særs godt kjennskap til europeisk, særleg tysk, åndsliv. Mellom anna hadde ho eit langt og nært vennskap med den naturalistiske dramatikaren og romanforfattaren Gerhart Hauptmann, og særleg hans kone Marie.

Hulda Garborg hadde fleire lengre utanlandsopphald. Vinteren 1889-1890 budde ho i og rundt München. Derifrå tok ho på reise til Italia (1890), og budde vinteren 1890-1891 igjen i Tyskland, denne gongen Berlin. Året etter vart det igjen Italia-opphald over vinteren. Midt på 1890-talet gjennomførte ho språkstudiar i Frankrike (Paris og Marlotte).

I 1902 hadde ho eit opphald på Færøyane og året etter på Island, båe stader for å studere folkedans og drakttradisjonar.

I 1913 var ho tre månader på studietur og foredragsturne i USA. I Fergus Falls i Minnesota avduka ho ein bauta til minne om Ivar Aasen. Ho vart også sterkt oppteken av indianarane si stilling i Amerika. Det siste gjorde seg utslag mellom anna i dramaet Den store Freden (1919), som handlar om irokesarhovdingen Hiawatha da han samla fem stammar til fredeleg samarbeid. Det er også eit hyllingsdrama til «naturfolk», deira livsstil, dikting og songkunst, noko som fell godt saman med Hulda Garborgs vidare skepsis til den moderne, industrialiserte sivilisasjonen (sjå nedanfor).

Både den internasjonale orienteringa og kritikken og skepsisen til retninga i den vestlege sivilisasjonen, ovrar seg også i Hulda Garborgs interesse for austleg religion. I dramaet Under Bôdhitræet frå 1911 freistar ho å målbere visdomsinnhaldet i den indiske veda-diktinga.

I 1920 var ho igjen på reise i Tyskland og Frankrike. Ho reiste saman med venninna Fernanda Nissen, som døydde undervegs.

Ideologi

Hulda Garborgs ideologi kan beskrivast som ein fusjon av nasjonalisme, anarkisme, feminisme og kroppsdyrking. Nasjonalismen i hennar miljø var ein fridoms- og demokratiseringskamp med bonde- og bygdesentrert anarkistisk tilsnitt. Men det som gav Hulda Garborgs ideologi eit særpreg i høve til dette, blir av Arnhild Skre oppsummert som følgjer: «Hos Hulda Garborg tydelegare enn hos dei fleste, gjekk norskdomstankane saman med Nietzches vitalisme og den franske filosofen Rousseaus idé om det naturnære mennesket. […] Rousseaus filosofi var tankegods frå romantikken, men Hulda Garborg førte idéane over i ein brei og hardstlåande samtidskritikk med motstand mot industriutvikling, bykonsentrasjon, byråkratisering og kapitalisme.»[8] Skre kallar Hulda Garborg også for den «sensuelle» nasjonale strategen. Meir enn for målform og politikk interesserte ho seg for dei sansbare sidene av det ekte norske. «Medan kampen gjekk om grammatikken, appellerte Hulda Garborg til sansane, til syn, høyrsel, smak og kroppskjensle».[9]

Kulturnasjonalisme

Hulda Garborg i folkedrakt.
Foto: Ukjent / Nasjonalbiblioteket

Alt av Hulda Garborgs arbeid med det nynorske teateret, songdansen, bunadene og det sunne norske kosthaldet inngjekk i hennar kulturnasjonalistiske program. Denne kulturnasjonalismen bygde på idéen om at det finst noko som er særeige, ein kjerne eller ein essens, som karakteriserer eit bestemt folk (nasjon, etnisk gruppe), og at ein skal arbeide for å bevare, eventuelt å gjenopplive, styrke og utbreie i folket dei kulturelle fenomena som denne essensen ytrar seg i. «Den dristige tanken var at kulturlivet og høgkulturen i Noreg skulle skapast heilt ny, bygd på norsk tradisjonsgrunn og ikkje på den danske som ho og dei fleste andre i landet voks opp med og var prega av,» skriv Arnhild Skre om det ho skildrar som Hulda Garborgs «utopi».[10]

Sivilisasjonskritikk

Industrialisering, urbanisering og kapitalisme førte etter Hulda Garborgs meining mennesket bort frå det gode og naturlege liv. Rousseau vart den store inspirator i hennar sivilisasjonskritikk. I boka si om han framstiller ho filosofen som ein som «tilhørte Folket og gik om mellem Folket [som] satte sig hos Bønderne ude paa Markene og lærte dem at se det skjønne og store i Naturen og sit Arbeide.»[11]

Farene ved bylivet - det helseskadelege, fattigdomsskapande og det moralske forfallet -, framstilte Hulda Garborg skjønnlitterært mellom anna i Barn i by frå 1913. Hennar kapitalismekritikk kjem kanskje mest direkte fram i tendensromanen Hildring. Særleg var ho opprørt over at bønder måtte gå frå gard og grunn på grunn av spekulasjon. Som Arne Garborg var Hulda påverka av georgismen, dyrkinga av jorda var sjølve grunnlaget for samfunnets velferd.

Feminisme

Hulda Garborg var også oppteken av kvinnesak. Ho er blitt omtala som forskjellsfeminist, påverka mellom anna av den svenske feministen Ellen Key og hennar tankar kring «samfunnsmoderligheten».[12] Kvinnene skulle i sin kamp for likeverd ikkje adoptere maskuline verdiar og bli som menn. Det er grunn til å tru at hovudpersonen i Fru Evas dagbog (1905) er talerøyr for forfattaren når ho hevdar at kvinna meir enn mannen er driftsstyrt, og at dette er eit positivt trekk som må framdyrkast.[13] Ho sette husmoryrket og morskallet høgt, og skil seg der frå mange seinare feministar, men gjekk mellom anna i romanen Mann af Guds nåde til angrep på late mannfolk som ikkje gjorde eit slag i heimen. Ho svarte også, anonymt, på fordøminga av kvinner frå den austerrikske filosoden Weininger. I fleire romanar frå barndomsmiljøet på Hedmarken finn ein både kvinnesak og kapitalismekritikk; her er kvinna den naturlege forkjempar for ei ny og betre tid gjennom den moderne arbeidarrørsla, og mannen er den nedbrytande.

Politikk

I to periodar, samanhengande frå 1919 til 1925, var Hulda Garborg innvald i kommunestyret i Asker. Ho blei det første kvinnelege medlem av formannskapet der. Både i Arnhild Skres biografi og i Lars Thues bygdehistorie for Asker 1840-1980, står det at ho representerte Venstre, medan A.D.Østigaard i Norsk biografisk leksikon presiserer dette til Frisinnede Venstre. Det siste høver i tilfelle godt med at Hulda Garborg stod som underskrivar på Fedrelandslagets opprop i 1925, der mange framståande representantar for Frisinnede Venstre var drivande krefter. Ikkje så få i dette miljøet sympatiserte med fascistiske retningar i tida. Arnhild Skre konkluderer om Hulda Garborgs politiske grunnhaldning med særskilt omsyn på fascismen:

«[Den] nasjonalistiske sanselege begeistringa hennar, kan føra tankane til dei fscistiske rørslene som voks fram i mellomkrigstida. Hulda Garborg var omgjeven av menneske som gjekk i den leia og var sjølv nysgjerrig både på Mussolini og Quisling. Det som berga henne i det forvirrande ideologiske landskapet, var tre overtydingar: antiimperialismen, ikkjevaldstanken og friheitsidealet. Hulda var for kvart folks sjølstyre, ikkje for germansk herredømme og ekspansjon. Etter første verdskrigen avskydde ho opprusting og vald. Trass i ei elitistisk innstilling og svakheit for sterke menn som ordna opp, var ho også grunnleggjande sett demokratisk innstilt. Derfor støtta ikkje Hulda Garborg norsk mellomkrigsfascisme. Ho enda med å ta avstand frå han.»

St. Olav

I 1932 blei ho riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Hulda Garborg er gravlagd saman med mannen på KnudeheioJæren.

Ho har fått fleire veger oppkalla etter seg:

Bibliografi

Hulda Garborg i folkedrakt.
Foto: Eivind Enger
  • 1892: Et frit forhold, roman.
  • 1895: Mødre, skodespel.
  • 1896: Rationelt Fjøsstell, skodespel.
  • 1899: Hos Lindelands, skodespel.
  • 1899: Noahs Ark, skodespel
  • 1899: Heimestell, handbok, folkeopplysning.
  • 1900: Sovande sorg, skodespel.
  • 1902: Lidt om madstel paa landsbygden, handbok, folkeopplysning.
  • 1903: Fra Kolbotnen og andetsteds erindringar, essays.
  • 1903: Liti Kersti, skodespel.
  • 1903: Norske folkevisor.
  • 1903: Norsk klædebunad, handbok, folkeopplysning.
  • 1903: Song-Dansen i Nord-Landi.
  • 1904: Kvinden skabt af Manden, debattbok.
  • 1904: Edderkoppen, skodespel.
  • 1905: April (Vaar), skodespel.
  • 1905: Fru Evas Dagbog, roman.
  • 1906: Kongens Kone. Interiør fra Ludvig XIV's hoff, skodespel.
  • 1907: Matstell paa Landsbygdi, handbok, folkeopplysning.
  • 1908: Sigmund Bresteson, skodespel.
  • 1908: Mann av Guds Naade, roman.
  • 1909: Rousseau og hans Tanker i Nutiden.
  • 1910: Rousseau.
  • 1911: Under Bodhitræet. En drøm i fire billeder, skodespel.
  • 1912: Eli, roman.
  • 1913: Barn i by: smaa Billeder, noveller.
  • 1913: Norske dansevisur.
  • 1915: Mot Solen, roman.
  • 1915: Tyrihans, songspel.
  • 1916: Gaaden. Efter Præstedatteren Else Marie Lindes Optegnelser, roman.
  • 1917: Norsk Klædebunad.
  • 1919: Den store Freden, skodespel.
  • 1920: Mens dansen gaar, roman.
  • 1922: I huldreskog.
  • 1923: Naar heggen blomstrer, roman.
  • 1925: Grågubben, roman.
  • 1925: National kost.
  • 1927: Trollheimen, roman.
  • 1929: Helenes historie, roman.
  • 1930: Kornmoe. Vers og visor, dikt.
  • 1931: Hildring, roman.
  • 1934: Symra, dikt.
  • 1935: Barndomsminne.
  • 1962: Dagbok 1903–1914 (utval ved Karen Grude Koht og Rolv Thesen).

Kjelder og litteratur

Referansar

  1. Fidjestøl, A. 2014:33.
  2. Skre, A. 1911:49.
  3. Midttun, O. 1929:393.
  4. Grepstad, O. 2002:364, jf. også side 348.
  5. Fidjestøl, A. 2014:7.
  6. Fidjestøl, A. 29014:32.
  7. Fidjestøl, A. 2014:77.
  8. Skre, A. 2011:586-587.
  9. Skre, A. 2011:588, jf. også Fidjestøl, A. 2014:63.
  10. Skre, A. 2011:586.
  11. Her sitert frå Fidjestøl, A. 2014:134.
  12. Slagstad, R. 1998:420.
  13. Fidjestøl, A. 2014:86.