Jacob Hersleb Darre

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jacob Hersleb Darre (fødd i Overhalla 20. november 1757, død i Klæbu 15. desember 1841) var prest og eidsvollsmann. I meir enn ein mannsalder var han sokneprest i Klæbu prestegjeld. På Eidsvoll tilhøyrde han Sjølvstendepartiet.

Foreldra var prost Jørgen Darre (1711-1791) og Anna Heltberg (død 1763). Jacob Darre gifta seg 24. mars 1795 med Louise Caroline Steenbuch (15. juli 1773–16. mai 1860). Ho var også dotter til ein prest, Hans Steenbuch (1722–1800) og Anne Margrethe Lorentzen (1733–1809).

Jacob Darre vart student frå katedralskulen i Trondheim 1776, studerte i København og tok embetseksamen (cand. theol.) i 1784. Han var frå same året personell kapellan hjå faren. 1792 var han residerande kapellan i Orkdal, til han fekk embetet i Klæbu der han vart verande resten av si embetstid. Han vart pensjonert i 1733, da sonen, den seinare biskop Hans Jørgen Darre, overtok sokneprestembetet etter faren. I pensjonisttilveret budde Jacob Darre på garden Torva, som var enkjesete og låg like ved prestegarden.

Darre var tredje representant for amtet på Eidsvoll. Fyrsterepresentanten var klokkaren i Klæbu, Lars Larsen Forseth. Darre er mest kjend frå forhandlingane på Eidsvoll for sitt engasjement i spørsmålet om det benefiserte godset, som han ivra for å bahalde som kyrkjeleg inntektskjelde. Han kan saman med prost Hans Christian Ulrik Midelfart, som også representerte amtet, tilskrivast mykje av æra for at vedtaka på Eidsvoll i denne saka vart som dei ville. Darre skreiv detaljert dagbok på Eidsvoll. den er nøkternt refererande i forma, og røpar sjeldan Darres eigne synsmåtar på det eine og det andre. Men det framgår at han beundra Falsen og Rein, leiande personane i Sjølvstendepartiet. I jubileumsverket Eidsvold 1814 blir det sagt om han at han «i en viss forstand [var] den mest kjernenorske av hele forsamlingen og kunde søke sine forfædre blandt kong Sverres mænd», utan at det blir gjeve nærare forklaring på kva som låg i dette.

Han var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab frå 1826.

Kjelder og litteratur

  • Bratberg, Terje: Artikkel om Darre i Norsk biografisk leksikon, digital utgåve
  • Darre, Jacob H.: Dagbok frå Eidsvoll, ved Chr. Thaulow i Historisk tidsskrift bd. IV, Kristiania 1877.
  • Koht, H. og Schnitler C.W. m.fl. (red.): Eidsvold 1814, Kristiania 1914.
  • Koht, Halvdan: Artikkel om Darre i Norsk biografisk leksikon (1926)