Illativ

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. jan. 2016 kl. 08:57 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Illativ er eit lokalt kasus som blir bruka i samiske språk. Illativ, som vi òg kunne kalle dit-kasus, blir bruka om tilstadsrørsle, og i tillegg om nokon ein gjev noko til eller om ein tilstand noko blir endra til. På sørsamisk er den typiske endinga -se i dei fleste orda og -an i ie-stammar, men dei nordligaste sørsamiske dialektane har òg illativsendinga -je. I pitesamisk, lulesamisk og nordsamisk er den typiske endinga -áj (pite- og lulesamisk ortografi) / -ái (nordsamisk ortografi).

Dei norske adverba hit og dit har illativisk funksjon.

Sjå òg