Jacob Hersleb Darre

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 14. mar. 2014 kl. 15:37 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Jacob Hersleb Darre''' (fødd i Overhalla 20. november 1757, død i Klæbu 15. desember 1841) var prest og eidsvollsmann. I meir enn ein mannsalder var...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jacob Hersleb Darre (fødd i Overhalla 20. november 1757, død i Klæbu 15. desember 1841) var prest og eidsvollsmann. I meir enn ein mannsalder var han sokneprest i Klæbu prestegjeld. På Eidsvoll tilhøyrde han Sjølvstendepartiet.

Foreldra var prost Jørgen Darre (1711-1791) og Anna Heltberg (død 1763). Jacob H. Darre gifta seg 24. mars 1795 med Louise Caroline Steenbuch (15. juli 1773–16. mai 1860). Ho var også dotter til ein prest, Hans Steenbuch (1722–1800) og Anne Margrethe Lorentzen (1733–1809).