Jørund Telnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Jørund Telnes fra Seljord til venstre, John Lie fra Fyresdal til høyre. Begge utdanna frå Kviteseid seminar og forfattarar.
Foto: Fra Ljos over Telemark : eit attersyn. Olav Stranna, 1937

Jørund Telnes (født 10. januar 1845 i Seljord, død 1892) var forfattar. Son av Nils Sigurdsson Forberg (1815-74) og Ingebjørg Jørgensdotter Telnes (1825-1916). Bror av Sigurd Nes.

Telnes var ein populær diktar og lokalpolitikar i Seljord. Han var ferdig med Kviteseid Seminar som 18-åring, og arbeidde som lærar i heimbygda nokre år før han tok meir utdanning mellom anna ved folkehøgskolen til Christopher Bruun i Gudbrandsdalen. Både Bruun og Kristofer Janson som var lærarar ved skulen, fekk mykje å seie for diktinga til Jørund Telnes. På slutten av 1800-talet var han kjend over heile landet.

Telnes var av bondeslekt og var ein klar bondevenn. Han hadde eit sterkt samfunnsengasjement og markerte seg sterkt overfor den meir radikale venstrepolitikaren og folkehøgskolestyrar i Seljord Viggo Ullmann og hans måte å drive skule på.

Då Telnes kom tilbake fra Gudbrandsdalen, var futen ordførar i Seljord. Telnes sin opposisjon overfor embetsmenn viste seg snart. Telnes var usamd med futen i mange saker, og blei snart ordførar sjølv. Han var ordførar i tre periodar 1878-83 og 1886-88. Han var ein av dei første ordførarane som skreiv møtebok på landsmål.

Jørund Telnes skreiv dikt frå han var ung, og debuterte i 1877 med boka Sterke-Nils; ein vise-syklus om kjempekaren Sterke-Nils.

Han skreiv folkelivsskildringar og dikt, og gjekk etter kvart over til å skrive på normalisert landsmål. Den best kjente boka hans er Guro Heddelid, ein forteljing frå 1300-talet. Boka er basert på segnstoff frå Grunningsdalen.

Kjelder

Eksterne lenker