Johan Peter Fugellie

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyreJohan Peter Fugellie, også omtala som Petter Fugellie, (fødd i Kristiansand 26. november 1829, død i Stavanger 20. juli 1908) var gardbrukar og fabrikkgründar. Særleg er han kjend for sydvest- og oljehyreproduksjon som han og mor hans, Christiane Heede Fugellie, så smått byrja med på 1850-talet, og som var blitt ei betydeleg protoindustriell verksemd da Fugellie måtte gje tapt i konkurransen mot nye materialar og metodar i 1898. Eilert Sundt omtalar Fugellie i sin rapport om husfliden i Norge frå 1867, og gjev han følgjande attest: «Manden er en af disse driftige folk, om hvem det heder: ‘Sæt ham paa et bart Fjeld, og han vil faa noget ud deraf’». Fugellie slutta seg til kvekarsamfunnet og var aktiv i det organiserte fredsarbeidet.

Bakgrunn og familie

Johan Peter Fuggelie var son av Christiane Heede (1792-1869) og hennar mann i andre ekteskap Thor(e) Olsen Fugellie (1794-1854).

Mora var fødd og oppvaksen i Danmark, og kom frå ein urmakarfamilie. Ho var fyrst gift med Johan Peter Johnsen (ca. 1788-1825), også han fødd i Danmark, og som var fattigforstandar (inspektør) i Kristiansand.

Far til Johan Peter Fuggelie, Thor Olsen (1794-1854), var fødd på Mengshol i NesHedemarken (nåverande Ringsaker kommune), der foreldra var plassfolk.[1] I folketeljinga 1801 har familien ein husmannsplass under garden Faugli i Nes,[2] og det er sikkert forklaringa på familienamnet Fugellie. Husmannsguten Thor Olsen flytta frå heimbygda og hadde arbeidd seg fram til skipsførar og kjøpmann i Kristiansand da han gifta seg med enkja Christiane Heede Johnsen. Dei fekk altså sin fyrste son Johan Peter i 1829. Familien flytta seinare til Stavanger. Det har truleg samanheng med at ein son av Christiane frå fyrste ekteskap, den seinare publisist, stortingsmann og statsrevisor Johan Christian Johnsen, hadde etablert seg som kjøpmann der i 1837. I 1843 vart Christiane styrar for det nyoppretta Stavanger barneasyl. Det er ikkje kjent om mannen Thor Olsen dreiv noko eiga verksemd i Stavanger.

Johan Peter Fugellie var gift tre gonger. Det fyrste ekteskapet var inngått i 1853 med Dorthea Olena Pedersdatter Tasta frå Hetland (1835-1862). Som enkjemann gifta han seg i 1864 med Anna Karine Olsdatter Regelstad frå Finnøy (1846-1870). Han vart enkjemann på nytt, og gifta seg for tredje gong i 1879 med Elen Olene Pernille Olsen Thorp (1841-1921). Fugellie vart far til i alt 13 born i dei tre ekteskapa.

Landbruksutdanning og gardsbruk

I eit tidsrom mellom 1846 og 1850 var Johan Peter Fuggeli elev ved den landbruksskulen som Jan Adolph Budde hadde starta på Austrått i Høyland ved Sandnes i 1846. I 1849 eller 1850 fekk Fugellie kjøpt eit bruk av garden Leikvoll i Randaberg for 3000 spesidalar.[3] Det var ein stor sum, og gjennomgådde kjelder seier ikkje noko om korleis gardkjøpet vart finansiert. Han dreiv garden fram til å bli eit mønsterbruk. I 1866 var det 141 dekar dyrka mark, og dermed vart dette bruket av Leikvoll den tredje største garden i Randaberg. Garden fødde 13 kyr og tre hestar. I følgje folketeljinga året før hyste garden da eit hushald på 17 personar. Av familie var det Fugellie sjølv med kone og seks born i alderen 1-12 år, den gamle mor hans og systera til kona. Dei andre var arbeidsfolk, dvs. ein dagleigar, tre tenestekarar og tre tenestejenter. [4] Den etter måten rikelege arbeidskrafta var nok til dels nødvendig for gardsdrifta. Men i tillegg til dette hadde Fugellie og mor hans i fleire år drive ei anna produksjonsverksemd der. Det dreia seg om tilverking av sydvestar og regnklede elles.

Sydvestproduksjonen og anna næringsverksemd

Det var mor hans som hadde teke til med å sy sydvestar som ein aktivitet og inntektskjelde ved Stavanger barneasyl, der ho var styrar. Etter at ho var blitt enkje i 1854, flytta ho ut til sonen på Leikvoll. Der tok dei opp att sydvestproduksjonen og gjorde det til ei større verksemd. På eit tidspunkt mellom 1868 og 1871 flytta Fugellie til Lervik i nåverande Stavanger kommune, der han utvida verksemda monaleg, sjå eigen artikkel om Johan Peter Fugellies sydvestfabrikk. Han selde garden Leikvoll i 1871.

I Lervik starta han også eit kalkbrenneri, som han dreiv i ein del år før han selde det til E. Omdahl.[5] Fugellie skal også dreve ein del eigedomshandel, og han blir nemnd som «skibsreder».[6] I 1898 la han også ned oljekledefabrikken og levde dei siste ti åra av sitt liv som rentenist i ein ny heim på Storhaug.

Kvekar og fredsaktivist

Johan Peter Fugellie melde seg inn i kvekarsamfunnet i Stavanger i 1854. Året før hadde han gifta seg med Dorthea Olena Pedersdatter Tasta. Familien hennar tilhøyrde kvekarmiljøet i Stavanger.[7] Også dei to andre han vart gift med kom frå kvekarmiljøet. Anna Karine var dotter til kvekarleiaren Ole Regelstad på Finnøy. Elen Olsen Torp var dotter til kvekar og reipslager Jørgen Olsen. Ho hadde vore gift ein gong før, med sjømann Georg Olaus Thorp frå Bergen. I ekteskapet med han var rett nok Elen registrert som luteranar.[8] Fugellie vart ein viktig støttespelar for kvekarsamfunnet, mellom anna ved å halde hus til møteverksemda. I nekrologen i sosialistorganet 1ste Mai 20.7.1908 heiter det at han «i mange aar [stod] som samfundets leder». Han hadde overteke i 1885 da den tiodlegare kvekarleiaren Endre Dahl døydde.[9]

I den nemnde nekrologen heiter det også at Fugellie var en «interesseret 'absolut' fredsven». I uttrykket absolutt fredsvenn ligg truleg at Fugellie var ein prinsipiell pasifist på religiøst grunnlag, til forskjell for det sosialistiske fredsarbeidet, der pasifismen var meir situasjonsbetinga. Kvekarane stod sentralt i det organiserte fredsarbeidet som fekk vind i segla i Noreg frå 1880-åra av. Da Stavanger fredsforening vart skipa i 1894, er «P. Fugellie» registrert som ein av dei 17 fyrste innmelde. Det galdt også nevøen Hjalmar Fugellie, og Martin Nag omtalar «Fugellie-klanen» som ein av fleire kjende kvekarfamiliar i Stavanger som var aktive i fredsrørsla.[10]

Referansar

  1. Klokkerbok for Nes nr. 2, 1785-1813, s. 82-83, jf. Nes bygdebok bd. 2 del 4 s. 496 Mengshoel-eie.
  2. Mal:Folketelling person jf. Nes bygdebok bd. 2 del 4 s. 443 Faugli-eiet.
  3. Lindanger, B. 1984:407 og 410.
  4. Leikvoll i folketelling 1865 for Randaberg fra Digitalarkivet
  5. Aarre, B. 1995:10.
  6. Nekrologar i 1ste Mai 20.7.1908, Stavanger Avis 21.7.1908
  7. Geni.com.
  8. Olsen, B.G. 2002:91.
  9. Olsen, B.G. 2002:92.
  10. Nag, M. 1985:42-43.

Kjelder og litteratur