Jøssingliste

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 4. jul. 2019 kl. 15:08 av Midraas (Samtale | bidrag) (Fjerna overflødig ledd.)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Rundskriv om jøssinglister frå NS sentralt til lokallaga. Kjelde: Stortingsmelding nr. 17 1962/63, s. 23, Om landssvikoppgjøret.

Jøssingliste er eit omgrep frå 2. verdskrigen i Noreg. Jøssinglister inneheldt namn på personar som var motstandarar av den tyske okkupasjonsmakta og det tyskvenlege partiet Nasjonal Samling. 16 januar 1942 tok partisekretæren i Nasjonal Samling, Rolf Jørgen Fuglesang, initiativ til at det i byar og landkommunar vart sett opp lister over personar som partiet rekna som sine meiningsmotstandarar.

I Måløyraidet den 27.12.1941 vart NS-ordførarane i Sør- og Nord-Vågsøy Johan Martin Gotteberg og John Sefland arresterte av britiske troppar og tekne med til Storbritannia der dei sat internert for resten av krigstida. Partisekretæren skriv dette til lokallaga i Nasjonal Samling knappe tre veker seinare: Under henvisning til de siste britiske strandhogg hvor jøssinger medvirket til bortførelsen av NS-medlemmer er der truffet følgende bestemmelse. Deretter følgjer i ti punkt om retningslinjene for korleis jøssinglistene skulle stillast opp og handsamast.

Dei fleste personane som hamna på jøssinglistene var respekterte og omtykte kvinner og menn. For NS og tyskarane var det viktig at personane på listene var folk med innflytelse og påverknadskraft i lokalsamfunna. På ei liste skulle der vere så mange personar at det utgjorde minst ein prosent av folketalet i kommunen. Den skulle skrivast i to eksemplar, og sendast til NS sitt fylkeskontor og til riksleiinga for partiet. Lokale NS-folk førte listene.

Å hamne på ei jøssingliste kunne få alvorlege konsekvensar for den det galdt. Tyske Gestapo tok gislar for å tvinge fram informasjon om norsk motstandsarbeid, men òg som ledd i systematisk terror mot det sivile samfunnet. Mange gislar vart avretta, som det tyskarane kalla «soneoffer», for likvidasjonar og sabotasjeaksjonar gjennomførte av norsk motstandsrørsle. På jøssinglistene kunne tyskarane fritt fram velje seg sine offer om der skulle ha skjedd noko dei meinte trong represaliar.

Slett ikkje alle lokallag i NS sette opp jøssinglister, og i følgje Norsk krigsleksikon skal NS ha hatt vanskar med å få inn lister frå lokallaga i partiet. Jøssinglistene skal ha blitt makulerte i 1943.

Kjelder, bakgrunnsstoff:

1. Stortingsmelding nr. 17 1962/63, s. 23, Om landssvikoppgjøret. 2. Norsk Krigsleksikon [1]. 3. Fjordenes Tidende, mars 1946.