Jødedom: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 5: Linje 5:
=== Sjabbát ===
=== Sjabbát ===


=== Bibelske høgtider og merkedagar ===
=== Dei tre valfartshøgtidene ===


==== Dei tre valfartshøgtidene ====
=== Høge heilagdagar og fastedagar ===
'''Rosj hasjaná''', òg kalla '''rosasaná'' ({{port.j.}}) og '''rosheshóne''' ({{jid.}})...


=== Nyare høgtider og merkedagar ===


=== Andre høgtider og merkedagar ===
'''Purím''' ({{hebr.}}) eller '''púrem''' ({{jid.}}) er ei høgtid som ikkje finst nemnt i ''Torá'' (Lova) eller ''Nebiím'' (Profetane). Grunnlaget finst i ''Megillàt Estér'' (Esters bok), der det står skildra korleis Hadassá (seinare kjent som dronning Estér) og onkelen hennar, Mordekhái, bergar dei persiske jødane frå undergang. Høgtida, som fell i overgangen mellom seinvinter og tidleg vår, blir feira ved opplesing av ''Megillàt Estér'', ved å gje ''misjlóaḥ manót'' (matgåver) til naboar, slekt og vener, ved å drikke vin (gjerne i store mengder), ved å kle seg ut og ved song, musikk og underhaldning. Mange asjkenaziske jødar held eit såkalla ''púremshpíl'' — eit skodespel med handling henta frå, eller i det minste inspirert av, purímhistoria. Ein annan skikk er å halde parodiske føredrag om tilsynelatande alvorlege emne men der ordspel, tabu-reverseringar og rein surrealisme er vanlege trekk.
'''Purím''' ({{hebr.}}) eller '''púrem''' ({{jid.}}) er ei høgtid som ikkje finst nemnt i ''Torá'' (Lova) eller ''Nebiím'' (Profetane). Grunnlaget finst i ''Megillàt Estér'' (Esters bok), der det står skildra korleis Hadassá (seinare kjent som dronning Estér) og onkelen hennar, Mordekhái, bergar dei persiske jødane frå undergang. Høgtida, som fell i overgangen mellom seinvinter og tidleg vår, blir feira ved opplesing av ''Megillàt Estér'', ved å gje ''misjlóaḥ manót'' (matgåver) til naboar, slekt og vener, ved å drikke vin (gjerne i store mengder), ved å kle seg ut og ved song, musikk og underhaldning. Mange asjkenaziske jødar held eit såkalla ''púremshpíl'' — eit skodespel med handling henta frå, eller i det minste inspirert av, purímhistoria. Ein annan skikk er å halde parodiske føredrag om tilsynelatande alvorlege emne men der ordspel, tabu-reverseringar og rein surrealisme er vanlege trekk.



Sideversjonen fra 23. okt. 2008 kl. 14:39

Jødedom er den tradisjonelle religionen til det jødiske folket. Jødedommen er ein monoteistisk religion som har grunnlag i Tenákh (Den hebraiske bibelen, Det gamle testamentet) med hovudvekta på Toráen (Mosebøkene). Hovudretninga av jødedommen i dag er rabbinsk jødedom, som i tillegg baserer seg den munnlege tradisjonen som han nedfeller seg i Talmúd med sine kommentarar. Sjølv om det på mange tidspunkt i historia har vore eit mindre tal jødar i Noreg, er det først sidan dei par siste tiåra av 1800-talet at det har vore offentlege gudstenester her i landet. I dag finst det fullt ut organiserte jødiske meinigheiter i Oslo (Det mosaiske trossamfund i Oslo) og Trondheim (Det mosaiske trossamfunn, Trondheim), men føre andre verdskrigen var det òg meir eller mindre organiserte grupper andre stader, inkludert i Kristiansund (sjå Jødedom i Kristiansund).

Høgtider og merkedagar

Sjabbát

Dei tre valfartshøgtidene

Høge heilagdagar og fastedagar

'Rosj hasjaná, òg kalla rosasaná (Mal:Port.j.) og rosheshóne (Mal:Jid.)...


Andre høgtider og merkedagar

Purím (Mal:Hebr.) eller púrem (Mal:Jid.) er ei høgtid som ikkje finst nemnt i Torá (Lova) eller Nebiím (Profetane). Grunnlaget finst i Megillàt Estér (Esters bok), der det står skildra korleis Hadassá (seinare kjent som dronning Estér) og onkelen hennar, Mordekhái, bergar dei persiske jødane frå undergang. Høgtida, som fell i overgangen mellom seinvinter og tidleg vår, blir feira ved opplesing av Megillàt Estér, ved å gje misjlóaḥ manót (matgåver) til naboar, slekt og vener, ved å drikke vin (gjerne i store mengder), ved å kle seg ut og ved song, musikk og underhaldning. Mange asjkenaziske jødar held eit såkalla púremshpíl — eit skodespel med handling henta frå, eller i det minste inspirert av, purímhistoria. Ein annan skikk er å halde parodiske føredrag om tilsynelatande alvorlege emne men der ordspel, tabu-reverseringar og rein surrealisme er vanlege trekk.

Gammal ḥanukkijjá (ḥanukká-lysestake) frå Trondheim. Sjamásjen (den niande armen) manglar.
Foto: Olve Utne

Ḥanukká (Mal:Hebr.) eller chàneke (Mal:Jid.) finst ikkje nemnt i Tenákh, men er basert på historia vi finn i dei apokryfe Makkabearbøkene. Ḥanukká er ei åtte dagar lang høgtid som blir markert kring nymåne i desember — frå den 25. kislév etter den jødiske kalenderen. Høgtida blir markert ved levande lys, feit mat og mjølkemat, og i nyare tid har det vorte gradvis vanlegare å gje gåver til kvarandre.

Kulturelle retningar

Gresk og italiensk jødedom

Sefardisk jødedom

Asjkenazisk jødedom

Andre retningar

Politiske retningar

Fram til tida kring 1800 hadde dei moderne politiske retningane av jødedommen ikkje utkrystallisert seg enno. Mange av trekka vi i dag finn i dei ulike retningane fanst allereie i tradisjonell jødedom, og variasjonen var hovudsakleg geografisk/kulturell.

Reformjødedom eller progressiv jødedom oppstod som retning først og fremst i Hamburg først på 1800-talet.

Ortodoks jødedom oppstod som retning i Hamburg tidleg på 1800-talet som reaksjon på reformjødedommen. DMT Oslo er ei ortodoks meinigheit. DMT Trondheim er òg i prinsippet ortodoks, men med ein del element frå ikkje-ortodoks jødedom; særleg er å merke at sjabbát og jom tov (heilagdag) er sett til fast tid i synagogen — start kl. 17:30 heile året — der tradisjonelle ortodokse og masorti synagogar normalt har varierande tidspunkt etter kva tid det er solnedgang.

Konservativ jødedom, seinare særleg kalla masorti jødedom i Europa og Israel, oppstod utover andre halvpart av 1800-talet som ei mellomliggjande retning mellom ortodoks jødedom og reformjødedom. Det geografiske tyngdepunktet var Breslau (Wrocław) og etter kvart New York. Den mest egalitære fløya skilte seg etter kvart ut under namnet rekonstruksjonistisk jødedom. Både masorti og rekonstruksjonistisk jødedom er karakterisert ved at det tradisjonelle ritualet er bevart i alle sine hovudtrekk, men det blir gjerne lagt vekt på dei kjeldene ein ser på som meir kompatible med samfunnet i dag. Bruk av instrument, inkludert pipeorgel enkelte stader, kan forekomma, men det er like vanleg at gudstenesta føregår utan instrument i dei synagogane der det blir lagt vekt på klassisk form. I dei meir liberale gruppene og i synagogar med ein meir uformell profil er bruk av gitar, rytmeinstrument og liknande ganske vanleg, særleg i Nord-Amerika. Hovudskiljet mellom masorti jødedom og rekonstruksjonistisk jødedom er at den sistnemnte oftast er noko meir eintydig radikal i egalitære spørsmål — inkludert kjønn, legning, religiøs klasse og religiøs/etnisk bakgrunn. I Skandinavia er masorti jødedom hovudretninga i dei jødiske samfunna i Göteborg og Stockholm. Judiska församlingen i Stockholm og DMT Trondheim har hatt ein del kontakt gjennom åra, og gjennom dette har enkelte element av masorti jødedom vore tilgjengelege for norske jødar.

Andre retningar finst òg. Den av desse som i første grad er aktuell i Noreg er den nyḥasidiske, egalitære rørsla jødisk fornying (Jewish Renewal). Det finst i dag ein rabbinarstudent frå Oslo, Lynn Feinberg, ved det rabbinske seminaret deira. Når ho blir ordinert, vil ho etter alt å dømme vera den første kvinnelege rabbinaren frå Skandinavia.[1]

Jødedommen i Noreg

Føre 1851

Austlandet

Agder

Vestlandet

Midt-Noreg

Nord-Noreg

Fotnotar

  1. Holm, Tine: «Uortodoks rabbiner», på NRK P2, søndag 3. august 2008.