Jens Bjelke: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(korr.)
(korr)
(19 mellomliggende versjoner av 8 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
{{Innhold høyre}}
{{Innhold høyre}}
<onlyinclude>{{thumb|Austrattborgen5.JPG|Jens Bjelkes minnesmerke på [[Austrått]]|Orland|Januar 2008}}'''[[Jens Bjelke]]''' (fødd [[2. februar]] [[1580]], død [[7. november]] [[1659]]) var ein norsk adelsmann, godseigar, [[Leksikon:Lensvesen|lensherre]] og [[Leksikon:Norges rikes kansler|Noregs rikes kanslar]].</onlyinclude>
<onlyinclude>{{thumb|Austrattborgen5.JPG|Jens Bjelkes minnesmerke på [[Austrått]]|Morten Olsen Haugen|januar 2008}}'''[[Jens Bjelke]]''' (fødd [[2. februar]] [[1580]], død [[7. november]] [[1659]]) var ein norsk adelsmann, godseigar, [[Leksikon:Lensvesen|lensherre]] og [[Leksikon:Norges rikes kansler|Noregs rikes kanslar]]. Han tilhøyrde [[Bjelke (adelsslekt)|ei av dei viktigaste adelsslektene i Noreg]].</onlyinclude>

== Familie, utdanning, ekteskap ==<onlyinclude>
== Familie, utdanning, ekteskap ==<onlyinclude>
Linje 7: Linje 7:
Etter å ha gått på [[katedralskolen i Trondheim]], studerte Jens Bjelke i tidsrommet 1600-1605 i Tyskland ved universiteta i Rostock og Leipzig og i Leiden (Holland). Deretter var han i nokre år tilsett som sekretær ved [[Danske kanselli]] i København. I [[1609]] vende han attende til Noreg med offentlege oppdrag og for å ordne med skiftet av familiens jordegods etter farens død.</onlyinclude>  

I [[1610]] gifta Jens Bjelke seg med [[Sophie Brockenhus]] (1587-1656). Ho var dotter til [[Henrik Brockenhus]] til [[Elingård]] (1542-1588) og [[Dorte Juel]] (død etter 1625).
11. februar  [[1610]] gifta Jens Bjelke seg med [[Sophie Brockenhuus]] (1587-1656). Ho var dotter til [[Henrik Brockenhuus (1542–1588)|Henrik Brockenhuus]] til [[Elingård]] (1542-1588) og [[Dorte Juel]] (død etter 1625).

Jens Bjelke og Sophie Brockenhuus fekk desse borna:
Jens Bjelke og Sophie Brockenhus fekk desse borna:
# [[Ove Bjelke|Ove]] (1611-1674), m.a. Norges rikes kansler og [[stiftamtmann]] over [[Trondheim stift]].
# [[Ove Bjelke|Ove]] (1611-1674), m.a. Norges rikes kansler og [[stiftamtmann]] over [[Trondheim stift]].
# Dorothea (1612-1674), gift med Daniel Knudsen Bildt til Morlandsgård, og i sitt andre ekteskap med Gabriel Rosenskjøld.
# Dorothea (1612-1674), gift med Daniel Knudsen Bildt til Morlandsgård, og i sitt andre ekteskap med Gabriel Rosenskjøld.
# Henrik (1615 -1683), [[Leksikon:Riksembetene|riksadmiral]], gift med Edele Christopherdotter Ulfeld til Næsbyholm.
# [[Henrik Bjelke|Henrik]] (1615 -1683), [[Leksikon:Riksembetene|riksadmiral]], gift med Edele Christopherdotter Ulfeld til Næsbyholm.
# Elisabeth (1616-1658?), gift med generalmajor [[Chr. Fr. Gersdorff]].
# Elisabeth (1616-1658?), gift med generalmajor [[Chr. Fr. Gersdorff]].
# Christian (1616-1642), død i duell.
# Christian (1616-1642), død i duell.
# Eiler, død som spebarn.
# Eiler, død som spebarn.
# Eiler Erik, død ung.
# Eiler Erik, død ung.
# Birgitte, gift med [[Daniel Ottesen Bildt]] til [[Hafslund]], i andre ekteskap med [[Fredrik von Offenberg]].
# [[Birgitte Jensdatter Bjelke|Birgitte]], gift med [[Daniel Ottesen Bildt]] til [[Hafslund]], i andre ekteskap med amtmann [[Frederik von Offenberg]].
# Jørgen (1621-1696), generalløytnant, gift med [[Magdalene Sibylle Joachimsdotter Gersdorff]].
# [[Jørgen Bjelke|Jørgen]] (1621-1696), generalløytnant, gift med [[Magdalene Sibylle Joachimsdotter Gersdorff]].
# Margrethe (1622-1698) gift med [[Johan Fredrik Marschalck]], Norges rikes kanslar.
# Margrethe (1622-1698) gift med [[Johan Fredrik Marschalck]], Norges rikes kanslar.
# Maren (1624-1652), gift med [[Børge Rosenkrantz]].
# Maren (1624-1652), gift med [[Børge Rosenkrantz]].
# Sophie, gift med oberst [[Otte Schade]] til Tanderup, i andre ekteskap med generalløytnant [[Hans Løwenhielm]] til Veirup.
# [[Sophie Bjelke|Sophie]], gift med oberst [[Otte Schade]] til Tanderup, i andre ekteskap med generalløytnant [[Hans von Løwenhielm]] til Veirup.
# Herman (1627-1647).
# Herman (1627-1647).
# Corfits, død ugift.
# Corfits, død ugift.
Linje 41: Linje 40:
*[[Bergenhus len]] 1. juni 1633-1. mai 1641
*[[Bergenhus len]] 1. juni 1633-1. mai 1641
*[[Stavanger len]] 1. mai 1641-1. mai 1646
*[[Stavanger len]] 1. mai 1641-1. mai 1646
*[[Maria kyrkje prostigods og Rakkestad len]] ([[Hobøl]] og [[Rakkestad]] i [[Østfold]], [[Vestre Bærum]] i [[Akershus]], [[Helgøya]] i [[Ringsaker]] i [[Hedmark]] og ein del strøgods) 30. mai 1646- 1661
*[[Maria kyrkje prostigods og Rakkestad len]] ([[Hobøl]] og [[Rakkestad]] i [[Østfold]], [[Vestre Bærum]] i [[Akershus]], [[Helgøya (Ringsaker)|Helgøya]] i [[Ringsaker]] i [[Hedmark]] og ein del strøgods) 30. mai 1646- 1661

== Jordegods ==
== Jordegods ==
Linje 53: Linje 52:

=== Gods i Fosen ===
=== Gods i Fosen ===
====[[Austrått]]====
====[[Austrått]]====
{{thumb|Austrattborgen.jpg|Austråttborgen}}
{{thumb|Austrattborgen.jpg|Austråttborgen}}
:Setegarden Austrått ligg i nåverande [[Ørland kommune]]. I 1648 høyre garden til Ørland prestegjeld, hovudsoknet.  
:Setegarden Austrått ligg i nåverande [[Ørland kommune]]. I 1648 høyre garden til Ørland prestegjeld, hovudsoknet.  
©
 
:Austrått var Jens Bjelkes farsarv. Eldste sonen [[Ove Bjelke|Ove]] arva Austrått ved skiftet etter faren i 1660, men det tilliggjande godset til Austrått og Tønnøl var uskifta mellom han og systera Birgitte ei tid etter det.

Linje 65: Linje 63:

====[[Tønnøl]]====
====[[Tønnøl]]====
:Setegarden Tønnøl (Tøndelgård) ligg i Nes i Bjugn kommune. Nes var anneks til Ørland hovudsokn i 1648.
:Setegarden Tønnøl (Tøndelgård) ligg i Nes i Bjugn kommune. Nes var anneks til Ørland hovudsokn i 1648.

Linje 73: Linje 70:

:Det tilliggjande leiglendingsgodset utgjorde 68 thk. Dertil kom 11 riksdalar i grunnleige. Det låg i alt 30 gardar med minimum 35 leiglendingar til Tønnøls jordebok i 1648. Berre 3 gardar med 7 leiglendingsbruk låg innansoknes (Nes anneks). Gardane låg elles i [[Åfjord]] (10), Jøssund (1) og [[Rissa]] (1) i Fosen. Dertil kom strøgods i 15 gardar fordelte over [[Stjørdal]], [[Selbu]], [[Skogn]], [[Buvika]], [[Rennebu]], [[Hegra]], [[Orkdal]] og [[Namdal]] i Trøndelag og [[Lødingen]], [[Tjøtta]] og [[Værøy]] i [[Nordland]].

====[[Storfosen]]====
====[[Storfosen]]====
:Setegarden Storfosen (Fosengård) ligg på øya [[Storfosna]] i Ørland kommune, og høyrde sameleis som Austrått til Ørland hovudsokn i 1648.
:Setegarden Storfosen (Fosengård) ligg på øya [[Storfosna]] i Ørland kommune, og høyrde sameleis som Austrått til Ørland hovudsokn i 1648.

Linje 82: Linje 77:

:Hovudgardstaksten for Storfosen var i 1648 10 spann eller 20 våger fisk, dvs. 15 thk. Det tilliggjande leiglendingsgodset var på 73 thk. Leiglendingsgodset bestod av 21 gardar med minimum 35 leiglendingar. Alle gardane låg i Ørland hovudsokn, i dei to bygdene Ørland og [[Agdenes]]. Gardane låg spreidde på øyene og fastlandet ved innløpet til Trondheimsfjorden.

====[[Holla]]====
====[[Holla]]====
Linje 90: Linje 84:
:Jens Bjelke kjøpte Holla-godset frå systera Vibeke i 1635. Ho hadde arva det etter faren Åge Bjelke. I 1651 måtte Jens Bjelke pantsetje godset til [[Christoffer Nilsen]], tollar på Nordmøre. I 1665 måtte Jens Bjelkes arvingar skøyte godset over på Christoffer Nilsen for å dekkje restgjelda.

:I jordeboka 1648 er Holla med avlsgarden Haug vurdert til 6 spann eller 12 våger fisk, tilsvarande 9 thk. Det tilliggjande leiglendingsgodset til Holla utgjorde 25 thk, og bestod av 26 gardar med minimum38 leiglendingar. Dei fordelte seg med om lag halvparten i kvar av bygdene Hemne og Fillan.
:I jordeboka 1648 er Holla med avlsgarden Haug vurdert til 6 spann eller 12 våger fisk, tilsvarande 9 thk. Det tilliggjande leiglendingsgodset til Holla utgjorde 25 thk, og bestod av 26 gardar med minimum 38 leiglendingar. Dei fordelte seg med om lag halvparten i kvar av bygdene Hemne og Fillan.

=== Gods på Nordmøre ===
=== Gods på Nordmøre ===
====[[Kanestraum]]====
====[[Kanestraum]]====
:Kanestraum ligg ved [[Halsafjorden]] i [[Straumsnes]] i nåverande Tingvoll kommune. I 1648 høyrde garden til i [[Halsa anneks]] til [[Stangvik prestegjeld]].
:Kanestraum ligg ved [[Halsafjorden]] i [[Straumsnes]] i nåverande Tingvoll kommune. I 1648 høyrde garden til i [[Halsa anneks]] til [[Stangvik prestegjeld]].

Linje 105: Linje 95:

:Det tilliggjande leiglendingsgodset til Kanestraum utgjorde 40 thk pluss 4,5 riksdalar i grunnleige. Godset bestod av 19 gardar med 23 leiglendingar. 14 av gardane var innansoknes gods, dvs. at dei låg i Halsa anneks. Dei fem andre gardane låg i [[Frei]], [[Halsa]] og [[Tustna]].

=== Gods på Hedmarken ===
=== Gods på Hedmarken ===
====[[Hovinsholm]]====
====[[Hovinsholm]]====
 
:Hovinsholm på [[Helgøya (Ringsaker)|Helgøya]] i [[Mjøsa]] (Ringsaker kommune). I 1648 høyrde Helgøya til [[Nes i Hedmark|Nes]] prestegjeld. Men i den verdslege administrasjonen var Helgøya skild frå resten av soknet, i det ho var lagt under [[Mariakyrkje prosti gods og Rakkestad len]].
:Hovinsholm på [[Helgøya]] i [[Mjøsa]] (Ringsaker kommune). I 1648 høyrde Helgøya til [[Nes i Hedmark|Nes]] prestegjeld. Men i den verdslege administrasjonen var Helgøya skild frå resten av soknet, i det ho var lagt under [[Mariakyrkje prosti gods og Rakkestad len]].

:Hovinsholm med Skredshol (sjå nedanfor) var del av arven som Sophie Brockenhus fekk etter onkelen Peder Brockenhus. Dei to setegardane gjekk etter Jens Bjelkes død i arv til sonen generalløytnant Jørgen Bjelke.

Linje 118: Linje 105:

:Det tilliggjande leiglendingsgodset var taksert til 42,75 thk. Det bestod av 31 gardar med mimum 30 leiglendingar. Alle gardane låg på Helgøya, og Jens Bjelke var eineeigar til alle. Det meste av dette godset kom Jens Bjelke i hende ved eit stort makeskifte han gjorde med Mariakyrkja i 1639.<ref>Norske Rigs-Registranter VII s 574ff.</ref> Før 1639 utgjorde truleg Hovinsholm og Skredshol med tilliggjande leiglendingsgardar eitt godskompleks med Skredshol som avlsgard under Hovinsholm. Men innan 1648 er det altså omorganisert til to sjølvstendige gods.

====[[Skredshol]]====
====[[Skredshol]]====
 
{{thumb|Skredshollaaven.jpg|Skredshollåven}}
:Skredshol ligg i [[Ringsaker]] sokn i Ringsaker kommune.
:Skredshol ligg i [[Ringsaker]] sokn i Ringsaker kommune.
:Skredshols status var framleis i 1648 noko tvetydig, i det garden i Jens Bjelkes jordebok er nemnd som «Hoved- eller avlsgård». Godset var med blant det som Sophie Brockenhus arva etter onkelen Peder Brockenhus. Hovinsholm og Skredshol gjekk etter Jens Bjelkes død i arv til sonen Jørgen.

Linje 130: Linje 116:

=== Gods i Østfold ===
=== Gods i Østfold ===
====[[Elingård]]====
====[[Elingård]]====
{{thumb|Elingaardstor.jpg|Elingård sett gjennom borggården|Hege Glad}}
{{thumb|Elingaardstor.jpg|Elingård sett gjennom borggården|Hege Glad}}
:Elingård ligg i [[Onsøy]] i nåverande [[Fredrikstad]] kommune og tilhøyrde i 1648 Onsøy sokn og len.
:Elingård ligg i [[Onsøy]] i nåverande [[Fredrikstad]] kommune og tilhøyrde i 1648 Onsøy sokn og len.
Linje 143: Linje 127:

====[[Kjølberg]]====
====[[Kjølberg]]====
 
:Kjølberg ligg i likskap med [[Elingaard|Elingård]] i Onsøy.
:Kjølberg ligg i likskap med Elingård i Onsøy.

:Jens Bjelke kjøpte Kjølberg av [[Anders Blomme]] til [[Blomsholm]] i 1624. Jens Bjelkes dotter Sophie arva godset etter faren.
:Jens Bjelke kjøpte Kjølberg av [[Anders Blomme]] til [[Blomsholm]] i 1624. Jens Bjelkes dotter Sophie arva godset etter faren.
Linje 150: Linje 133:
:Hovudgardstaksten var i 1648 27 bismarpund smør eller 20,25 thk, inklusive avlsgarden Søndre Foss, Borgås og Sundhuset. Under denne hovudgarden er det i jordeboka oppført ei bekkekvern og bekkesag som truleg låg på Søndre Foss, og ei flaumsag, Ribersaga, på Jens Bjelkes grunn ved Moss.  

:Med eitt unntak låg alt det tilliggjande leiglendingsgodset i Onsøy, 22 gardar med minimum 26 leiglendingar. Unntaket var ein gard i [[Rolvsøy]] i nåverande Fredrikstad kommune.
:Med eitt unntak låg alt det tilliggjande leiglendingsgodset i Onsøy, 22 gardar med minimum 26 leiglendingar. Unntaket var ein gard i [[Rolvsøy (Fredrikstad)|Rolvsøy]] i nåverande Fredrikstad kommune.
 
====[[Evje]]====

====[[Evje (Rygge)|Evje]]====
:Evje ligg i [[Rygge]], og tilhøyrde i 1648 Rygge sokn og [[Verne kloster len]].
:Evje ligg i [[Rygge]], og tilhøyrde i 1648 Rygge sokn og [[Verne kloster len]].

Linje 163: Linje 145:

====[[Sande i Tune|Sande]]====
====[[Sande i Tune|Sande]]====
:Sande ligg i Tune i nåverande Sarpsborg kommune. I 1648 tilhøyrde det hovudsoknet i Tune prestegjeld.
:Sande ligg i Tune i nåverande Sarpsborg kommune. I 1648 tilhøyrde det hovudsoknet i Tune prestegjeld.

Linje 171: Linje 152:

:Det tilliggjande leiglendingsgodset utgjorde i alt 111 thk. Det fordelte seg på 20 gardar i Tune, 7 i Råde, 2 i Svindal (i Våler), 3 i Varteig, ein i Nittedal i Akershus og 1 i Østre Aker (Tøyen gard, nå i Oslo).

====[[Veden]]====
====[[Veden]]====
:Veden ligg i [[Tistedalen]] i dagens [[Halden]] kommune. I 1648 tilhøyrde garden [[Asak]] anneks til [[Berg i Østfold|Bergs prestegjeld]]. I den verdslege eadministrasjonen låg den under [[Idd og Marker len]].

Linje 182: Linje 161:

:Det tilliggjande leiglendingsgodset utgjorde 32 thk i landskyld. Dertil kom grunnleige på i alt 27 riksdalar. Det var i alt 12 gardar med minimum 11 leiglendingar. 3 av gardane låg i hovudgardssoknet (Asak), og Jens Bjelke oppnådde også vekedagsstatus for 4 gardar i Idd. Så var det 3 gardar i [[Rødenes]] og 1 gard i [[Øymark]].

====[[Herrebrøden]]====
====[[Herrebrøden]]====
:Herrebrøden ligg i nåverande Halden kommune, i [[Rokke]], som i 1648 var anneks til Bergs prestegjeld. Det låg til Idd og Marker len i den verdslege administrasjonen.
:Herrebrøden ligg i nåverande Halden kommune, i [[Rokke]], som i 1648 var anneks til Bergs prestegjeld. Det låg til Idd og Marker len i den verdslege administrasjonen.

Linje 199: Linje 176:
*Bratberg, Terje: {{NBL-artikkel|http://snl.no/.nbl_biografi/Jens_Bjelke/utdypning|Bjelke, Jens}}
*Bratberg, Terje: {{NBL-artikkel|http://snl.no/.nbl_biografi/Jens_Bjelke/utdypning|Bjelke, Jens}}
*Hosar, Hans P.: ''Herre og bønder ved Jens Bjelkes adelsgods kring midten av 1600-talet. Ein studie i føydal utbytting i Norge''. Hovudoppgåve i historie, Universitetet i Oslo, haust 1981
*Hosar, Hans P.: ''Herre og bønder ved Jens Bjelkes adelsgods kring midten av 1600-talet. Ein studie i føydal utbytting i Norge''. Hovudoppgåve i historie, Universitetet i Oslo, haust 1981
*Nielsen, Yngvar: ''Jens Bjelke til Østråt. Norges riges kantsler''. Kristiania 1872.
*Nielsen, Yngvar: ''Jens Bjelke til Østråt. Norges riges kantsler''. Kristiania 1872. {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2012070408157}}
 
== Referansar ==
== Referansar ==
Linje 208: Linje 183:
{{DEFAULTSORT:Bjelke, Jens}}
{{DEFAULTSORT:Bjelke, Jens}}
[[Kategori:Norges rikes kanslere]]
[[Kategori:Norges rikes kanslere]]
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Lensherrer]]
[[Kategori:Lensherrer]]
[[Kategori:Adel]]
[[Kategori:Adelige personer]]
[[Kategori:Personer fra Ørland kommune]]
[[kategori:Austrått]]
[[Kategori:Personer fra Fredrikstad kommune]]
[[Kategori:Ørland kommune]]
[[Kategori:Fredrikstad kommune]]
[[Kategori:Fødsler i 1580]]
[[Kategori:Fødsler i 1580]]
[[Kategori:Dødsfall i 1659]]
[[Kategori:Dødsfall i 1659]]
 
[[Kategori:Personer med utdanning fra Tyskland]]
[[Kategori:Personer med utdanning fra Nederland]]
{{F2}}
{{F2}}
{{nn}}

Sideversjonen fra 5. okt. 2018 kl. 09:27

Jens Bjelkes minnesmerke på Austrått
Foto: Morten Olsen Haugen (januar 2008).

Jens Bjelke (fødd 2. februar 1580, død 7. november 1659) var ein norsk adelsmann, godseigar, lensherre og Noregs rikes kanslar. Han tilhøyrde ei av dei viktigaste adelsslektene i Noreg.

Familie, utdanning, ekteskap

Jens Bjelke var fødd på Austrått i nåverande Ørland kommune i Sør-Trøndelag. Foreldra var Åge Jensen Bjelke (1552-1603) og Margrethe Clausdotter Thott (død ein gong i 1640-åra). Han hadde ei syster, Vibeke, som var gift med Gerlof Nettelhorst til Os (Ous, Osegård) i nåverande Halden kommune.

Etter å ha gått på katedralskolen i Trondheim, studerte Jens Bjelke i tidsrommet 1600-1605 i Tyskland ved universiteta i Rostock og Leipzig og i Leiden (Holland). Deretter var han i nokre år tilsett som sekretær ved Danske kanselli i København. I 1609 vende han attende til Noreg med offentlege oppdrag og for å ordne med skiftet av familiens jordegods etter farens død.

11. februar 1610 gifta Jens Bjelke seg med Sophie Brockenhuus (1587-1656). Ho var dotter til Henrik Brockenhuus til Elingård (1542-1588) og Dorte Juel (død etter 1625).

Jens Bjelke og Sophie Brockenhuus fekk desse borna:

  1. Ove (1611-1674), m.a. Norges rikes kansler og stiftamtmann over Trondheim stift.
  2. Dorothea (1612-1674), gift med Daniel Knudsen Bildt til Morlandsgård, og i sitt andre ekteskap med Gabriel Rosenskjøld.
  3. Henrik (1615 -1683), riksadmiral, gift med Edele Christopherdotter Ulfeld til Næsbyholm.
  4. Elisabeth (1616-1658?), gift med generalmajor Chr. Fr. Gersdorff.
  5. Christian (1616-1642), død i duell.
  6. Eiler, død som spebarn.
  7. Eiler Erik, død ung.
  8. Birgitte, gift med Daniel Ottesen Bildt til Hafslund, i andre ekteskap med amtmann Frederik von Offenberg.
  9. Jørgen (1621-1696), generalløytnant, gift med Magdalene Sibylle Joachimsdotter Gersdorff.
  10. Margrethe (1622-1698) gift med Johan Fredrik Marschalck, Norges rikes kanslar.
  11. Maren (1624-1652), gift med Børge Rosenkrantz.
  12. Sophie, gift med oberst Otte Schade til Tanderup, i andre ekteskap med generalløytnant Hans von Løwenhielm til Veirup.
  13. Herman (1627-1647).
  14. Corfits, død ugift.

Familien har budd fleire stader i landet, men truleg mest på Elingård i Onsøy i nåverande Fredrikstad kommune. Etter at Elingård brann ned i 1645, flytta dei til ein annan av Jens Bjelkes setegardar i Østfold, Sande i Tune i Sarpsborg kommune. Jens Bjelke døydde der den 7. november 1659. Han vart gravlagd i det gravkapellet han sjølv hadde fått bygd for familien ved Onsøy kyrkje i 1642.

Offentleg verksemd og forleningar

Jens Bjelke er mest kjend som Norges rikes kansler, eit embete han vart utnemnd til 7. desember 1614, og som han hadde til sin død. Embetet og Jens Bjelkes kvalifikasjonar elles medførte at han vart nytta til ei mengd oppdrag i kongelege kommisjonar til å undersøkje og stundom dømme i saker av dei mest ulike typar. Det kunne vere private tvistemål, bondeklager og økonomiske og politiske tilhøve meir generelt. Den mest kjende av desse kommisjonane er Bjelkekommisjonen 1632. Saman med ein annan adelsmann, Pros Knudsen, fekk Jens Bjelke i oppdrag å reise kring i landet for å granske bøndenes klagemål. Det galdt i fyrste rekkje klager på overgrep frå futane, men også jordleigetilhøve, offentlege og private tyngsler osv.

Jens Bjelke var lensherre i hovudlena Bergenhus 1633-1641 og Stavanger 1641-1646. Han var elles tilgodesett med ei lang rad forleningar som vederlag for tenestene sine for kongen::[1]

Jordegods

Jens Bjelke var si tids desidert største private godseigar i landet. I eit nokolunde fullstendig oversyn over adelsgodset i 1639 utgjorde Jens Bjelkes og Sophie Brockenhus sine eigedomar i alt 1123 tønner hartkorn (thk). Det var dobbelt så mykje som den nest største på lista, statthaldar Christoffer Urne, som åtte 558 thk.

Samla adelsgods i landet, medrekna Båhuslen, utgjorde noko over 9000 thk. [2] Av dette utgjorde Jens Bjelkes del altså om lag 12%.

Ti år seinare, i 1648, hadde godskomplekset auka til 1688 thk, dvs. opp i mot ein femdel av det samla adelsgodset i landet. I dnne summen er medrekna grunnleige av strandsitjarar og ein del hovudgardslunnende som Jens Bjelke ikkje har teke med i sin sum i jordeboka, som var 1438 thk.[3]Godsopphopinga på Jens Bjelkes og Sophie Brockenhus sine hender kulminerte om lag på det tidspunktet.

Jordegodset grupperte seg rundt 13 setegardar som kvar danna kjernen i like mange einskilde godskompleks. Setegardane var geografisk spreidd som følgjer: Seks i det nåverande Østfold, to på Hedmarken fire i Fosen len (Sør-Trøndelag), og ein på Nordmøre. I kortare periode i 1640-åra åtte Jens Bjelke også setegardane Hatteberg og Mel i Sunnhordland, det som seinare skulle bli kjernen i Rosendal baroni. Også det tilliggjande leiglendingsgodset i 1648 var i hovudsak konsentrert i dei same distrikta som setegardane. Men det fanst og strøgods i dei nåverande fylka Nordland, Troms, Nord-Trøndelag, Oppland, Akershus og Vestfold. Tidlegare hadde godset vore enda meir spreidd. Jens Bjelke hadde da eigedomar også i Finnmark, Rogaland og Hordaland. Det var i alt 378 tilliggjande bondegardar (jordebokeiningar) med til saman minimum 453 leiglendingar. Bortimot 350 av leiglendingane budde i same soknet som vedkomande setegard, og når Jens Bjelke hadde bygselretten til dei fleste av desse gardane, inneber det at dei fleste av dei 350 kan reknast som vekedagsbønder. Nedanfor følgjer eit oversyn over godset, ordna landsdel for landsdel og omtala setegard for setegard. (Jf. elles tabellarisk oversyn over godset her.)

Gods i Fosen

Austrått

Austråttborgen
Setegarden Austrått ligg i nåverande Ørland kommune. I 1648 høyre garden til Ørland prestegjeld, hovudsoknet.
Austrått var Jens Bjelkes farsarv. Eldste sonen Ove arva Austrått ved skiftet etter faren i 1660, men det tilliggjande godset til Austrått og Tønnøl var uskifta mellom han og systera Birgitte ei tid etter det.
Austrått med avlsgarden og kobbeveide på Tarva, underbruket Gjølja, husmannsplassen Ottarsbu, to laksevorper og Bjugnholmen vart i 1648 taksert til 20 våger fisk tilsvarande 18 thk. Dertil kom to sagbruk i Bjugn og Stjørna som ikkje var inkludert i hovudgardstaksten.
Det tilliggjande leiglendingsgodset var på 234 thk. Dertil kom 180 riksdalar (tilsvarande same sum i thk) for grunnleige av strandsitjarar i sildefjordane Bjugn og Stjørna. Det låg i alt 83 gardar til Austråtts jordebok, busette av minimum 107 leiglendingar. 67 av gardane (minst 85 leiglendingsbruk) låg innansoknes. Leiglendingsgodset fordelte seg geografisk på Ørland, Stjørna, Bjugn, Nes, Jøssund, Roan, Åfjord og Stokksund.

Tønnøl

Setegarden Tønnøl (Tøndelgård) ligg i Nes i Bjugn kommune. Nes var anneks til Ørland hovudsokn i 1648.
Tønnøl var Jens Bjelkes morsarv. Mora Margrethe Thott hadde nytta garden som enkjesete frå tidleg i 1620-åra og til ho døydde ein gong før 1649 (da det vart halde skifte etter henne). Ved arveskiftet i 1660 etter Jens Bjelke tilfall Tønnøl dottera Birgitte.
Hovudgardstaksten for Tønnøl var i 1648 6 våger fisk tilsvarande 4,5 thk.
Det tilliggjande leiglendingsgodset utgjorde 68 thk. Dertil kom 11 riksdalar i grunnleige. Det låg i alt 30 gardar med minimum 35 leiglendingar til Tønnøls jordebok i 1648. Berre 3 gardar med 7 leiglendingsbruk låg innansoknes (Nes anneks). Gardane låg elles i Åfjord (10), Jøssund (1) og Rissa (1) i Fosen. Dertil kom strøgods i 15 gardar fordelte over Stjørdal, Selbu, Skogn, Buvika, Rennebu, Hegra, Orkdal og Namdal i Trøndelag og Lødingen, Tjøtta og Værøy i Nordland.

Storfosen

Setegarden Storfosen (Fosengård) ligg på øya Storfosna i Ørland kommune, og høyrde sameleis som Austrått til Ørland hovudsokn i 1648.
Jens Bjelke hadde Storfosen som ”fritt brugelig pant” frå lagmann i Nordland Jørgen Henriksen Staur frå 1617, og fekk skøyte på godset i 1631. Etter Jens Bjelkes død gjekk Storfosen i arv til eldste dottera Dorothea.
Hovudgardstaksten for Storfosen var i 1648 10 spann eller 20 våger fisk, dvs. 15 thk. Det tilliggjande leiglendingsgodset var på 73 thk. Leiglendingsgodset bestod av 21 gardar med minimum 35 leiglendingar. Alle gardane låg i Ørland hovudsokn, i dei to bygdene Ørland og Agdenes. Gardane låg spreidde på øyene og fastlandet ved innløpet til Trondheimsfjorden.

Holla

Holla sett frå Kyrksæterøra.
Foto: Olve Utne
Setegarden Holla ligg ved Kyrksæterøra i Hemne, og høyrde i 1648 til Hemne sokn i Hitra prestegjeld.
Jens Bjelke kjøpte Holla-godset frå systera Vibeke i 1635. Ho hadde arva det etter faren Åge Bjelke. I 1651 måtte Jens Bjelke pantsetje godset til Christoffer Nilsen, tollar på Nordmøre. I 1665 måtte Jens Bjelkes arvingar skøyte godset over på Christoffer Nilsen for å dekkje restgjelda.
I jordeboka 1648 er Holla med avlsgarden Haug vurdert til 6 spann eller 12 våger fisk, tilsvarande 9 thk. Det tilliggjande leiglendingsgodset til Holla utgjorde 25 thk, og bestod av 26 gardar med minimum 38 leiglendingar. Dei fordelte seg med om lag halvparten i kvar av bygdene Hemne og Fillan.

Gods på Nordmøre

Kanestraum

Kanestraum ligg ved Halsafjorden i Straumsnes i nåverande Tingvoll kommune. I 1648 høyrde garden til i Halsa anneks til Stangvik prestegjeld.
Kanestraum var del av Sophie Brockenhus sin farsarv. Venteleg kom det Jens Bjelke i hende på konas vegne allereie ved giftemålet deira i 1610. I skiftet etter Jens Bjelke i 1660 gjekk Kanestraum til Børge Rosenkrantz på vegne av borna som han hadde med kona si, Jens Bjelkes dotter Maren (død 1652).
I jordeboka 1648 er hovudgarden med ei flaumsag og ei laksevorpe taksert til 17 våger fisk eller 12,75 thk.
Det tilliggjande leiglendingsgodset til Kanestraum utgjorde 40 thk pluss 4,5 riksdalar i grunnleige. Godset bestod av 19 gardar med 23 leiglendingar. 14 av gardane var innansoknes gods, dvs. at dei låg i Halsa anneks. Dei fem andre gardane låg i Frei, Halsa og Tustna.

Gods på Hedmarken

Hovinsholm

Hovinsholm på Helgøya i Mjøsa (Ringsaker kommune). I 1648 høyrde Helgøya til Nes prestegjeld. Men i den verdslege administrasjonen var Helgøya skild frå resten av soknet, i det ho var lagt under Mariakyrkje prosti gods og Rakkestad len.
Hovinsholm med Skredshol (sjå nedanfor) var del av arven som Sophie Brockenhus fekk etter onkelen Peder Brockenhus. Dei to setegardane gjekk etter Jens Bjelkes død i arv til sonen generalløytnant Jørgen Bjelke.
Hovudgardstaksten var i 1648 7 skippund korn tilsvarande 17,5 thk. I taksten var inkludert to underbuk eller husmannsplassar.
Det tilliggjande leiglendingsgodset var taksert til 42,75 thk. Det bestod av 31 gardar med mimum 30 leiglendingar. Alle gardane låg på Helgøya, og Jens Bjelke var eineeigar til alle. Det meste av dette godset kom Jens Bjelke i hende ved eit stort makeskifte han gjorde med Mariakyrkja i 1639.[4] Før 1639 utgjorde truleg Hovinsholm og Skredshol med tilliggjande leiglendingsgardar eitt godskompleks med Skredshol som avlsgard under Hovinsholm. Men innan 1648 er det altså omorganisert til to sjølvstendige gods.

Skredshol

Skredshollåven
Skredshol ligg i Ringsaker sokn i Ringsaker kommune.
Skredshols status var framleis i 1648 noko tvetydig, i det garden i Jens Bjelkes jordebok er nemnd som «Hoved- eller avlsgård». Godset var med blant det som Sophie Brockenhus arva etter onkelen Peder Brockenhus. Hovinsholm og Skredshol gjekk etter Jens Bjelkes død i arv til sonen Jørgen.
Hovudgardstaksten var i 1648 3 skippund korn, tilsvarande 7,5 thk.
Det tilliggjande leiglendingsgodset utgjorde 34 thk, og bestod av 20 gardar med minst 21 leiglendingar. 15 av gardane låg i same soknet som setegarden. Til dette kom fem gardar i nåverande Oppland fylke: 2 på Østre Toten og 3 i Vardal (nåverande Gjøvik kommune).

Gods i Østfold

Elingård

Elingård sett gjennom borggården
Foto: Hege Glad
Elingård ligg i Onsøy i nåverande Fredrikstad kommune og tilhøyrde i 1648 Onsøy sokn og len.
Elingård var hovudsetet til Jens Bjelkes svigerfar Henrik Brockenhus (død 1588), og var altså ein del av Sophie Brockenhus sin farsarv. Jens Bjelke og Sophie Brockenhus overtok Elingård etter at mor hennar, Dorte Juel, døydde ca. 1630. Etter Jens Bjelkes død gjekk Elingård i arv til sonen, riksadmiral Henrik Bjelke.
Hovudgardstaksten i 1648 var heile 18 skippund korn eller 45 thk. I taksten var inkludert avlsgarden Valle og «nogle andre gaardeparter och Ødegaarde», og dessutan Hankø, som vart nytta til beite for Elingårds hestar og fe.
Alt det tilliggjande leiglendingsgodset til Elingård låg i Onsøy sokn. Det var taksert til 135 thk, og bestod av i alt 41 gardar med minimum 49 leiglendingar.

Kjølberg

Kjølberg ligg i likskap med Elingård i Onsøy.
Jens Bjelke kjøpte Kjølberg av Anders Blomme til Blomsholm i 1624. Jens Bjelkes dotter Sophie arva godset etter faren.
Hovudgardstaksten var i 1648 27 bismarpund smør eller 20,25 thk, inklusive avlsgarden Søndre Foss, Borgås og Sundhuset. Under denne hovudgarden er det i jordeboka oppført ei bekkekvern og bekkesag som truleg låg på Søndre Foss, og ei flaumsag, Ribersaga, på Jens Bjelkes grunn ved Moss.
Med eitt unntak låg alt det tilliggjande leiglendingsgodset i Onsøy, 22 gardar med minimum 26 leiglendingar. Unntaket var ein gard i Rolvsøy i nåverande Fredrikstad kommune.

Evje

Evje ligg i Rygge, og tilhøyrde i 1648 Rygge sokn og Verne kloster len.
Sophie Brockenhus hadde odelsrett til Evje, som hadde vore i onkelen Peder Brockenhus’ eige. Odelsretten vart nytta i 1635, da Jens Bjelke på vegne av fru Sophie løyste inn godset frå Gerlof Nettelhorst, Jens Bjelkes svoger. Dottera til fru Sophie og Jens Bjelke, Margrethe, arva Evje etter deira død.
Hovudgardstaksten inklusive avlsgarden Hove var i 1648 7 skippund korn eller 17,5 thk. To andre underbruk utgjorde 2 thk.
Det tilliggjande leiglendingsgodset på 68 thk bestod av 25 gardar med minimum 26 leiglendingar. Godset fordelte seg slik: 16 gardar i Rygge, 3 i Moss (Jeløya) og dertil strøgods på i alt sju gardar spreidde over Våler (Østfold), Follo futedømme i Akershus, Våle (Vestfold) og Sande i Vestfold.

Sande

Sande ligg i Tune i nåverande Sarpsborg kommune. I 1648 tilhøyrde det hovudsoknet i Tune prestegjeld.
Sophie Brockenhus hadde også arva Sande etter onkelen Peder Brockenhus. Hovudgarden og det meste av det tilliggjande godset gjekk etter Jens Bjelkes død i arv til dottera Elisabeth. Noko av godset i Råde gjekk til systera Margrethe.
Hovudgardstaksten i 1648 var 9 skippund korn (22,5 thk) inklusive underbruka ”Iissemarch” (Isebakke?), Vodin, Torp og Kollerød. Dertil kom avlsgarden Lille Roe med Øksnøya under eigen takst på 1,5 thk . Under Sandes jordebok i 1648 er oppført ei flaumsag på Kollerød, ein fjerdepart i ei sag ved Moss (Berg sag) og leigeinntekt frå ein stabelplass ”ved den øffuerste Munche Saug” på Jens Bjelkes grunn ved Moss. Det var ei kvern på Isebakke som var brukt under hovudgarden.
Det tilliggjande leiglendingsgodset utgjorde i alt 111 thk. Det fordelte seg på 20 gardar i Tune, 7 i Råde, 2 i Svindal (i Våler), 3 i Varteig, ein i Nittedal i Akershus og 1 i Østre Aker (Tøyen gard, nå i Oslo).

Veden

Veden ligg i Tistedalen i dagens Halden kommune. I 1648 tilhøyrde garden Asak anneks til Bergs prestegjeld. I den verdslege eadministrasjonen låg den under Idd og Marker len.
Også Veden var truleg også del av Sophie Brockenhus arv etter foreldra, da mor hennar, Dorte Juel er oppført som eigar i 1590-åra. Etter Jens Bjelkes død gjekk Veden i arv til dottera Dorthea.
Hovudgardstaksten var med tre underbruk taksert til 7,5 huder eller 7,like mange thk. Dertil kom avlsgarden Orød i Idd på 1 skippund korn (2,5 thk). Det store aktivum ved Veden-godset var dei mange sagbruka i Tistedalen som låg på Vedens grunn, i alt 11 i følgje jordeboka til Jens Bjelke. Sagbruka gav til saman 335 riksdalar årleg i paktingsavgift eller mølleskyld..
Det tilliggjande leiglendingsgodset utgjorde 32 thk i landskyld. Dertil kom grunnleige på i alt 27 riksdalar. Det var i alt 12 gardar med minimum 11 leiglendingar. 3 av gardane låg i hovudgardssoknet (Asak), og Jens Bjelke oppnådde også vekedagsstatus for 4 gardar i Idd. Så var det 3 gardar i Rødenes og 1 gard i Øymark.

Herrebrøden

Herrebrøden ligg i nåverande Halden kommune, i Rokke, som i 1648 var anneks til Bergs prestegjeld. Det låg til Idd og Marker len i den verdslege administrasjonen.
Når og korleis Herrebrøden kom Jens Bjelke i hende, er uvisst. Men Herrebrøden er ikkje nemnt blant Jens Bjelkes setegardar i eit oversyn over norske adelege setegardar frå 1639, som er trykt i Magazin til den danske Adels Historie (1, band s. 137). Etter Jens Bjelkes død gjekk Herrebrøden i arv til sonen, riksadmiral Henrik Bjelke.
Hovudgardstaksten i 1648 er 6 thk, medrekna ei lita kvern. Rekna til hovudgarden låg to flaumsager ved Krappeto, berekna til 80 riksdalar mølleskyld.
Det tilliggjande leiglendingsgodset utgjorde 22 thk. Det galdt 10 gardar med minimum 12 leiglendingar, alt innan Rokke anneks. Sidan Jens Bjelke hadde bygselrett til det heile, var altså alt dette vekedagsgods.

Litterær produksjon

Kjelder og litteratur

  • Bratberg, Terje: «Bjelke, Jens» i Norsk biografisk leksikon
  • Hosar, Hans P.: Herre og bønder ved Jens Bjelkes adelsgods kring midten av 1600-talet. Ein studie i føydal utbytting i Norge. Hovudoppgåve i historie, Universitetet i Oslo, haust 1981
  • Nielsen, Yngvar: Jens Bjelke til Østråt. Norges riges kantsler. Kristiania 1872. Mal:Bokhylla

Referansar

  1. Hosar, H.P. 1981:17-19, jf. Lensrekneskapar I (Riksarkivet: Arkiregistraturar 4), Oslo 1982. og Norske Rigs-Registranter, der ein finn dei fleste lensbreva på dei aktuelle datoane.
  2. Coldevin, A. 1950:27-28. Oversynet der baserer seg på adelsjordebøker 1639 i Riksarkivet: Statthaldararkivet D IX 17.1. I ein samtidig "extract" av desse jordebøkene i Statthaldararkivetsummert er adelsgodset feil summert til 9604 thk. Det rette talet skal vere 9156 thk. I ekstrakten er det med to godsssamlingar som vantar hos Coldevin, og eit par stader er det avvikande tal mellom ekstrakten og Coldevins oversyn.
  3. Utrekningane her og oversynet elles over godset i 1648 er henta frå Hosar, H.P. 1981. Den viktigaste primærkjelda er Jens Bjelkes jordebok 1648 i Riksarkivet: Statthaldararkivet D IX 21.
  4. Norske Rigs-Registranter VII s 574ff.