Jakob Bøthun

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jakob Bøthun (fødd 28. januar 1851, død 24. mars 1931) frå Fresvik i Leikanger (no Vik kommune) var lærar, målmann og politikar.

Oppvekst og utdanning

Bøthun var son til gardbrukaren Per Hansson Bøthun og Brita Jakobsdotter frå Høgheim, og han voks opp på ættegarden Bøtun. Han gjekk Balestrand lærerskole og var deretter lærar i heimbygda Fresvik i nær 50 år.

Lokalpolitikar

Bøthun fekk ein framståande posisjon i styre og stell i Leikanger kommune. Han var medlem og formann i skulestyret i mange år, og han var ordførar i Leikanger 1885-1902.

Han var òg styremedlem i Nordre Bergenhus Amts Dampskibe.

Målmann

Bøthun var ein av pionérane for målsaka i Fresvik-bygda og i Leikanger kommune. Han var mellom dei som argumenterte for målsaka både på lærarmøtet i Sogn 1880 og på amtslærarmøtet i 1884 der Vadheimresolusjonen vart vedteken. Han deltok på dei viktige lærarkursa i landsmål ved Sogndal folkehøgskule både i 1882 og 1885.

Bøthun vart ordførar i Leikanger i 1885 og kunne arbeide for målsaka frå ein framståande samfunnsposisjon. I 1888 skipa han Fresvik ungdomslag der han med unntak av to år var formann til 1920.

Bøthun tok til med å gje skriftleg landsmålsopplæring i Fresvik i 1890-åra medan Nils Tjønn i grannebygda Feios gjorde det same.

Den 17. juni 1900 vedtok så krinsmøtet i Fresvik med 61 mot 58 røyster å innføre bibelsoge, forklaring og katekisme på landsmål ved skulen. Soknepresten sidan 1897, Fredrik Vilhelm Bull-Hansen, var den fremste talsmannen for riksmålssida i striden. Han var ein av to prestar i Sogn som same året ikkje skreiv under på eit opprop for Blix-salmane.

Lokalhistorikar

På sine eldre dagar dreiv Bøthun med lokalhistoriske studiar. Han emna på ei bygdebok for Fresvik som han ikkje vann å fullføre, men gav i 1925 ut Soga um Fresvikgodset.

Kjelder

Eksterne lenkjer