Husøyna 41 (Fedje gnr 168 bnr 337)

Husøyna 41 er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

Husøyna 41
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 337
Adresse: Husøyna 41

1. Ove Villanger f. 1952 Grenda (gnr 168 bnr 158-1a), fiskar, lærar, mannskapssjef Buksér og Berging, g. 1977 m. Gerd Marie Bø f. 1956 Randaberg, Rogaland, hjelpepleiar. Skøyte 1984 på tomt frådelt gnr 168 bnr 258 og gnr 168 bnr 307 same året (bnr 258 vart frådelt gnr 168 bnr 25 i 1975, og bnr 307 frådelt gnr 168 bnr 15 i 1980). Dei sette opp hus her i 1985. Ove var ordførar (repr. Kristeleg Folkeparti) 1990-1991, varaordførar 1988-1989 og 1992-1995. Han var dirigent for Fedje musikkorps frå 1980 til 1989.

Born: a. Einar Villanger f. 1978, bustad Nygård (gnr 172 bnr 197-2). b. Robert Villanger f. 1981 d. 2015, bilmekanikar, bustad Randaberg. c. Bjarte Villanger f. 1983, bustad Svena (gnr 168 bnr 234-2). d. Henrik Villanger f. 1989, kranførar oljerigg, samb. 2017 m. Adele Gullaksen Mathisen f. 1995 Bergen, helsefagarbeidar, busette der (dotter av Anne Mette Gullaksen, sjå Kopper gnr 168 bnr 194-1b).


Fedje komm.svg Husøyna 41 (Fedje gnr 168 bnr 337) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Husøyna 32 (Fedje gnr 168 bnr 336) • Neste bolk: Husøyna 43 (Fedje gnr 168 bnr 338)