Jarehaugen (Bykle gnr 15/41)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. mai 2020 kl. 06:37 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «fylke = Aust-Agder» til «fylke = Agder»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Jarehaugen
Gjerden 48b.jpg
Jarehaugen pr 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1974
Utskilt: 1973
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 41
Type: Bustadeigedom

Jarehaugen er ein bustadeigedom i Bykle. Trygve T. Gjerden kaupte denne tomta i Nedre Sarv av Olav G. Gjerden i Attistog i 1973, og flutte inn i nytt hus her året etter.

Han er frå Nordstog, og son åt Torleiv P. Gjerden og kona, Ingebjørg Torleivsdtr. Røysland.

  • Trygve Torleivsson Gjerden, f 1946
g 1970 m Torbjørg Asbjørnsdtr. Rysstad, f 1950. Born:
  • Tor, elektrikar, f 1970, sjå Øvre Åsen, gnr 15, bnr 13
  • Arvid, f 1972, driv bensinstasjon, g m Mette Brottveit, sjå Turbo, bnr 74
  • Anne, f 25.9.1980, p.t. (2003) under utdaning

Torbjørg Asbjørnsdotter kjem frå Moheim Rysstad, bnr 27. Ho er dotter åt Asbjørn Tarjeisson Rysstad og kona, Anne Torleivsdotter, fødd Bjørgum (jfr. Valle I, 384).

Trygve Gjerden er utdanna røyrleggjar, og dreiv som sjølvstendig næringsdrivande i den bransjen i 18 år, inntil han vart oppsynsmann for utearbeidarane i Bykle kommune i 1986. Han eig Nordstog og Der inne, bnr 2 og 3, og har lagt ned mykje ressursar i å restaurere husa på det gamle tunet. Dette er omtala i bolkane om Der inne og Nordstog.


0941 Bykle komm.png Jarehaugen (Bykle gnr 15/41) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Ryningen • Neste bolk: Holen (Aust)

Koordinater: 59.35481946° N 7.35401113° Ø