Ivar Wendelbo

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. apr. 2017 kl. 10:04 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Ivar Wendelbo (fødd 4. oktober 1911 i Lærdal, daud 17. mai 1991) var lærar.

Han var son av gardbrukarane David og Anna-Sofie Wendelbo. Etter Stord lærarskule i 1935 tok han 1. avdeling ved Statens gymnastikkskole i 1937 og Statens sløyd- og teiknelærarskule i 1940. Samstundes var han vikar ulike stader i landet, i Bardu i 1935, så i Røyken frå 1936 til 1939 og Stoksund frå 1939 til 1942.

I 1942 fekk han lærarjobb i Vardal, kor han arbeidde i fire år. I 1944 gifta han seg med adjunkt Asta Solberg, som til då hadde verka som lærar i Steinkjer. Ho kom til Gjøvik, fekk jobb på Gjøvik høyere skole, og dei busette seg på Vindingstad med to døtrer.

Ivar Wendelbo fekk jobb på Gjøvik skole i 1946, og var her størstedelen av karrieren. Frå 1958 til 1965 var han òg tilsett ved arbeidsplassen til kona, Gjøvik og Vardal interkommunale høyere almenskole som det no het.

Han døydde i 1991 og er gravlagt på Gjøvik kirkegård.

Kilder

  • «Wendelbo, Asta» i: Ekrheim, Helga Sverdrup, Olav Ekrheim og Håkon Norås (red.): Norges filologer og realister (andre utgave), Stavanger 1950. Digital versjonNettbiblioteket, s. 921.

Bakke, Karl: Norske skolefolk (andre utgave): bind 2, Dreyer forlag, Stavanger 1952. Digital versjonNettbiblioteket, s. 1374-1375

  • Dehli, Martin (1981). Fra borgerskole til videregående skole: Gjøvik høyere skole gjennom 100 år, s. 141
  • Gjøvik historielag: Da klokka klang... - Grunnskolen 250 år : beretning fra skolene i Gjøvik, Vardal, Biri og Snertingdal, 1989. Digital versjonNettbiblioteket, s. 128
  • DIS-Norge gravminnedatabase