Johan Alnes: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (hbr)
m (Teksterstatting – «{{DEFAULTSORT: » til «{{DEFAULTSORT:»)
 
(2 mellomliggende versjoner av 2 brukere er ikke vist)
Linje 29: Linje 29:
*{{hbr1-1|pf01036774001941|Johan Alnes}}.
*{{hbr1-1|pf01036774001941|Johan Alnes}}.


{{DEFAULTSORT: Alnes, Johan}}
{{DEFAULTSORT:Alnes, Johan}}
[[Kategori: Personer]]
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori: Rauma kommune]]
[[Kategori:Rauma kommune]]
[[Kategori: Øverdalen]]
[[Kategori:Øverdalen (Rauma)]]
[[Kategori: Skyttere]]
[[Kategori:Skyttere]]
[[Kategori: Tafjordfjella]]
[[Kategori:Tafjordfjella]]
[[Kategori: Jakt]]
[[Kategori:Jakt]]
[[Kategori: Fødsler i 1866]]
[[Kategori:Fødsler i 1866]]
[[Kategori: Dødsfall i 1933]]
[[Kategori:Dødsfall i 1933]]
{{f1}}
{{f1}}
{{nn}}
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 22. nov. 2023 kl. 13:29

Eit av dei herbøra Johan Alnes nytta under reinsjakt. Dette ligg i Grovaskaret i Tafjordfjella.
Foto: Arnfinn Kjelland (2013).

Johan Alnes fødd 26. november 1866 på husmannsplassen Alnestrøa i Romsdalen, død 14. november 1933 på Verma, var handelskar, anleggsarbeidar, reins- og bjørnejeger.

I barneåra måtte han som så mange andre ta teneste som gjetargut. I 1880-åra begynte han så med sal av suvenirar ved riksvegen gjennom dalen, der det hadde begynt å vekse fram ein viss turisttrafikk. Etter at sesongen var over dreiv Johan som skreppe- eller kramhandlar over Lesja og nedover Gudbrandsdalen. Han kjøpte òg opp huder og skinn for vidaresal, og begynte etter kvart med jakt sjølv.

Johan bygde seg hus på Verma og gifta seg i 1898 med den 22 år yngre gardmannsdottera Marit Olausdtr. Monge. Huset hadde krambu i eine enden, som Marit styrte med medan Johan var på jakt og handelsreiser. Om sommaren var ho elles budeie på Trollstølen inne i Hånådalen, der Johan trefte ho nokre år før. Marit og Johan Alnes fekk åtte barn.

Det er først og fremst som jeger Johan Alnes er kjent i ettertida. Han begynte tidleg med snarefangst etter rype og skogfugl vinterstid, noko han hadde brukbar inntekt av. Berg (1977 s. 38) opplyser òg at Johan skaut ikkje mindre enn 329 rein. Det var både i Romsdalsfjella (Tafjordfjella) og i Lesjafjell. På grunn av lange avstandar tok han gjerne med seg jerngryte, blikkboksar, loddeutstyr og salt og hermetiserte kjøtet på stade der han jakta.

Johan Alnes var òg ein aktiv skyttar.

Kjent utanfor Verma, Lesja og Romsdalen vart Alnes som bjørnejeger. Han begynte slik jakt i den siste tida bjørnen var ein plage i bygdene – først på 1900-talet. I åra 1903 til 1920 skaut han 11 bjørner (Berg 1977 s. 95):

  • 1903, 25. april: ei binne og ein ungbjørn i Trollmyrmarka i Nesset kommune
  • 1904, 23. mai: ein hannbjørn på Melsætra i Fræna kommune
  • 1911, 4. mai: ei binne og to ungbjørnar i Allia i Fræna
  • 1914, 16. mai: to ungbjørnar i Buvikmarka i Nesset
  • 1916, 22. april: ei binne og ein ungbjørn i Silsetmarka i Aure kommune
  • 1920, 16. april: ein vaksen bjørn, Åndalssetra i Aura

I mai 1911 skaut han altså tre bjørner på ein dag i Fræna. Desse vart frakta med rutebåt til Ålesund. På den turen vart Johan og bjørnene fotograferte, og bildet er blitt eit kjent postkort.

Kjelder