Jens Stub

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Jens Stub, posthumt portrett av Ragna Hennig-Larsen.
Foto: Solveig Dahl / Eidsvoll 1814

Jens Stub (fødd 3. mars 1764Nordfjordeid, død 24. oktober 1819Tresfjorden) var prest og eidsvollsmann.

Stub vart cand.theol. i 1788. Han var utnemnt til sokneprest i Alta-Talvik prestegjeld, der han var til 1801. Han er registrert med kone og to born busett i Talvik i folketeljinga 1801. Han vart så sokneprest i Veøy prestegjeld og prost i Romsdal prosti.

I 1793 gifta han seg med Gjertrud Helene Heiberg (1774–1852). Dei fekk ti born, og har stor etterslekt.

Ved valet i Veøy i 1814 vart han ein av valmennene frå prestegjeldet. På amtsforsamlinga vart amtmann Hilmar Meincke Krohg, prost Baade og bonde Elling Olsson Walbøe valde. Prost Baade erklærte at han ikkje kunne ta imot valet grunna høg alder. Den som hadde nest mest stemmar var prost Finckelhagen, men også han måtte trekkje seg. Dermed endte Stub, som hadde fått flest stemmar etter Finckelhagen, opp som amtet sin andre deputerte. Under forhandlingane i Riksforsamlinga røysta han med unionspartiet.

I oktober 1819 la Stub ut på ei anneksreise til Sylte sokn. Han omkom på Tresfjorden under denne reisa.

Kjelder

Eksterne lenkjer