Ivar Aars

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 6. feb. 2012 kl. 14:35 av Kallrustad (Samtale | bidrag) (oppretter en testartikkel fra Forfatternett Oppland)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.


Ivar Aars (fødd 1932) er filolog og pensjonert lektor. Han har òg vore engasjert i politisk arbeid (KrF) og lokalhistorie i Valdres-bygdene.

Aars er cand.philol. med norsk språkleg hovudfag, historie bifag og kristendomskunnskap mellomfag. Han var speidarleidar frå 1952 (Ullern, seinere Nord-Aurdal), i 10 år medlem av lokalstyret i Norges KFUM-speidere.

Ivar Aars har vore lokalpolitikar i Kr.F, mellom anna som formann i Nord-Aurdal Kr.F. 1972-92, Nord-Aurdal kommunestyre frå 1984, i hovudutalet for kultur frå 1976, fylkesformann i Oppland Kr.F. 1980-86, medlem av Oppland fylkesskulestyre 1976-91 og Oppland fylkesting 1982-83. Han var medlem av Programrådet for Opplandsradioen frå 1999.

Aars har elles verka som lokalhistorikar, til dømes som redaktør for Årbok for Valdres frå 1975 og leidar for Valdres Bygdebok frå 1980. Han har vore med i Nye Valdresbanen og A/S Valdresbanen frå starten i 1989, til 2000 som leidar i foreining eller aksjeselskap.

Bibliografi (utval)

  • Patruljeliv. Introduksjonsstoff til 1.graden, 1963.
  • Dativ i Valdresmål : um verb som styrer dativ, Valdres historielag 1971.
  • Kulturliv i Nord-Aurdal, 1977.
  • Aurdalskyrkja : frå Lund sokn til Valdres prosti, Aurdal menighetsråd 1987.
  • Tingneskyrkja, 1997.
  • Heimsyn. Valdres folkehøgskule 1899-1999. Hundreårsskrift, Folkehøgskolen 1999.
  • Hundre år på sporet : Gjøvikbanen, Røykenvikbanen, Skreiabanen, Valdresbanen, Nye Valdresbanen, 2002
  • I hundre : Valdresbanens historie, Valdresbanen 2006
  • Tisleidalen kyrkje, Tisleidalen sokneråd 2008.
  • Von og venskap : Oppland kristeleg folkeparti 1939-2009, 2010.

Kjelder og litteratur