Jæren

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 15. mai 2017 kl. 11:32 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Lenkefiks)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sommermorgen på Jæren.
Foto: Bosc d'Anjou (2009).
Jernmennene på Solastrand, jernfigurer laget av kunstneren Antony Gormley, utstilt fra våren 1998 til høsten 1999.
Foto: Stig Rune Pedersen

Jæren er eit kystlandskap i Rogaland fylke. Fram til byrjinga av 1900-talet var stavemåten «Jæderen» i bruk. Namnet Jæren kjem av det norrøne jaðarr som tyder ‘rand’, ‘kant’ eller ‘jare’. Namnet kan tyda ‘kanten mot havet’.

Jæren er ei kyststripe som strekk seg om lag 65 kilometer sør for Boknafjorden og nord-vest for Dalane. Nord-Jæren er rekna å vera kommunane Randaberg, Stavanger, Sola og Sandnes. Midt på Jæren ligg kommunane Time og Klepp. Sør-Jæren er Hå kommune. Høg-Jæren omfattar dei høgareliggjande områda i Time og Hå, og delar av Bjerkreim og Gjesdal kommunar.

Jæren er det med sine 1070 km2 det største låglandsområdet i Noreg. Det flate landskapet ender i sandstrender, jærstrendene. Jæren er eit av dei beste landbruksområda i landet, men har òg mykje industri. Mykje av industrien er tradisjonelt knytt til landbruk, og mykje er knytt til oljeverksemda i Nordsjøen.

Forfattaren Arne Garborg vert omtala som "jærbu og europear". Ein jærbu er anten ein som bur på Jæren, eller ein som kjem derifrå. Dialekten (talemålet) vert kalla "jærsk".

Lokalavis for jærkommunane er Jærbladet. Jærbanen er namnet på jarnbanelina Stavanger-Egersund. Jærbanen vart opna i 1878, og gjorde Jæren meir tilgjengeleg for reisande utanfrå. I denne tida var fleire kunstmålarar aktive på Jæren. Jærmålarar som Kitty Kielland og Nicolai Ulfsten var mykje på Jæren, og måla landskapsbilete.

Eit kulturminne som først og fremst er kjent frå Jæren er Alvedans.

Galleri

Sjå òg

Nettlenker

Litteratur

  • Jøssang, Lars Gaute: Industrieventyret på Jæren : 1800-2000, Nærbø 2004.
  • Lye, Kåre Arnstein (red): Jærboka, Ås 1978.

Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Jæren» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.