Joachim Irgens (1611–1675)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. mai 2009 kl. 11:52 av Olve Utne (samtale | bidrag) (f1; lagt til kategoriar for kommunar han hadde privilegiebrev for gruvedrift i, så vel som for distrikt han tok over krongodset i.)
Hopp til navigering Hopp til søk

Joacim Irgens (fødd 19. mai 1611 i Itzehoe i Holstein død 1675) var kjøpmannsson som i 1634 vart kammertenar for den danske kongen. I 1642 fekk han og to andre, kongeleg myntmeister Peter Grüner og renteskrivar Peder Nielsen privilegiebrev på eit nytt kopparverk i Gudbrandsdalen, Selsverket. I 1646 fekk Irgens privilegiebrev på Røros koparverk.

Irgens var mellom dei som gav store lån til kongen (statsmakta) utover 1640- og 50-åra, og gjennom krongodssala vart han i 1661 eigar av m.a. Vestervig kloster med jordegods og i 1664 Gjørslev med alt krongods i Ringsted og Stevn herader på Sjælland. I 1666 fekk han skøyte på alt krongods i Helgeland, Salten, Lofoten, Vesterålen, Senja og Troms - meir enn halvparten av all jord i desse futedømma, 143 gardar og gardpartar. Men det gjekk attende med han, mykje av godset i Noreg gjekk attende til staten og da han døydde hadde han stor gjeld.

Irgens vart i 1660 kontakta av Jørgen Fillipsen og dei inngjekk same året kontrakt om Lesja jernverk. Etter nokre år rauk dei to uklar om drifta av dette verket, og i 1673 vart det reist sak for Overbergamtet, som frådømte Irgens hans del av verket. Irgens anka til Høgsterett, men fekk ikkje medhald.

Litteratur

  • Berg, Per Sigmund 1968: Lesja Jernverks Historie. Hovedoppgave i historie. Universitetet i Oslo. Trykt i Årsskrift for Lesja historielag (utan fotnotar) 1983-1986.
  • Teigum, Ivar 2004: Bygdebok for Vågå og Sel. Band 2: Frå 1600-talet til 1907.