Jørgen Tambini (1893–1942)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. sep. 2019 kl. 07:12 av Cnyborg (samtale | bidrag) (ref-avsnitt)
Hopp til navigering Hopp til søk
Som amerikansk soldat er ikke Jørgen Tambini rekna med bland norske krigsofre, men i heimbygda Hornnes står namnet hans på krigsminnesmerket ved Hornnes kyrkje.
Foto: Siri Johannessen (2013).

Jørgen Kristian Tambini (fødd 17. august 1893 i Hornnes, død 5. mars 1942) var sjømann, og døydde i eit krigsforlis under andre verdskrigen.

Han var son av verksarbeidar Angelo Tambini (1851–1916) og Åse Knutsdotter Tambini f. Moi (1860–1907), og hadde fleire syskjen. Han vart gift i USA, men det er trulig ingen etterkomarar. Det i norsk samanhang uvanlege namnet skuldast at faren var frå Italia.

Ved dåpen i Evje kyrkje den 15. september 1893 skreiv presten inn namnet Georg Kristian,[1] men det ser ut til at han nytta forma Jørgen heile livet.

Han vaks opp på Fennefoss og i Grånelie under Birkeland i Hornnes. Han reiste i ung alder til USA, der han vart sjømann. Han vart innrullert i den amerikanske marinen, og var våren 1942 på skipet D/S «Collamer» i konvoifart til Murmansk. Den 5. mars 1942, klokka 06:30, vart skipet råka av ein torpedo utafor kysten av Nova Scotia. Av dei 38 ombord klarte 31 å berge livet. Dei fleste av dei sju omkomne døydde momentant i ein kraftig eksplosjon i motorrommet, og truleg var Tambini bland desse.

Tambini er ikkje nemnd i Våre falne eller andre offisielle lister over norske krigsofre, sidan han var i amerikansk teneste. Men på krigsminnesmerket i Hornnes, ved Hornnes kyrkje, er namnet hans hogd inn saman med to andre horndøler som sette livet til.

Referansar

  1. Georg Christian Tambini i Ministerialbok for Evje prestegjeld, Evje sokn 1884-1909 fra Digitalarkivet.

Litteratur og kjelder