Husbondshold

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. des. 2019 kl. 01:47 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Husbondshold (husbondhold) er ei nemning som i leiglendingstida i Danmark og Noreg vart brukt om ulike avgifter frå bønder og husmenn til jorddrotten (jordherre, godseigar). Nemninga er opphavleg meint å indikere at avgiftsytaren anerkjente avgiftsmottakaren som sin husbond. Denne kjernetydinga speglar seg av i ein folkeleg, eldre talemåte «Å være under husbondhold» som er meint å uttrykkje at ein ikkje er sin eigen herre.

Husbondshold var mest brukt i Danmark, der jordeigedomssystemet var meir føydalt prega enn i Noreg.

Husbondshold i Danmark

Ein hovudvariant av avgifta i Danmark vart betalt av dei relativt få sjølveigarbøndene der til kongen ved brukar/eigarskifte. Jamvel om «selvejerbønderne» hadde tilnærma full eigedoms- og råderett over gardane sine, hevda altså kongen ein overeigedomsrett og dermed eit husbondsforhold overfor desse bøndene. Dei fleste danske bønder var festebønder (leiglendingar) som anerkjente godseigaren som husbond. Det forholdet var innbaka i lov-, kontrakt- og sedvanebundne avgifter, plikter og rettar i festeforholdet. Ikkje minst vart husbondsforholdet manifestert i det formulerte kravet om at festebonden skulle vere sin husbond «hørig og lydig». Slik sett vart husbondshold unødvendig for å stadfeste forholdet, og var ikkje vanleg brukt som pålegg på festebønder. Men under dei store landboreformene i Danmark frå 1780-åra og frametter, da ein stor del av leiglendingsbruka vart overdregne til brukarane til sjølveige eller arvefeste med rett til å selje og pantsetje jorda, betinga seljarane seg stundom husbondshold ved framtidige eigar/brukarskifte på desse bondegardane. Det vart altså ein parallell til det gamle kongelege kravet på husbondsstatus overfor dei «gamle» sjølveigarbøndene. Denne forma for husbondhold eksisterte til eit godt stykke inn på 1900-talet, til ei lov frå 1918 gav høve til å avløyse slike ytingar.

Ein eldre variant av husbondhold fanst i dei områda av Danmark som vornedskapet eksisterte frå 1400-talet fram til ca. 1700. Vornede bønder kunne ikkje flytte frå godset utan løyve frå godsherren. Når godsherren så gav sine bønder løyve til midlertidig i ta bustad utanfor godset, kunne husbondhold bli pålagt som anerkjenning av at den vornede framleis høyrde inn under godsherrens husbondsmakt.

Somme stader vart husbondshold pålagt husmenn, handverkarar og andre som tilhøyrde godset, men som ikkje var festebønder.

Husbondshold i Noreg

Den vanlegaste bruken av nemninga husbondshold i Noreg, synest å vere som ein dansk omsetjing av den gamle leiglendingsavgifta tredjeårstake (elles også kalla holding).

Frå grevskapet Larvik rundt år 1700 er det kjent ein bruk av omgrepet som betre tilsvarar det danske opphavet. Greven gav ein del av sine leigleningar løyve til å setje ned husmenn på gardane. Men greven påla da desse husmennene eit årleg husbondshold på 1-1,5 riksdalar, og den avgifta skulle ytast direkte til godsherren, ikkje til vedkomande gardbrukar.

Kjelder og litteratur

  • Rian, Øystein: Vestfold historie. Grevskapstiden 1671-1821. Vestfold fylkeskommune 1980.
  • Ordbog over det danske sprog, oppslag «Husbond-», 8. bind, København 1926/1966.
  • Salmonsens Konversationslksikon, oppslag «Husbondhold», bd. XI, København 1921.