Jaktkoie ved Løyftene

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. mai 2022 kl. 11:54 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Koia slik ho såg ut i 2019, før restaureringsarbeidet starta. Foto: Arnfinn Kjelland.


Ikkje langt frå fjellknausen Løyftene ved ved den gamle ferdselsvegen mellom Eikesdalen og Bjorlie finn ein ei gamal jaktkoie. Ho skal vere bygd av ein gardbrukar frå Systugu Bjorlie, men det er usikkert. Koia var nok av den typen som òg lokalt er kalla herbør.

Men bua vart i alle fall oppattbygd sist i 1950-åra av Olav Brøste frå Verma og nokre av brørne hans. Dei køyrde opp takbjelkar og bølgeblikkplater med hest og ordna koia slik at ho kunne brukast særleg under reinsjakta og fiske i tjønnene i området.

Med åra forfall koia, men i 2019 fekk Oss Sigmund Brøste løyve til å restaurere ho att slik at ho kan brukast på liknande måte. Det vart gjort i 2020-2021 og koia står no tilgjengeleg for den som må ha behov for eit lite krypinn.

Kjelder

  • Familietradisjon
  • Omtale i lokalavisa Vigga 14.3.2019

Koordinater: 62.3297773° N 8.2396074° Ø