Jens-legde

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 29. apr. 2021 kl. 07:36 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jens-legde (-slekta) på Lesja

Denne slekta har utgangspunkt i Jens Jenssen Staby som kom til Lesja, truleg frå Danmark som den tredje presten etter reformasjonen kring 1570. Her skal han ha blitt gift med Marit, «bonde-Datter». Jens den eldre som han seinare vart kalla, skal etter tradisjonen ha flytta frå Lesja i året 1600, da det hadde vore fleire frost- og tørkeår etter kvarandre. I 1602 vart han i alle fall prost i Gudbrandsdalen og prest i Øyer. Jens skal ha hatt fem barn:

  • Jens den yngre, død 1639, gjekk iflg. presten Niels Stockflet i 4. klasse i Trondheims Skole da faren reiste til Øyer, og vart da bede av bygdefolket om å kome heim att og ta over kallet. Han vart gift med Anne Sveinsd. frå Hattrem på Lesja, døydde på reise til Ringsaker og vart gravlagt der. 10 barn:
    • Kristen født ca. 1604, gift med Magnhild Rolfsdtr. frå Blakar i Lom, brukar på Hovauk på Lesja.
    • Jens, født ca. 1604, gift med Else Trondsdtr. frå Systugu Tynnøl på Lesja, brukar på Brennjord på Lesja.
    • Svein, født ca. 1608, gift med Randi Einarsdtr. frå Nørstebø på Lesja, brukar på Nigard Hattrem på Lesja.
    • Kristoffer, født ca. 1612, brukar Flågåstad på Lesja, gift med Marit Olsdtr. frå Tofte på Dovre.
    • Ola, født ca. 1618, skal ha vore gift med Anne Olsdtr. frå Tofte på Dovre, brukar i Lia på Lesja.
    • Anne, iflg. Kleiven prøvde faren og brørne hennar å få ettermannen i prestekallet, Sigvart, til å gifte seg med ho, utan hell. Elles ukjent.
    • Marit, sjå Sønstebø (1-3) og Systugu Sønstebø (3-1).
    • Guri, gift med Tore Trondsson på Systugu Tynnøl på Lesja.
    • Dotter, gift med Ola Olsson på Stor-Kollstad på Lesja.
    • Mari, gift med Ola Olsson frå Tofte, brukarar Hauje (1-5a).
  • Aron, kom ifølgje presten Niels Stockflet til Øyer, budde på garden Mo, seinare rydda han bruket Aron-Svee.
  • Nils, kom til Belle på Lesja.
  • Moses, skal ha rydda garden Nilsplassen på Lesja. I 1613 vart han bøtelagt i Øyer for å ha stukke ein Aron Mo, truleg broren, til blods. Per Berg har skrive at han reiste ut av landet.
  • Anne, kom til Skjelstad på Dovre, gift der, mannen død før 1643, ho klaga det året over at hennar «salige brors qvinde» (Anne Sveinsd., g. m. Jens den yngre) ville trengje ho frå garden som hennar «salige husbond» hadde bygd og leigd.

Kjelder