Jeg er så glad hver julekveld

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 14. des. 2017 kl. 08:32 av Kallrustad (samtale | bidrag) (under arbeid)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Marie Wexelsen

Jeg er så glad hver julekveld er ein julesong. Teksta er skrivi av Marie Wexelsen Wexelsenfamilien finst det ein melodi denne songen vart sungen på, men melodien som har festa seg til teksta er det Peder Knudsen som har skrivi.

Rett føre jul i 1859 kom det ut ei tynn lita bok. Ketil, en Julegave for de Smaa af I. L. står det på tittelsida. Det er ei søt lita forteljing om fattigguten Ketil som gjekk til prestegarden og vart besteven med son og dotter åt presten. Det er ei historie om klasseskilnad og om synd, anger og tilgiving. Historia om Ketil og presteborna har gått i gløymeboka for lenge, lenge sidan. Grunnen til at den vesle boka er interessant for oss i dag, er diktet som står fremst i boka. Det har lite med handlinga i boka å gjera, men er ei ekstra julegåve til borna frå forfattarinna. Barnets Julesang har ho kalt diktet sitt, Jeg er saa glad hver Julekveld lyder fyrste strofen.

Bak pseudonymet I. L. gøymer det seg ei ung kvinne. Marie Wexelsen var 27 år gammal da ho gav ut den vesle boka og gav oss det som skulle bli ein av dei mest sungne og elska julesongane våre. Ho var fødd på Toten, på plassen Engeland under Rognstad, i 1832, som den yngste av i alt ni sysken. Far hennar, Wexel Hansen Wexelsen, hadde vori forvaltar på Hurdal Glassverk, men da staten selde glassverket til private i 1824, drog han frå Hurdal med den store familien sin. Etter å ha budd på Ringsaker nokre år, flytta dei til Toten. I 1833, da Marie var eitt år gammal, fekk faren ein stor arv etter mor si, slik at han kunne kjøpe gard. Han kjøpte Øvre Sukkestad, og der voks Marie opp.

Ein av brørne åt Marie, Hans Wexelsen, har skildra barndomsheimen på Sukkestad slik:

Det var intet rikt hjem på gods og gull, men det var et rikt hjem på kjærlighet på mild og faderlig omgjengelse. Mor var en meget varm kristen, men langt fra pietismen, tross sitt ofte vemodige alvor. Kristenlivet i mitt barndomshjem var så yndig menneskelig, at det ikke kunne ødelegge det livlige barnesinn med munterhet, lek og dans. Vi barn ble ikke skremt bort fra kristendommen i dette hjem. Dog vil jeg si, etter eget minne, jeg holdt på kristentroen, fordi den var min mor så dyrebar og hellig.

Morbroren, Wilhelm Wexels, var på Sukkestad eit par veker kvar sommar. Han var prest i Kristiania. Wexels hadde god kontakt med Grundtvig, og var den som gjorde mest for å spreie dei grundtvigianske tankane i Noreg. Morbroren skal ha vori særleg oppteken at den oppvakte Marie skulle få nye kunnskapar. Sentrale folkehøgskolefolk var ofte på besøk. Ungane på Sukkestad møtte òg rasjonalismen. Om sin lokale prest, personellkapellan Peter Stabel, skriv Hans Wexelsen: «’Min’ prest, Peter Stabel, var en ung og vakker mann, mild og vennlig. Men han var fullblods rasjonalist. Peter Stabel nektet både Kristi guddom og djevelens tilværelse». Også haugianarar, som lekpredikanten Herman Rustad, vanka hos Wexelsen på Sukkestad, men «det er en betydelig forskjell på Hans Nielsen Hauges gamle venner og pietistene av den tyske Gisle Johnsonske skole», seier Hans Wexelsen.

Det var i dette miljøet Marie Wexelsen voks opp. Ho hadde eit ope sinn og ei glad, grundtvigiansk kristentru. Marie Wexelsen vart buande på Sukkestad så lenge foreldra levde. Faren døydde i 1867, mora i 1873. Etter å ha følgt mora til grava, laut Marie flytte frå Toten. Dei fyrste åra flytte ho rundt til brørne sine. Rundt 1880 slo ho seg ned på Hamar og starta ein skole for småborn. Rundt 1890 flytte ho til Trondheim og dreiv ein liten skole der òg. Ho døydde i Trondheim i 1911.

Marie Wexelsen var interessert i samfunnet rundt seg. Ho tok tidleg til å skrive, og det meste skreiv ho før ho flytte frå Toten. Den fyrste vesle barneboka ho fekk gitt ut var En liden Julegave for Børn og

Børnevenner. Ho kom i 1858, da var Marie 26 år gammal. Same året kom den fyrste romanen, Vesle-Kari, eller de Forældreløse. Til jul året etter kom den vesle historia om Ketil, med Jeg er så glad hver julekveld som ei ekstra julegåve til born. I 1860 gav ho ut ein ny roman, Steffen. En gammel Præstedatters Ungdomsminder, der ho skildrar det vanskelege kjærleiksforholdet mellom ein tatergut og ei gardmannsdotter. Dei kunne ikkje få einannan, for far hennar var sterkt imot det. Den siste boka ho skreiv på Toten var Et Levnetsløb, som kom ut i København i 1866. Dette blir rekna for å vera den mest betydningsfulle boka Marie Wexelsen skreiv. Nå gjekk det nesten 30 år før ei ny bok kom frå Marie Wexelsen, En Julehistorie kom ut i Trondheim i 1894. Den siste boka hennar, En liden Barnebog, Rim og Smaahistorier kom i 1895.

I si samtid vart Marie Wexelsen halden for å vera ein ikkje ubetydeleg forfattar. Bøkene hennar vart samanlikna med bondeforteljingane åt Bjørnson. Ho vart mykje lesen, og ho tok opp saker som var aktuelle i tida. Mellom anna vart ho rekna for å vera ein av dei fremste i kampen for kvinnefrigjering i andre halvdelen av 1800-talet. Ho såg stadig klarare at frigjeringa av kvinna laut koma, at dette hadde vorti «en levende magt som ikke kan modstaaes». Spørsmålet om naturvitskapane, og om menneska var i slekt med apane, var høgst aktuelt. I hovudromanen sin, Et Levnetsløb, diskuterer hovudpersonane darwinismen ut frå setningen: «Gud har givet vor Tid Naturvidenskaberne».

Det som gjer at namnet Marie Wexelsen er kjent og kjært for oss i dag, er ikkje romanane og samfunnsengasjementet. Det er julesongen ho gav oss til jul i 1859. I Wexelsenfamilien finst det ein melodi denne songen vart sungen på, men melodien som har festa seg til teksta er det Peder Knudsen som har skrivi. Han var husmannsson frå Vågå og vart organist i Ålesund. Melodien var kjend og brukt i Ålesund så tidleg som i 1862, men så seint som i 1898 står songen oppført med ein annan melodi i Seips visebok. Det har danna seg ein myte om korleis Marie og Peder møtte einannan. Dette er truleg ikkje anna enn ei søt historie. Det er ikkje noko som tyder på at Marie nokon gong var i Ålesund, eller at ho og Peder hadde kontakt. Men teksta til Marie og melodien til Peder har smelta saman til eit heile.


Barnets Julesang

Jeg er saa glad hver Julekveld,
thi da blev Jesus født,
da lyste Stjernen som en Sol,
og Engle sang saa sødt.

Det lille Barn i Bethlehem,
han var en Konge stor,
som kom fra Himlens høje Slot
ned til vor arme Jord.

Nu bor han vel i Himmerig
- han er Guds egen Søn –
men husker altid paa de Smaa
og hører deres Bøn.

Jeg er saa glad hver Julekveld,
da synge vi hans Priis,
da aabner han for alle Smaa,
sit søde Paradiis.

Da tænder Moder alle Lys,
saa ingen Krog er mørk;
hun siger: Stjernen lyste saa
i hele Verdens Ørk.

Hun siger, at det lyser end
og slukkes aldrig ud,
og hvis den skinner paa min Vej,
da kommer jeg til Gud.

Hun siger at de Engle smaa
de synge og idag,
om Fred og Fryd paa Jorderig,
og om Guds Velbehag.

O, gid jeg kunde synge saa,
da blev vist Jesus glad;
thi jeg jo ogsaa blev Guds Barn
engang i Daabens Bad.

Jeg holder af vor Julekveld
og af den Herre Christ,
og, at han elsker mig igjen,
det veed jeg ganske vist!

O Gud skee Lov!