Johan Christian Johnsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyreJohan Christian Johnsen, han skreiv sjølv og vart oftast omtala som Christian Johnsen, (fødd i Kristiansand 12. oktober 1815, død i Kristiania 2. februar 1898) var forretningsmann, stortingsmann, statsrevisor, fråhaldsforkjempar og publisist. Det er som redaktør og folkeopplysningsmann han vel har vore mest kjend. Han var ein framståande formidlar av kunnskap og kultur til eit breitt, folkeleg publikum i heile andre halvparten av 1800-talet. Da han døydde, var han omtala som «den norske presses senior». Mellom anna var han grunnleggjar av og heile tida redaktør for Almuevennen, som i over 40 år var eit av dei viktigaste folkeopplysningsorgana i Noreg. Han gav ut det fyrste norske koversasjonsleksikonet. Han gav tidleg ut antislaveriromanen Onkel Toms hytte på norsk. Han fekk skipa måtehaldsorganisasjonen Det norske Afholdsselskab i Stavanger. Som stortingsmann i 1850-åra tilhøyrde Johnsen den liberale opposisjonen, men dei politiske haldningane hans vart med tida meir konservative. Han stod på høgresida i forfatningsstriden i 1880-åra.

Bakgrunn og familie

Johnsen var son av Johan Peter Johnsen (ca. 1788-1825) og Christiane fødd Heede (1792-1869). Faren var inspektør for fattigvesenet i Kristiansand. Han var fødd i Nykøbing i Danmark, men hadde i likskap med broren, kjøpmann og stortingsmann Hans Johnsen, slege seg ned i Kristiansand. Mor til Johan Christian var også fødd i Danmark, men kom som ung til onkelen sin, urmakaren Conrad Heede, i Arendal. Johan Christian hadde fire sysken. Far deira døydde da Johan Christian var 14 år gammal. Mora gifta seg i 1829 på nytt med Thor Olsen Fugellie, som var kjøpmann og skipsførar i Kristiansand. Johan Christian fekk dermed etter kvart fire halvsysken, deriblant bonde og fabrikkgründar Johan Peter Fugellie.

Johan Christian Johnsen gifta seg i Kristiansand 12. oktober 1836 med Ellen Marie Gjesdahl (fødd i Stavanger 9. mai 1815, død i Kristiania 2. januar 1888). Ho var dotter til teglverksstyrar i Stavanger, seinare kjøpmann i Kristianasand, Ole Svendsen Gjesdahl (1782-før 1865) og Christine Jacobsdatter Løvaas (1789-1880).

Tidleg yrkesliv

Familieøkonomien etter farens død gav visst ikkje rom for høgare utdanning for Johan Christian, noko han elles openbert hadde evner til. Han hadde visstnok også sjølv lyst til å studere, blant anna inspirert av å lese Holbergs skrifter.[1] I staden kom han tidleg ut i yrkeslivet, "bestemt for den merkantile bane"[2]. Han vart sett til opplæring og arbeid i forretninga til farbroren Hans Johnsen, deretter i handelsveksemda til stefaren Thor Olsen Fugellie. Så prøvde Johan Christian seg som sjømann, i fart på England og Russland. Kan hende hadde det samanheng med stefarens andre yrke som skipsførar. Men guten måtte gje opp dette, da han ikkje var sjøsterk. I staden heldt han fram med å skaffe seg praksis i forretningslivet. Han var på kontoret hjå trelasthandlar N. Heyerdahl i Kristiansand, så ei stund utanlands i eit firma i Antwerpen (1834), og deretter hjå O.P.Moe & Søn i heimbyen. Etter kvart byrja Johnsen for seg sjølv, gifta seg, flytta til Stavanger og fekk borgarbrev som kjøpmann der i 1837.

Politikar og statsrevisor

I Stavanger gjorde han seg etter kvart sterkt gjeldande i det offentlege liv. Han sat i bystyret frå 1845 til 1851, og var valmann for byen 1844-1853. Han vart sjølv valt til stortingsrepresntant for Stavanger by i 1848, 1851 og 1854. Han kan seiast å vere fødd inn i ein "politisk" familie. Både farbroren Hans Johnsen og fetterane Joseph og Jørgen Martin Johnsen (søner av nemnde H. Johnsen) var stortingsmenn. Johan Christian Johnsen vart statsrevisor i 1854, og slo seg frå da av ned i Kristiania. Vervet som statsrevisor hadde han til 1877, da han fråsa seg attval.

I stortingsperioden sin forfekta han liberale standpunkt. Mellom anna ivra han for innføring av jury, og han var sterkt mot dødsstraff. Han var politisk aktiv også etter si eiga tid på Stortinget. I 1868 og på nytt i 1886 fremja han forslag om avskaffing av dødsstraff, noko som det ikkje lykkast å få gjennomslag for før i 1902, fire år etter at Johnsen var død. I mange sentrale spørsmål inntok han etter kvart meir konservative standpunkt. Han var mot at statsrådar skulle møte i Stortinget, og stod dermed på høgresida i forfatningsstriden som toppa seg ved innføringa av parlamentarismen frå 1884. Seinare gjekk han også mot at Noreg skulle ha eigen utanriksminister. Han må likevel seiast å ha behalde sitt liberale grunnsyn og sin reformvilje. Hans moderate haldningar og standpunkt til viktige enkeltsaker framgår klårt i «avskilsbrevet» hans til lesarane i det siste nummeret av Allmuevennen. Dette avsnittet kan godt kallast for Johnsens poltiske testament:

«At være for rask med Reformer kan anrette megen Skade, og saadant Hastverk bør Pressen derfor paatale. Dette har været de Grundsætninger, jeg har fulgt med Hensyn til Forandringer i det bestaaende. Jeg har efter Evne virket for Ophævelse af Dødsstraffen, for en bedre Rettergangsmaade, for Reformer i Kirken og i Fængselsvæsenet, fremholdt Nødvendigheden af et stærkt Landforsvar og for et fuldkomnere Redningsvæsen, søgt at fremme Folkeoplysningen og ivret mod Brugen af berusende Drikke. Derimod har jeg udtalt mig mod de voldsomme Reformer, som de Radikale har bragt i Forslag angaaende to Udenrigsministre og direkte Skat til Statskassen, idet det første af disse Forslag vilde sprenge Forfatningen og opløse Foreningen med Sverige, og det sidste af dem blive en tung Byrde paa vort Folk. Ligesaa har jeg stærkt dadlet den skjændige Ophidselse mod vort Broderfolk, som de radikale Blade har sat i Scene.»


Pressemann og folkeopplysar

Mal:Thumb høyreDet kan seiast at det var som presse- og forlagsmann og derigjennom som folkeopplysar og kulturformidlar at Johan Christian Johnsen blir hugsa, kanskje fyrst og fremst som utgjevar av Almuevennen. Et Ugeblad for Oplysnings Fremme blant Menigmand. Han sette i gang med dette frå 1849, og bladet kom ut i 44 årgangar fram til 1892. På toppen i 1870-åra kom bladet ut med eit opplag på 22.000. Johnsen selde bladet i 1893, og det gjekk da inn i Fædrelandet, som smstundes skifta namn til Landsbladet.

Men Almuevennen var berre eitt av ei rekkje bladutgjevingar Johnsen var redaktør for og/eller sjølv gav ut:

Johnsen gav i 1861-1862 ut Harriet Beecher Stowes Onkel Toms Hytte eller Negerlivet i de amerikanske Slavestater, i norsk omsetjing.[3] Det heiter i Norsk biografisk leksikon at det var Johnsen gav ut den fyrste norske omsetjinga av boka. Den var komen allereie i 1853, på Mallings forlag. Men det framgår ikkje der kven som står bak omsetjinga, og forordet er heller ikkje signert.[4] Det er såleis ikkje sikkert, men langt frå usannsynleg at Johnsen kan tilleggjast æra for dette. Nettopp på den tida (1852-1853) skreiv han ei lang rad artiklar i Morgenbladet under samletittelen Nord-Amerika, dets Folk og Institutioner. Dette var i seg sjølv eit pionerarbeid i denne enno tidlege fasen av den norske emigrasjonen til Statane. Frå 1879 til 1888 gav Johnsen ut Norsk Haandlexicon for almennyttige Kundskaber i tre band. Det var det fyrste norske konversasjonsleksikonet. Artiklane var skrivne av eit stort tal representantar for den samtidige akademiske og kulturelle eliten. På lista over 65 bidragsytarar finn vi namn som T.H. Aschehoug, G.O. og Ernst Sars, universitetsbibliotekar Drolsum og "Sprogforsker" Ivar Aasen. Johnsen skreiv elles mange av artiklane sjølv. Han nemner Statistisk sentralbyrå, og takkar spesielt typografane F.B. Schulze og Gottfred Samuelsen for innsatsen med bokproduksjonen. Ei forkorta eittbands utgåve av leksikonet kom i 1892, Haandbog til Brug for Alle.

Da han flytta til Christiania frå 1854, starta Johnsen sitt eige trykkeri. Drifta av dette, bladutgjevinga og kanskje anna forretningsverksemd hadde gjeve gode inntekter. Noko av dette brukte han til å understøtte vitskapsmenn og deira forskingsprosjekt. Mellom anna tok han kostnadene emd å gje ut zoologen G.O. Sars' Histoire naturelles des crustacés d'eau douce en Norvège i 1867.

Referansar

  1. Amundsen, L 1936:74.
  2. Lindstøl, T. 1914:454.
  3. Halvorsens forfatterleksikon bd. 3:164.
  4. Nasjonalbiblioteket

Kjelder og litteratur