Jiddisch

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 15. sep. 2013 kl. 10:01 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>'''Jiddisch''' eller '''jiddisk''', òg stundom skrive ''yiddish'', er eit vestgermansk språk som er nærskyldt med høgtysk, men med mykje ordforråd frå [[hebrai...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jiddisch eller jiddisk, òg stundom skrive yiddish, er eit vestgermansk språk som er nærskyldt med høgtysk, men med mykje ordforråd frå hebraisk/arameisk og i mindre grad romanske og slaviske språk. Språket er det tradisjonelle morsmålet blant asjkenaziske jødar, men har gått mykje tilbake til fordel for blant anna tysk, fransk, engelsk og hebraisk i nyare tid. Jiddisch har størst utbreiing som morsmål blant ḥasidim i dag. I Noreg var jiddisch morsmålet for dei aller fleste jødane som innvandra i tida frå 1851 og fram mot andre verdskrigen, men etter 2000 er det berre nokre få eldre personar att med jiddisch morsmålskompetanse i Noreg — hovudsaklig i Oslo og Trondheim. Trass i at jødane er ein av dei offisielle nasjonale minoritetane i Noreg, er ikkje jiddisch språk verna som minoritetsspråk.

Bibliografi

  • Utne, Olve: Jiddisch–norsk ordliste : med kortfatta språklære. Askim : Schweitzerforlaget, 2007.