Jakob Bersveinsson Klukkstad: Forskjell mellom sideversjoner
(eit par lenkjer m.m.) |
(→Litteratur: standard overskrifttype) |
||
Linje 12: | Linje 12: | ||
</gallery> | </gallery> | ||
==Litteratur== | |||
*[[Engen, Arnfinn]] 1999: Jakob Bersveinson Klukstad og innreiinga i Lesjakyrkja. ''Lesja kyrkje 1750-2000'' s. 21-28, med liste over kjende arbeid etter Jakob. | *[[Engen, Arnfinn]] 1999: Jakob Bersveinson Klukstad og innreiinga i Lesjakyrkja. ''Lesja kyrkje 1750-2000'' s. 21-28, med liste over kjende arbeid etter Jakob. | ||
*[[Ivar Kleiven]] 1915: ''Lom og Skjaak'' s. 296–306. | *[[Ivar Kleiven]] 1915: ''Lom og Skjaak'' s. 296–306. |
Sideversjonen fra 18. sep. 2014 kl. 08:00
Jakob Bersveinsson Klukkstad (død 1773) er rekna for å vera den «fremste tå døm, som … gjorde døla-uthogsten (akantusskurden) så namnkunnog», iflg. Ivar Kleiven. Jakob var frå Lom og kom til Lesja kring 1742 for å lage ny preikestol til Lesja kyrkje. Han flytte til bygda og var busett på Nordistugu Klukkstad i Lesja i alle fall frå 1746 til han døydde i 1773.
Lesjingane bygde så ny kyrkje (ferdig 1749), og Jacob fekk oppdraget med å dekorere altartavla. Ho er rekna som meisterverket hans og var kanskje ikkje ferdig før i 1760-åra (sjå bilde nedafor). Han laga òg tre andre altartavler: til Skjåkkyrkja i 1751, Heidalskyrkja i 1754 og Kors kyrkje i Romsdalen.
Det har vore ein del diskusjon om kvar i Lom Jakob var frå, når han vart fødd og slekta hans. På gravsteinen hans står det at han var fødd 1705.
Bilde frå Lesja kyrkje
Litteratur
- Engen, Arnfinn 1999: Jakob Bersveinson Klukstad og innreiinga i Lesjakyrkja. Lesja kyrkje 1750-2000 s. 21-28, med liste over kjende arbeid etter Jakob.
- Ivar Kleiven 1915: Lom og Skjaak s. 296–306.
- Kolden, Jon 1992: Kven var Jakop Bersveinson Klukstad? To teoriar - og ein til? Heim og bygd s. 44–47.
- Kolden, Jon 2007: Bygdabok for Lom bd 2 s. 23-24 og bd 4 s. 160-61.