Jean Føyen

Jean Fridolf Føyen (fødd 10. april 1878 på Stord, død 27. desember 1942 i Oslo) var forfattar og journalist. Han var i ei årrekkje knytt til Norges Handels og Sjøfartstidende som litteraturkritikar.

Portrett av Jean Føyen (1878-1942). Biletet er ein del av Føyen-samlinga ved Stord folkebibliotek.
Novellesamlinga «Feriefryd» frå 1924.

Bakgrunn

Foreldra var Alexiane Johannesdatter Østrem (f. 1842 i Stavanger) og Ole Paulsen (f. 1851 i Sverige), som båe levde som omstreifarar. Jean vart fødd i Leirvik hjelpefengsel, men kom eit par månader etter fødselen i pleie hos Johannes (f. 1834) og Ingeborg Føyen (f. 1830). Han vaks opp på sørsida av Stord, på garden Føyno, som var i sjølveige. I folketeljinga for 1891 hadde paret fire born buande heime. I tillegg til Jean var det Ole (f. 1850, oppført som steson), Anne Katrine (f. 1866) og pleiedottera Ingeborg Gurine (f. 1879). Ole står i teljinga oppført med gardsarbeid som yrke, medan Anne Katrine var sypike.

Jean var flink på skulen, og som elev på Garnes ungdomsskule i åra 1894-1895 fekk han det rådet av læraren at han burde studera. Det var det ikkje pengar til. I staden tok han seg arbeid som krambusvein, først i Bergen og seinare i Oslo.

Føyen gifta seg i 1924 med Hanna Adolfine (Una) Liberg (1895–1947) frå Kristiania, som arbeidde som bokhaldar på Schous bryggeri. Ho fekk også publisert eit par noveller i avisa Norges Kvinder. Paret var barnlause.

Forfattar og kritikar

Føyen tok tidleg til å skriva. Han bidrog med dikt og noveller i populære blader som Korsaren, Tyrihans, Vikingen, Hvepsen, Humoristen og fleire. Han var også redaktør for nokre julehefte. Etter kvart vart han fast knytt til Tidens Tegn, der han skreiv dikt og noveller under psevdonymet Trubaduren. Seinare gjekk han over til Norges Handels- og Sjøfartstidende, der han mellom anna var bokmeldar i ei rekkje år.

Jean Føyen er ikkje vigd nokon plass i norsk litteraturhistorie, trass i at han hausta gode kritikkar og vart sett på som ein kresen stilist i samtida. Han debuterte på Gyldendal med diktsamlinga «Blade» i 1909. Tre år seinare kom novellesamlinga «Menneskers liv» på Aschehoug. I 1917 kom det ei ny diktsamling, «Sommernætter», på Helge Erichsens forlag. Den fjerde og siste boka hans var ei samling humoresker, «Sommerfryd», gjeve ut på Kristian Bjørnstads forlag i 1924. Det vart også sagt at han skreiv på ein større roman, som han aldri fullførte.

I forfattarskapen sin skreiv ikkje Jean Føyen om dei reisande sjølv om mora og truleg også faren ikkje var bufaste. Tvert om heldt han ein armlengdes avstand til temaet. Ifylgje forfattaren av Stord bygdebok, Ola Høyland, tolde han mest ikkje å sjå reisande i oppveksten. Truleg hadde andre ungar terga han for opphavet hans.[1]

Føyen-samlinga

Jean Føyen døydde i jula 1942, medan kona Una Lidberg levde til 1947. Paret testamenterte alt dei eigde til Stord kommune, mellom anna boksamlinga og ei rekkje dokument av litterær og litteraturhistorisk interesse. Føyen stod i kontakt med mange av dei mest kjende litterære skikkelsene i samtida. Føyen-samlinga finst ved Stord folkebibliotek og rommer boksamlinga, Føyens eigne skrifter, samt artiklar og anna knytt til forfattaren.

Utgjevingar

Fotnotar

  1. Høyland: 212

Kjelder og litteratur