Husmorvikarnemnda i Mo

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 11. jul. 2018 kl. 09:09 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (→‎Akriv)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Husmorvikarnemnda i Mo vart stifta i etterkrigstida som eit tiltak for å støtte husmora sitt arbeid i krisesituasjonar. Det vart gitt statstilskot til husmorvikarstillingar i norske kommunar sidan 1949, og blandt kommunane som fekk eit slikt tilskot var Mo. Husmorvikarnamnda skulle fungere som eit rådgjevande og sakkyndig organ i alle spørsmål om husmorvikaren si verksemd.

Bakgrunn

Husmorvikar var ei yrkesgruppe som erstatta husmora sitt arbeid i familiar i krisesituasjonar - særleg i bornefamiliar når husmora var sjuk. Norges Husmorforbund (i dag "Norges Kvinne- og Familieforbund") starta kurs for husmorvikarar i 1947, og i 1949 vart det innført eit statleg tilskot og utarbeida ein normalplan for verksemda. Ordninga med husmorvikarar nådde eit høgdepunkt midt i 1960-åra då omlag 50 000 familiar fekk hjelp årleg.

Etter kvart som det vart færre heiltidshusmødre og då sosiale ordningar som barnehagar, pappapermisjonar osv. vart bygd ut, vart husmorvikarordninga avvikla. I dag gir kommunane personlig hjelp i heimen gjennom den kommunale pleie- og omsorgstenesta.

Arkiv

Arkivet etter Husmorvikarnemnda i Mo er ordna ved Vest-Telemark Museum. Oversikta over arkivet finn ein på arkivportalen.

Kjelder

Hatland, Aksel. (2016, 2. desember). Husmorvikar. I Store norske leksikon. Hentet 2. januar 2017 fra https://snl.no/husmorvikar.