Jelsa kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 24. jun. 2019 kl. 11:27 av Cnyborg (Samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Jelsa kommune. Frå Norske næringsliv, utg. 1950.

Jelsa kommune i Rogaland vart oppretta i 1837 i samband med innføringa av det kommunale sjølvstyret. Kommunen besto då av landet på båe sider av Sandsfjorden og Erfjorden lenger sør, den nedre delen av Suldalslågen sitt dalføre, attåt den nordaustre delen av Ombo. I 1859 vart Sand skild ut som eigen kommune, og i 1914 hende det same med Erfjord.

Grensene var deretter uendra til 1965, då Jelsa vart innlemma i den nye storkommunen Suldal. Jelsa hadde då eit areal på 130 km2 og 929 innbyggjarar.

Den kommunale verksemda

På 1950-talet hadde Jelsa 13 skulekrinsar. I 11 av krinsane var nynorsk hovudmålet, medan to var bokmålsskular.

Kilder og litteratur