Ivar Mogstad
Hopp til navigering
Hopp til søk
The printable version is no longer supported and may have rendering errors. Please update your browser bookmarks and please use the default browser print function instead.
Ivar Otto Irgens Mogstad (1856-1928) var ein bjørnejeger, førstebetjent og polfarar frå Aure kommune.
Utdanning og yrke
Mogstad tok eksamen som førstebetjent i 1877. I 1882 vart han tilsett som vaktar ved Gaustad mentalsjukehus. År 1900 er han oppført som brennevinskontrollør i Tønsberg, i fylgje folketeljinga.
Medlem av Fram-ekspedisjonen til Nordpolen
I 1893 var Ivar Mogstad ein av i alt 13 deltakarar på den første Fram-ekspedisjonen, som vart leia av Fridtjof Nansen. Mogstad var "altmogleg-mann" under ferda, som vara i tre år.
Testamente og minnestøtte
Ivar Mogstad testamenterte alt han eigde til skogsaka i Aure kommune. Det vart oppretta eit legat for dette i Mogstad sitt namn. I 1956 vart reist ei minnestøtte over han i Aurdalen.
Kjelder
John Sundsby: Polfararen Ivar Otto Irgens Mogstad (1856-1928). I: Tu Aurgjelda, 1999