Jakob Bersveinsson Klukkstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 09:54 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Gravsteinen til Jakob.

Jakob Bersveinsson Klukkstad (død 1773) er rekna for å vera den «fremste tå døm, som … gjorde døla-uthogsten (akantusskurden) så namnkunnog», iflg. Ivar Kleiven. Jakob var frå Lom og kom til Lesja kring 1742 for å lage ny preikestol til Lesja kyrkje. Han flytte til bygda og var busett på Nordistugu Klukkstad i Lesja i alle fall frå 1746 til han døydde i 1773.

Lesjingane bygde så ny kyrkje (ferdig 1749), og Jacob fekk oppdraget med å dekorere altartavla. Ho er rekna som meisterverket hans og var kanskje ikkje ferdig før i 1760-åra (sjå bilde nedafor). Han laga òg tre andre altartavler: til Skjåkkyrkja i 1751, Heidalskyrkja i 1754 og Kors kyrkje i Romsdalen.

Det har vore ein del diskusjon om kvar i Lom Jakob var frå, når han vart fødd og slekta hans. På gravsteinen hans står det at han var fødd 1705.

Bilde frå Lesja kyrkje

Litteratur

  • Engen, Arnfinn 1999: Jakob Bersveinson Klukstad og innreiinga i Lesjakyrkja. Lesja kyrkje 1750-2000 s. 21-28, med liste over kjende arbeid etter Jakob.
  • Ivar Kleiven 1915: Lom og Skjaak s. 296–306.
  • Kolden, Jon 1992: Kven var Jakop Bersveinson Klukstad? To teoriar - og ein til? Heim og bygd s. 44–47.
  • Kolden, Jon 2007: Bygdabok for Lom bd 2 s. 23-24 og bd 4 s. 160-61.