Jølster kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. jan. 2008 kl. 20:33 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: {{Infoboks_kommune2|ifylke=Sogn og Fjordane |våpen=Jolster_komm |kart={{PAGENAME}} |kommunenummer=1431 |senter=Skei |flatevidd=671 |folkemeng...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Infoboks kommune2 Jølster er ein kommune i Sogn og Fjordane og ligg i Indre Sunnfjord. Det er to tettstader i Jølster; Vassenden og Skei. Vassenden er i nyare tid den største av dei to, noko som truleg kjem av nærleiken til byen Førde. Skei er kommunesenteret, men ligg lengre unna større senter og har eit mindre tilfang av innflyttarar.

Det høgste fjellet i kommunen heiter Snønipa og er 1 827 meter høgt. Mykje av låglandet og dei fleste grendene i kommunen kretsar i stor grad rundt det store Jølstravatnet, som ligg omlag 200 moh. Namnet Jølster stammar frå det norrøne uttrykket jǫlmstr som tyder bråk og larm.

Kommunen grensar i nord til Gloppen og Stryn, i aust til Luster og Balestrand, i sør og i vest til Førde, og i nordvest til Naustdal.

Ein person som kjem frå Jølster vert kalla jølstring.

Måleriet «Soleienatt» av Nikolai Astrup. Biletet er målt i fleire versjonar og har motiv frå Jølster.

Geografiske og politiske skiljeliner

Sidan tettstaden Vassenden ligg i den nedre (vestlege) delen av bygda og Skei ligg i den indre (austlege) delen, snakkar ein ofte om Indrebygda (soknar til Skei) og Nedrebygda (soknar til Vassenden). Denne skiljelina er heilt grunnleggjande, ettersom ein allereie i seksårsalderen vert gruppert til ein av dei to barne- og ungdomsskulane i kommunen — anten på Skei eller på Vassenden.

Denne skiljelina er òg ei tradisjonell politisk konfliktline som mellom anna har ført til at ein tidlegare kun hadde to bygdelister ved kommunevalet, ei for kvart kyrkjesokn. Desse listene er ikkje lenger i bruk, men førte mellom anna til ein tradisjon i dei største partia i kommunen om å sørge for god representasjon av personar med postnummer frå begge hovudbygdene (Skei og Vassenden).

Ein kan sjå at målet i Indrebygda ber preg av å vere påverka av nordfjordsmål, medan målet i Nedrebygda er påverka frå Førde-regionen. (Les: Jølstramål)

Eit anna geografisk uttrykk som ofte vert nytta er Sørsida, som er eit namn på grendene på den sørlege sida av Jølstravatnet. Riksvegen går på den nordlege sida av vatnet.

Politikk

Senterpartiet er det dominerande partiet i kommunestyret med 11 av 25 representantar. Like etter følgjer Venstre (fire representantar), Sosialistisk Venstreparti (tre representantar) og Arbeidarpartiet (tre representantar). Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti er òg representerte i kommunestyret.


Næringsliv

Dei største næringane i kommunen er jordbruk, turisme og byggeverksemd. I tillegg er Jølster ein kraftkommune med eit stort kraftverk i Stakaldefossen og eit nytt kraftverk under utbygging (pr. 2005) i området rundt Kjøsnesfjorden.

Jordbruket i Jølster har lange og gamle tradisjonar, men meir overraskande er det nok at turismen òg har eit historisk fotfeste i området. Dei to hotella på Skei og Vassenden dukka opp rundt hundreårskiftet mellom 1890 og 1910, men lenge før den tid har ein drive skysstasjonar og breføring for spenningssøkande turistar som skulle utforske den norske fjellheimen eller ta seg opp på breen. Tradisjonane held seg, og eit klart fleirtal av føretaka i kommunen driv i dag med turisme, men då hovudsakleg overnatting og camping.

Byggeverksemda er ein nykommar i næringslivet til samanlikning med dei to andre, og har kome i kjølvatnet av utviklinga av byen Førde som regionalt handlesenter.

Grender i Jølster

Kjende jølstringar

Bilete av den unge prestesonen Nikolai Astrup, saman med faren.

Kunst og kultur

Politikarar

Historiske skikkelsar

Ordførarar

Ordførarar i Jølster
1838-1842
Thor Hanson
Veiteberg
1842-1844
Samuel N.
Dvergsdal
1844-1848
Anders E. J.
Aalhus
1848-1856
M. S. T.
Fasting
1856-1858
Samuel N.
Dvergsdal
1858-1861
Anders E. J.
Aalhus
1862-1864
Ludv. G.
Klakegg
1864-1872
Nils O.
Øvrebø
1872-1874
Anders K.
Myklebust
1874-1876
Anton K.
Øygard
1876-1878
Bendikt J.
Nedrebø
1878-1880
Anders K.
Myklebust
1880-1890
Sjur B.
Heggheim
1890-1892
Ole O.
Viken
1892-1899
Nils S.
Dvergsdal
1899-1911
Sjur B.
Heggheim
1911-1920
T. H.
Veiteberg
1920-1929
Ludv. D.
Klakegg
1929-1937
Nils O.
Øvrebø
1937-1942
A. K.
Øygard
1945-1951
A. K.
Øygard
1952-1965
Nils J.
Helgheim
1966-1973
Erling
Slåtten
1974-1981
Sverre P.
Befring
1982-1985
Anders
Helgheim
1986-1987
Arne
Sandnes
1988-1991
Normann
Aarseth
1992-1995
Knut O.
Øygard
1996-
Gerd
Dvergsdal

Bakgrunnsstoff

Litteratur

Les òg

Mal:Sogn og Fjordane


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Jølster» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.