Joachim Irgens (1611–1675)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Joacim Irgens (fødd 19. mai 1611 i Itzehoe i Holstein død 1675) var kjøpmannsson som i 1634 vart kammertenar for den danske kongen. I 1642 fekk han og to andre, kongeleg myntmeister Peter Grüner og renteskrivar Peder Nielsen privilegiebrev på eit nytt kopparverk i Gudbrandsdalen, Selsverket. I 1646 fekk Irgens privilegiebrev på Røros koparverk.

Irgens var mellom dei som gav store lån til kongen (statsmakta) utover 1640- og 50-åra, og gjennom krongodssala vart han i 1661 eigar av m.a. Vestervig kloster med jordegods og i 1664 Gjørslev med alt krongods i Ringsted og Stevn herader på Sjælland. I 1666 fekk han skøyte på alt krongods i Helgeland, Salten, Lofoten, Vesterålen, Senja og Troms - meir enn halvparten av all jord i desse futedømma, 143 gardar og gardpartar. Men det gjekk attende med han, mykje av godset i Noreg gjekk attende til staten og da han døydde hadde han stor gjeld.

Irgens vart i 1660 kontakta av Jørgen Fillipsen og dei inngjekk same året kontrakt om Lesja jernverk. Etter nokre år rauk dei to uklar om drifta av dette verket, og i 1673 vart det reist sak for Overbergamtet, som frådømte Irgens hans del av verket. Irgens anka til Høgsterett, men fekk ikkje medhald.

Litteratur

Berg, Per Sigmund 1968 / 1984: Lesja Jernverks Historie. Hovudoppgåve i historie, Universitetet i Oslo. Trykt i Årsskrift for Lesja historielag.
Teigum, Ivar 2004: Bygdebok for Vågå og Sel. Band 2: Frå 1600-talet til 1907.