Hundorp

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Bautaen over Olav den heilage på Hundorp.
Foto: Øyvind Holmstad (2011).

Hundorp er ein tettstad og administrasjonssenteret i Sør-Fron kommune i Gudbrandsdalen. Det var 569 innbyggjarar der i 2018.

Namnet er henta frå garden som no er mest kjend som Dale-Gudbrands gard, etter han som Gudbrandsdalen har fått namn etter. Den var seinare sorenskrivargard og husa Gudbrandsdalens folkehøgskule, og i dag er det hotell og utstillingslokale der.

Sør-Fron kyrkje frå 1792 står på Hundorp. Det er fleire gravhaugar i området, og det er bautaer til minne om Olav den heilage, Dale-Gudbrand og Håkon Toresfostre. På Sør-Fron kyrkjegard merker ein seg særleg bautaen over Rasmus og Lise Stauri, styrarar ved Gudbrandsdal folkehøgskule.

Hundorp stasjon mista persontrafikken i 2001. Næraste stasjon med persontrafikk er Ringebu.

Litteratur og kjelder