Ingerd Ottisdotter

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. mai 2018 kl. 16:30 av Axel Scheel (samtale | bidrag) (→‎Etterslekt: La til lenke.)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fru Ingerd Ottisdotter (Rømer) (ca 14701555), eller fru Inger til Austrått, var adelskvinne, godseigar og lensstyrar, mest kjent som eigar av Austrått. Skodespelet Fru Inger til Østeraad (1857 av Henrik Ibsen er laust basert på livet hennar.

Ingerd Ottisdotter Rømer vart fødd på Sigerstad i Østfold kring 1470 av foreldra Otte Matssøn Rømer og Ingeborg Lydersdatter Struds. Ho gifta seg i eller føre 1494 med riksråd og rikshovmeister Niels HenrikssønGyldenløve») (kring 14581523). Fru Ingerd spela ikkje noka offentleg rolle medan ektemannen levde og vart ikkje nemnt i brev eller diplom i denne perioden. Ekteskapet mellom Niels og Ingerd var i seg sjølv løysinga på ei arvestrid om Austrått mellom to familiegreiner, ettersom Niels var son av ein tidlegare eigar, Henrik Jensson.

Kort tid etter at Niels dødde trer enkjefrua fram både som aktiv godseigar og som politisk aktør. Både historikarar og dramatikarar har festa seg ved maktspelet mellom fru Ingerd og erkebiskop Olav Engelbrektsson. Biskopen hadde plyndra Austrått tre gonger og medverka til at to av svigersønene til Ingerd vart drepne. På den andre sida fór ikkje fru Ingerd varsamt fram heller; ho opptredde aggressivt i fleire tvilsamme arve-rettsaker. Bjørkvik skriv at “ho var godsrik og hadde sans for økonomi og godsdrift, men kunne nytte ufine middel for å nå sine mål.” Han nemner tre større rettssaker som ho tapte.

I 1552 overførte enkjefru Inger Austråttgodset til dottera Lucie Nilsdatter og svigersonen Jens Tillufssøn Bjelke. Inger og Lucie drukna saman på Rovdefjorden under en båtreise på Sunnmøre i 1555. Dei ligg gravlagde under golvet i Ørland kyrkje. Jens dødde i 1559, og sonen Åge Bjelke (15521603) tok over Austrått i ein alder av sju år. Formyndar en hans var Henrik Nielsson, morfaren Niels sin son frå eit tidlegare ekteskap.

Slekt

Anetavle

Mal:Ingerd Ottisdotter (anetavle)

Etterslekt

Ingerd og Niels hadde fem døtrer som alle vart gifte med dansk-norske adelsmenn

  1. Margrete (ca 14951550), gift med Vincens Lunge, og deretter med Jens Splid: se Krabbe (slekter) av Østergård.
  2. Eline (d. 1532), gift med Niels Lykke
  3. Anna (d. 1557), gift med Erik Ugerup
  4. Ingeborg (ca 15071597), gift med Peder Hanssøn Litle
  5. Lucie Nilsdotter (d. 1555), gift med Jens Tillufssøn Bjelke

Fru Ingerd i kunsten

Litteratur


Creative Commons License Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Ingerd Ottesdatter» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.
Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.