Jamstellingsvedtaket

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre

Jamstellingsvedtaket er den vanlege nemninga på eit vedtak gjort i Stortinget den 12. mai 1885 om å jamstella "det norske Folkesprog" (landsmål/nynorsk) med det "almindelige Skrift- og Bogsprog" (dansk-norsk/bokmål). Vedtaket var forma som ei oppmoding til regjeringa og lydde slik:

Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.

Vedtaket vart gjort med 78 mot 31 røyster. Alle Venstre-representantane unnateke ein røysta for vedtaket medan alle Høgre-representantane og ein frå Venstre røysta mot.

Vedtaket var resultatet av ein nasjonal aksjon frå målrørsla, på nasjonalt plan samordna av Det Norske Samlaget. Frå september 1884 til juni 1885 slutta oppunder 50 venstrelag, lærarmøte og andre organisasjonar og folkemøte seg til krav om offisiell status og rom for landsmålet i skule, kyrkje og offentleg administrasjon.

To initiativ var viktige for å setja kampanjen i gang. Det eine var eit amtslærarmøte for lærarane i Nordre Bergenhus (Sogn og Fjordane) i Vadheim 23. september 1884. Den såkalla Vadheim-resolusjonen var eit målprogram med seks punkt retta mot styresmaktene. Vedtaket vart modell for ei rekkje av dei seinare vedtaka. Ei veke seinare, 30. september, sende Det Norske Samlaget ut eit flygeskrift om målreisinga i 12 000 eksemplar. Skriftet gjorde greie for bakgrunnen for målreisinga og oppmoda tydeleg organisasjonar og møte om å senda fråsegner og referat til Det Norske Samlaget eller avisene. Avisa Fedraheimen spela ei særleg viktig rolle som mobiliseringsorgan for målrørsla i denne fasen.

Då Stortinget kom saman på nyåret 1885, skal Lars Liestøl ha vore den som tok initiativet til eit framlegg i Stortinget som vart signert av 41 stortingsmenn. Framlegget til vedtak lydde:

Storthinget ynskjer, at Regjeringi vil sjaa til kvat som best kann gjerast for at det norske Folkemaalet, i dei Maatar, som i dette Brevet er innmeldt, kann faa full Rett og Fridom jamsides med Bokmaalet.

Vedtaket kom etter det som truleg er den mest omfattande språkdebatten som Stortinget nokon gong har hatt. Formelt kom debatten på ei sak om statstilskot til landsmålskurs 29. april-2. mai. Her vart dei fleste sider av språkspørsmålet diskuterte. Eit av dei mest glødande innlegga for landsmålet vart halde av statsminister Johan Sverdrup. Saka om jamstellingsvedtaket kom opp 9. mai og førte til debatt, men på langt nær så lang som på framlegget om løyvingar til landsmålskurs. Vedtaket kom så opp til røysting 12. mai.

Jamstellingsvedtaket har seinare vorte ståande som eit viktig skiljemerke i norsk språkhistorie og eit fast referansepunkt i norsk språkpolitikk. Det fekk likevel ingen direkte konsekvensar. Det var fyrst i 1892 det kom reglar som opna for å ta i bruk landsmålet i skule og kyrkje. Stortinget vedtok det året målparagrafen i folkeskulelovene som delegerte til skulestyra å avgjera om bokmål eller nynorsk skulle brukast i folkeskulen, og regjeringa opna dette året for at kyrkjelydane gjennom fleirtalsvedtak kunne ta i bruk dei nynorske salmane til Elias Blix. Blix hadde elles vore kykjeminister i 1885 då jamstellingsvedtaket vart gjort.

Litteratur

  • Haugland, Kjell. (1974). Ei pressgruppe tek form. Målrørsla og Venstrepartiet 1883-1885. Historisk tidsskrift (nr. 2), 148-182.
  • Hoel, Oddmund Løkensgard. (2011). Norsk målreising. Mål og modernisering 1868-1940. (Bd. 2). Oslo: Det Norske Samlaget.