Husmannsplassane i Lesja

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. jul. 2017 kl. 09:56 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb| Murane_plassen_Svee.jpg |Murane etter husmannsplassen Svee under under Sør-Hole i Lesja |Arnfinn Kjelland}} '''Husmannsplassane i Lesja''' er eit over...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Murane etter husmannsplassen Svee under under Sør-Hole i Lesja
Foto: Arnfinn Kjelland

Husmannsplassane i Lesja er eit oversyn over dei buplassane som er kartlagt og plassert i denne kategorien gjennom arbeidet med Bygdebok for Lesja i åra 1981–1996.

Framveksten

Framveksten av plassvesenet i Lesja er behandla i Kjelland 2004. Her er konklusjonen at det ikkje er råd å kople dei relativt få «husmenn» som er nemnde i kjeldematerialet før 1660-åra til husmannsplassar som er påviste etter den metoden som er brukt i bygdebokarbeidet.[1]

I Lesja er det i sokneprestmanntalet frå 1664 nemnt 20 «husmenn», men det er berre ein, Sønstebøbakken som er identifisert blant faktiske busette plassar på denne tida. I tillegg var to bruk som vart drive som plassar under Prestgarden, Gongstad og Klukkstad òg busette før 1660.[2]

Kring 1670 vart så Lesja jernverk etablert, og kring verket voks det etter kvart fram plassar brukt av folk som arbeidde på verket kombinert med drift av plassen. Mange av desse plassane var nok bygde på gamal kulturjord, gardar som hadde lege øyde i seinmellomalderen.

Referanse

  1. Kjelland 2004a gjer greie for ein «buplasshistorisk metode» side 94f.
  2. Kjelland 2004a: 96f.

Litteratur