Jamstellingsvedtaket

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 1. mar. 2019 kl. 21:22 av Hans P. Hosar (Samtale | bidrag) (Lenkefiks)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Elias Blix var kyrkjeminister i 1885 og deltok i debatten om jamstellingsvedtaket som han støtta. Det var likevel statsminister Johan Sverdrup som framførte det skarpaste og mest ideologiske forsvaret for vedtaket frå regjeringa si side.

Jamstellingsvedtaket er den vanlege nemninga på eit vedtak gjort i Stortinget den 12. mai 1885 om å jamstella "det norske Folkesprog" (landsmål/nynorsk) med det "almindelige Skrift- og Bogsprog" (dansk-norsk/bokmål).

Vedtaket

Vedtaket var forma som ei oppmoding til regjeringa og lydde slik:

Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.

Vedtaket vart gjort med 78 mot 31 røyster. Alle Høgre-representantane i salen og to frå Venstre (Amund Huser, Østfold, og Elias Didrichsen, Flekkefjord). Alle som røysta for framlegget representerte Venstre.

Kampanje 1884-85

Vedtaket var resultatet av ein nasjonal aksjon frå målrørsla, på nasjonalt plan samordna av Det Norske Samlaget. Frå september 1884 til juni 1885 slutta oppunder 50 venstrelag, lærarmøte og andre organisasjonar og folkemøte seg til krav om offisiell status og rom for landsmålet i skule, kyrkje og offentleg administrasjon.

To initiativ var viktige for å setja kampanjen i gang. Det eine var eit amtslærarmøte for lærarane i Nordre Bergenhus (Sogn og Fjordane) i Vadheim 23. september 1884. Den såkalla Vadheimresolusjonen var eit målprogram med seks punkt retta mot styresmaktene. Vedtaket vart modell for ei rekkje av dei seinare vedtaka. Ei veke seinare, 30. september, sende Det Norske Samlaget ut eit flygeskrift om målreisinga i 12 000 eksemplar. Skriftet gjorde greie for bakgrunnen for målreisinga og oppmoda tydeleg organisasjonar og møte om å senda fråsegner og referat til Det Norske Samlaget eller avisene. Avisa Fedraheimen spela ei særleg viktig rolle som mobiliseringsorgan for målrørsla i denne fasen.

Initiativet på nyåret 1885

Då Stortinget kom saman på nyåret 1885, skal Lars Liestøl ha vore den som tok initiativet til eit framlegg i Stortinget som vart signert av 41 stortingsmenn. Framlegget til vedtak lydde:

Storthinget ynskjer, at Regjeringi vil sjaa til kvat som best kann gjerast for at det norske Folkemaalet, i dei Maatar, som i dette Brevet er innmeldt, kann faa full Rett og Fridom jamsides med Bokmaalet.

Vedtaket kom etter det som truleg er den mest omfattande språkdebatten som Stortinget nokon gong har hatt. Formelt kom debatten på ei sak om statstilskot til landsmålskurs 29. april-2. mai. Her vart dei fleste sider av språkspørsmålet diskuterte. Eit av dei mest glødande innlegga for landsmålet vart halde av statsminister Johan Sverdrup. Saka om jamstellingsvedtaket kom opp 9. mai og førte til debatt, men på langt nær så lang som på framlegget om løyvingar til landsmålskursa. Vedtaket kom så opp til røysting 12. mai.

Verknad

Jamstellingsvedtaket har seinare vorte ståande som eit viktig skiljemerke i norsk språkhistorie og eit fast referansepunkt i norsk språkpolitikk. Det fekk likevel ingen direkte konsekvensar, og den viktigaste funksjonen til vedtaket var som brekkstang for seinare vedtak om å opna for nynorsk på ulike felt, som den den fyrste lova på nynorsk i 1894.

Det var fyrst i 1892 det kom reglar som opna for å ta i bruk landsmålet i skule og kyrkje. Stortinget vedtok det året målparagrafen i folkeskulelovene som delegerte til skulestyra å avgjera om bokmål eller nynorsk skulle brukast i folkeskulen, og regjeringa opna dette året for at kyrkjelydane gjennom fleirtalsvedtak kunne ta i bruk dei nynorske salmane til Elias Blix. Blix hadde elles vore kykjeminister i 1885 då jamstellingsvedtaket vart gjort.

Framleggsstillarar

Framlegget til Stortinget (Dok. nr. 17 (1885)) var underskrive desse 41 stortingsrepresentantane:

Litteratur

  • Haugland, Kjell. (1974). Ei pressgruppe tek form. Målrørsla og Venstrepartiet 1883-1885. Historisk tidsskrift (nr. 2), 148-182.
  • Hoel, Oddmund Løkensgard. (2011). Norsk målreising. Mål og modernisering 1868-1940. (Bd. 2). Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Ottar Grepstad: Eit språk blir til: 1884 og Eit språk blir til: 1885 (Allkunne)


Spraakskifte.png Jamstellingsvedtaket er del av
prosjektet Språkskifte i norske kommunar 1892-2013
som er komme i stand i samband med Språkåret 2013.
Artiklane i denne serien er tilgjengelege i denne kategorien.