Indre Hafslo

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. nov. 2010 kl. 16:34 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Indre Hafslo''' er ei bygd og ein skulekrins i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Indre Hafslo ligg mellom Gaupne og (ytre) Hafslo og høyrde til Hafslo kommune fram …)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Indre Hafslo er ei bygd og ein skulekrins i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Indre Hafslo ligg mellom Gaupne og (ytre) Hafslo og høyrde til Hafslo kommune fram til kommunesamanslåinga i 1963. Bygda og skulekrinsen femner om Fet og Joranger sokn.

Marifjøra ved Gaupnefjorden høyrer til Indre Hafslo og har vore Hamn, handelsstad og tingstad for Indre Hafslo. Tinglaget utgjorde tidlegare eit eige skipreide med namnet Marifjøra.

Indre Hafslo vart på 17- og 1800-talet kløyvd i skulekrinsane Joranger, Fet, Ugulen, Mollandsmarki og Eikjastrondi. I etterkrigstida vart skulekrinsane slegne saman til Indre Hafslo med Livdtun skule på Kjørlaug som skulehus (bygt 1914). Skulen var i bruk til 2007 då nybygde Indre Hafslo skule vart teken i bruk.