Jean Føyen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (Ny side: '''Jean Fridolf Føyen''' (1878 - 1942) var forfattar av fanteslekt. Han vart fødd i Stord hjelpefengsel som son av to omstreifarar og adoptert bort eit par månader etter fødselen. S...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 36: Linje 36:
:*Sundt, Eilert:  ''Fante- eller landstrygerfolket i Norge''. 2005. Første gongen utg. 1852.
:*Sundt, Eilert:  ''Fante- eller landstrygerfolket i Norge''. 2005. Første gongen utg. 1852.
:*''100 år sidan Jean Føyen vart fødd - i Stord-fengslet''. Haugesunds Avis 14. januar 1978
:*''100 år sidan Jean Føyen vart fødd - i Stord-fengslet''. Haugesunds Avis 14. januar 1978
[[Kategori: Forfattere]]
[[Kategori:Personer fra Stord kommune]]
[[Kategori:Fødsler i 1878]]

Sideversjonen fra 20. des. 2011 kl. 09:46

Jean Fridolf Føyen (1878 - 1942) var forfattar av fanteslekt. Han vart fødd i Stord hjelpefengsel som son av to omstreifarar og adoptert bort eit par månader etter fødselen. Som vaksen livnærte han seg som skribent og bokmeldar i Kristiania. Då han og kona døydde, vart alt dei eigde testamentert til Stord kommune. Stord Folkebibliotek har ei eiga avdeling med boksamlinga hans og hans eigne skrifter.

Dramatisk familiebakgrunn

Då Jean Fridolf kom til pleieforeldra sine var han berre åtte veker gammal. Han vaks opp på garden Føyno på Stord hos adoptivforeldra Johannes og Ingeborg Føyen. På folkemunne heiter det seg at han var lagt på dørhella, pakka inn i ein bylt.

Mora heitte Axeliane. Ho var fødd i Stavanger i 1840. Foreldra hennar ser ikkje ut til å ha vore omstreifarar. Det var arbeidsmann Johannes Johannessen Østreim og kona Anne Katrine, begge frå Stavanger. Johannes vert seinare omtala som bødker, som var ei stor yrkesgruppe i Stavanger på den tida. I 1855 vart Axeliane konfirmert i Stavanger domkyrkje. Ho får skussmålet “meget god i Bog”. Det er altså ingenting som tyder på kor ille det skulle gå med henne seinare i livet.

Me finn Axeliane att 11 år seinare, på Stord. Her vart ho vigd ein novemberdag i Stord kyrkje med ”Blikkenslager Edvard Guldbrandsen Ros”. Dei hadde ikkje forlovarar, men avla eid om sin kristne bakgrunn. Kvifor ho no var hamna på Stord veit me ikkje. Sjølv om Axeliane kunne framleggja prov på at ho var både døypt og konfirmert, kan neppe brudgommen Edvard ha vore i stand til det. Han var 26 år gammal og fødd i Drangedal, som son av ”Omstreifer Carl Gulbrand Andreassen Ros”. Ros eller Andreassen-slekta var ei kjend omstreifarslekt i Sør-Noreg.

Edvard er omtala i Eilert Sundt sitt verk om “Fante- eller Landstrygerfolket i Norge”. Eilert Sundt skriv om Edvard at han på slutten av 1850-åra farta om på Jæren med ei viss Johanne Cæcilie Knudsdatter - “et overmaade lidenskabeligt Menneske” som fører det Sundt omtalar som det ”usædvanlig voldsomme Fanteliv”. Ho hadde fleire born med ulike menn. Ho fekk også eit barn med den 17-årige Edvard. Det førte til at ho måtte sona etter konkubinat-paragrafen. Då ho var ferdig med soninga freista ho å slå seg til ro i Stavanger. Men så dukka Edvard opp att, og no “foer hun som en Furie omkring i Stavanger-Fjordene i Sommeren 1861...”

Ikkje lenge etter slår han seg altså saman med Axeliane, som då er 19 år gammal. I oktober 1863 døyper dei ei dotter på Halsnøy i Sunnhordland, Ingeborg Marie. Dei sit då i “Halsnøen Arresthuus”. Då dei gifta seg i 1866 hadde dei alt to born - seinare fekk dei fire til. Då sonen Jean vart fødd fortalde Axeliane, som då sat fengsla på Stord, at Edvard hadde reist frå henne. Ho trudde at han kanskje var død. Dermed slo hun seg i lag med to andre menn og vart gravid på nytt. Ho vart seinare arrestert i Ølen. Då var ho saman med ein svensk reisande, og var gravid endå ein gong, men med ein annan mann.

Axeliane fekk sitt niande barn i Stord hjelpefengsel. Barnet fekk namn etter den mannen ho for tida reiste saman med, Johannes Fridolf - men kalla guten opp etter faren med ein “fransk vri", Jean Fridolf. Ho vart samstundes dømd til seks månaders straffarbeid i Christiania Tugthuus. Ho var då 36 år gammal. Etter soninga finst det ikkje spor etter henne.

Oppvokster som “fantunge”

Jean vart altså adoptert og vaks opp på Føyno, ein gard sør på Stord. Det ser ikkje ut for at det kan ha vore lett for han. Det heiter seg at han sprang og gøymde seg når det kom fantar på besøk, livredd for at dei skulle ta han med seg att. Han vart óg visstnok terga av andre ungar om fanteopphavet sitt.

Hos Johannes og Ingeborg Føyen fekk han ein god heim. Han var flink på skulen, og som elev på Garnes ungdomsskule i åra 1894-1895 fekk han det rådet av læraren at han burde studera. Det var det ikkje pengar til. I staden tok han seg arbeid som krambusvein, først i Bergen og seinare i Oslo. Han tok også til å skriva, både dikt og noveller, og fekk ting på trykk i populære blader som Korsaren, Tyrihans, Vikingen og Humoristen, seinare også i Tidens Tegn og Norges Handels- og Sjøfartstidende.

Jean Føyen er ikkje vigd nokon plass i norsk litteraturhistorie, trass i at han hausta gode kritikkar og vart sett på som ein kresen stilist i samtida. Han debuterte på Gyldendal forlag med diktsamlinga “Blade” i 1909, tre år seinare kom ei novellesamling på Aschehoug, “Menneskers liv”. I 1917 kom det ei ny diktsamling, “Sommernætter”, på Helge Erichsens forlag. Den fjerde og siste boka hans var ei samling humoresker kalla “Sommerfryd”, gjeve ut på Kristian Bjørnstads forlag i 1924. Den øvrige litterære produksjonen hans vart spreidd på ei rekkje tidsskrifter, magasiner og julehefte - han var sjølv også redaktør for nokre julehefte. Det vart også sagt at han skreiv på ein større roman som han aldri fullførte.

Føyen-samlinga

Jean Føyen døydde i jula 1942, medan kona Una Lidberg levde til 1947. Dei var barnlause, og såleis testamenterte dei vekk alt dei eigde. Stord kommune fekk overta boksamlinga, samt ei rekkje dokument av litterær og litteraturhistorisk interesse. Føyen stod i kontakt med mange av dei mest kjende litterære skikkelsene i samtida. Føyen-samlinga er i dag oppbevart på Stord Folkebibliotek, der ein også har teke vare på artiklar og anna i samband med forfattaren.

Andre forfattarar med fantebakgrunn

I forfattarskapen sin har Jean Føyen ikkje nytta dei reisande som tema - tvert om, dei er heldt på ein armlengdes avstand. Slik skil han seg frå ein annan forfattar med reisandebakgrunn, Jon Ljosdahl. Han er mest kjend for visa ”Gryta hennar mor”, men gav også ut fleire forteljingar og bøker med tema om dei reisande. Ljosdahl vart fødd på garden Flå i Birkenes på Sørlandet. 10 år gammal byrja han på skule i Stavanger, og fekk fire års skulegong før han stakk til sjøs. Då han mønstra av i 1920-åra levde han det tradisjonelle taterlivet, streifa rundt og selde krambuvarer. Han tok også til å skriva. Det vart sagt at han sat i grøftekanten og skribla ned forteljingar frå sitt eige miljø.

Ein annan slik forfattar er Kristian Bredesen. Han vart født i ei ”fanteskøyte” på Sørlandet. Bakgrunnen har han skildra i fleire bøker. Oppvekstmønsteret er det same som gjaldt for svært mange reisandeborn i mellomkrigstida: ein alkoholisert far, ei tiggande mor, dårleg husvære i båt, beinharde tenestemenn i politi og verjeråd, barneheim, adopsjon, mobbing for bakgrunnen, ”misjonsgnål”, grubling over eigen situasjon. Men Kristian Bredesen fekk både utdanning og gjorde ein karriere i skuleverket. Sjølv om det ser ut til å ha vore ein smertefull prosess, har Bredesen gjort dei reisande til tema i bøkene sine.

Kjelder og litteratur

  • Gotaas, Thor: Taterne - livskampen og eventyret. Andresen & Butenschøn. 2007.
  • Hagerup, Werner: Nokre notatar om Axeliane Johannesdotter. Småtrykk, lokalsamlinga ved Stord Folkebibliotek.
  • Moe, Tore Lande: Dei reisande - om tatatar og fantar. Sunnhordland Årbok 2008.
  • Sundt, Eilert: Fante- eller landstrygerfolket i Norge. 2005. Første gongen utg. 1852.
  • 100 år sidan Jean Føyen vart fødd - i Stord-fengslet. Haugesunds Avis 14. januar 1978