Ingebjørg Kasin Sandsdalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. feb. 2016 kl. 23:29 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingebjørg og Halvor Sandsdalen budde på Øvre Sandsdalen i Seljord. Flyfotoet frå Widerøe synar både Øvre og Nedre Sandsdalen.
Foto: A. Holm (1958).

Ingebjørg Kasin Sandsdalen (født 6. september 1915 i Seljord, død 4. september 2003 same stad) var diktar og forfattar. Minnene frå ein oppvekst i Svartdal i Seljord skin igjennom i det meste ho skreiv. Ved sidan av forfattarskapet var ho gardskone på Øvre Sandsdalen.

Ho var dotter av gardbrukar Olav Kjetilsson Kasin (1886–1932) og Såve Folkvarsdotter Blika (1877–1941).

I 1938 gifta ho seg med diktar og gardbrukar Halvor J. Sandsdalen (1911–1998), og flytta til garden hans. Dei fekk to born, Halldis Synnøve (f. 1939) og Odd Jan (f. 1944). Dei hadde møtt kvarandre etter at ho var ferdig på Sagavoll folkehøgskole og hadde fått arbeid hos kjøpmann Toralf Lindstøl i Seljord. Frå 1938 hadde dei ein slags felles diktarverkstad på garden. Først i 1950, då ho var 35 år gamal, kom debutsamlinga Hjarta av jord. Ho hadde skrive i mange år, men som tobarnsmor hadde ho ikkje fått tatt skrittet til å få noko utgjeve før. Kritikarane kom med godord til samlinga. I byrjinga av 1950-åra bestemte paret seg for å satse på skriving på heiltid. Han hadde hatt sin debut i 1946 med samlinga Mannen og moldi. Både Halvor og Ingebjørg Sandsdalen skreiv på nynorsk, med eit preg av Telemarksmål.

I 1970 kom Hjarta og harpe, der ho i lyrisk prosa skildrar sin eigen barndom. Den var følgd opp av Erindrings bok i 1972, og dei to verka reknast som nokon av dei finaste borneskildringane i norsk litteratur. Ho gav seinare ut fleire sjølvbiografiske verk i lyrisk prosa. I så godt som alt ho skreiv er kjærleiken til Telemark og Seljord klart til stades. Det er også gudstrua hennar, som gjer mange av dikta eit lyst og varmt preg.

Ingebjørg Kasin Sandsdalen skreiv også ein romankvartett om presten Zacharias Jonsson Skancke (1601–1689), som var sokneprest til Seljord prestegjeld i 56 år. Bøkene Linet blømer, Hr. Zacharias til Sillejord, Linpresten og Av Skancke-ætt er historiske romanar der ho har lagt stor vekt på å beskrive ting som dei verkeleg var, medan ho fyller ut hola i historien og skapar ein heilskap i soga.

Ho mottok i 1965 Sunnmørsprisen for diktsamlinga Guds lampe, Jørgen Vikør-prisen i 1994 for samlinga Treblåsaren og Målprisen i 1995. Både ho og mannen fekk i 1996 Kongens fortjenstmedalje i gull. Frå 1984 hadde ho kunstnarløn frå Seljord kommune.

Bibliografi

Kjelder