Johannes Berven: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
[[Fil:Johannes Berven spelar paa fjoelfela.jpg|thumb|left|275px|Johannes Berven spelar på fjølfela si. ''(Foto: [[Olve Utne]])'']]
[[image:Johannes Berven spelar paa fjoelfela.jpg|thumb|left|275px|Johannes Berven spelar på fjølfela si. ''(Foto: [[Olve Utne]])'']]
'''Johannes Berven''' ([[1899]]–[[1996]]), mest kjent som '''Jóanes Trø’n''' eller '''Bærven''' lokalt, var ein småbrukar, telefonist, postopnar, smed og spelemann frå Trøa under [[Innersetra på Tustna|Innersetra]] på [[Tustna]] i noverande [[Aure kommune]] på [[Nordmøre]].
'''Johannes Berven''' ([[1899]]–[[1996]]), mest kjent som '''Jóanes Trø’n''' eller '''Bærven''' lokalt, var ein småbrukar, telefonist, postopnar, smed og spelemann frå Trøa under [[Innersetra på Tustna|Innersetra]] på [[Tustna]] i noverande [[Aure kommune]] på [[Nordmøre]].


Linje 25: Linje 25:


=== Fjølfela ===
=== Fjølfela ===
[[Fil:Fjølfela etter Johannes Berven lokket.jpg|thumb|100px|right|Fjølfela sett framanfrå. ''(Foto: [[Olve Utne|Olve Utne]])'']]
[[image:Fjølfela etter Johannes Berven lokket.jpg|thumb|100px|right|Fjølfela sett framanfrå. ''(Foto: [[Olve Utne|Olve Utne]])'']]
[[Fil:Fjølfela etter Johannes Berven sett frå sida.jpeg|thumb|left|300px|Fjølfela sett frå sida. Legg merke til kor tjukke loket og botnen er. Sargen (sida) er saga ut av éi fjøl. ''(Foto:<br />[[Olve Utne|Olve&nbsp;Utne]])'']]
[[image:Fjølfela etter Johannes Berven sett frå sida.jpeg|thumb|left|300px|Fjølfela sett frå sida. Legg merke til kor tjukke loket og botnen er. Sargen (sida) er saga ut av éi fjøl. ''(Foto:<br />[[Olve Utne|Olve&nbsp;Utne]])'']]
Da Johannes var kring tolvårsalderen, altså kring [[1911]], bygde han seg si eiga [[fjølfele]]. Johannes fekk noko hjelp av far sin der det trongst, og gripbrettet fekk han ein snikkar til å høvle til rett for seg.
Da Johannes var kring tolvårsalderen, altså kring [[1911]], bygde han seg si eiga [[fjølfele]]. Johannes fekk noko hjelp av far sin der det trongst, og gripbrettet fekk han ein snikkar til å høvle til rett for seg.


Linje 49: Linje 49:


==== «Vals etter Johannes Berven» ====
==== «Vals etter Johannes Berven» ====
[[Fil:Vals etter Johannes Berven.jpg|thumb|left|400px|Vals etter Johannes Berven. ''(Nedskriven av [[Olve Utne]] søndag den [[24. desember]] [[1995]])'']]
[[image:Vals etter Johannes Berven.jpg|thumb|left|400px|Vals etter Johannes Berven. ''(Nedskriven av [[Olve Utne]] søndag den [[24. desember]] [[1995]])'']]
Den valsen som no går under namnet «Vals etter Johannes Berven» og som han sjølv berre kalla ''ën vals'' er ein fin og melankolsk liten vals som Johannes truleg hadde laga sjølv. Rytmen er typisk for dansespelet hans, med mange underdelingar på tonegjentaking &mdash; eller, som han sa det sjølv, ''kórtte tóna''. Eit svært tydeleg eksempel ser vi i andre og tredje takta på siste lina.
Den valsen som no går under namnet «Vals etter Johannes Berven» og som han sjølv berre kalla ''ën vals'' er ein fin og melankolsk liten vals som Johannes truleg hadde laga sjølv. Rytmen er typisk for dansespelet hans, med mange underdelingar på tonegjentaking &mdash; eller, som han sa det sjølv, ''kórtte tóna''. Eit svært tydeleg eksempel ser vi i andre og tredje takta på siste lina.
<br clear="left" />
<br clear="left" />


==== «Polka etter Johannes Berven» ====
==== «Polka etter Johannes Berven» ====
[[Fil:Polka etter Johannes Berven.jpg|thumb|left|400px|Polka etter Johannes Berven ''(Nedskriven av [[Olve Utne]] den [[20. februar]] [[1996]])'']]
[[image:Polka etter Johannes Berven.jpg|thumb|left|400px|Polka etter Johannes Berven ''(Nedskriven av [[Olve Utne]] den [[20. februar]] [[1996]])'']]
Denne polkaen er vanleg over store delar av [[Noreg]]. Forma etter Johannes Berven er relativt typisk. Vi ser mange av dei tonegjentakingane Johannes la vekt på å bruke i dansespel.
Denne polkaen er vanleg over store delar av [[Noreg]]. Forma etter Johannes Berven er relativt typisk. Vi ser mange av dei tonegjentakingane Johannes la vekt på å bruke i dansespel.
<br clear="left" />
<br clear="left" />


==== «Salmå-as Bærven» ====
==== «Salmå-as Bærven» ====
[[Fil:Johannes Hals- Salmå-as Bærven.jpg|thumb|left|400px|«Salmå-as Bærven», ein pariserpolka etter Johannes Berven spela av [[Johannes Hals]] ''(Nedskriven av [[Olve Utne]] fredag den [[29. desember]] [[1995]])'']]
[[image:Johannes Hals- Salmå-as Bærven.jpg|thumb|left|400px|«Salmå-as Bærven», ein pariserpolka etter Johannes Berven spela av [[Johannes Hals]] ''(Nedskriven av [[Olve Utne]] fredag den [[29. desember]] [[1995]])'']]
Johannes Hals ([[1912]]&ndash;[[1996]]) var svært flink med [[dreiing]], og den [[29. desember]] [[1995]] kom [[Olve Utne]] for å hente eit blomsterbord (ein pidestall) han hadde laga, vart dei sittande og prata, og etter ei stund kom Johannes Hals fram med fela og spela «Salmå-as Bærven». Johannes Berven bruka å spela denne slåtten når han var framme og spela på fest. Takta er [[parisarpolka|pariser]], og stemninga i slåtten er noko melankolsk &mdash; derfor bruka folk å kalle denne slåtten «Salmå-as Bærven». Johannes Hals trudde ganske sikkert at Johannes Berven hadde laga denne slåtten sjølv, sjølv om Johannes Berven aldri ville innrømme det... «Salmå-as Bærven» er med på den faste repertoarlista til [[Nordmøre spel- og dansarlag]].
Johannes Hals ([[1912]]&ndash;[[1996]]) var svært flink med [[dreiing]], og den [[29. desember]] [[1995]] kom [[Olve Utne]] for å hente eit blomsterbord (ein pidestall) han hadde laga, vart dei sittande og prata, og etter ei stund kom Johannes Hals fram med fela og spela «Salmå-as Bærven». Johannes Berven bruka å spela denne slåtten når han var framme og spela på fest. Takta er [[parisarpolka|pariser]], og stemninga i slåtten er noko melankolsk &mdash; derfor bruka folk å kalle denne slåtten «Salmå-as Bærven». Johannes Hals trudde ganske sikkert at Johannes Berven hadde laga denne slåtten sjølv, sjølv om Johannes Berven aldri ville innrømme det... «Salmå-as Bærven» er med på den faste repertoarlista til [[Nordmøre spel- og dansarlag]].
<br clear="left" />
<br clear="left" />

Sideversjonen fra 17. okt. 2007 kl. 00:02

Johannes Berven spelar på fjølfela si. (Foto: Olve Utne)

Johannes Berven (18991996), mest kjent som Jóanes Trø’n eller Bærven lokalt, var ein småbrukar, telefonist, postopnar, smed og spelemann frå Trøa under InnersetraTustna i noverande Aure kommuneNordmøre.

Slekta og gardsbruket

Johannes Hilmar Gjermundson Berven vart fødd som den yngste av fem sysken den 18. mars 1899. Mora var Anne Marie Eriksdotter Sæter (1858–1925) frå same stad. Faren var Gjermund Gjermundson Berven (1850–1924). Gjermund var frå Øystese i Hardanger, men kom flyttande til Nordmøre som smed i samband med skipsbygginga og jaktefarta som slektningen og sambygdingen frå Øystese Gjermund T. Øvrevik (1844–1920) sette i gang på Tustna. Gjermund G. Berven var det første postbodet i bygda, og frå 1900 hadde han telefonstasjon òg.

Gardsbruket Trøa var opprinneleg husmannsplass, men vart sjølveigarbruk i 1850. Huset var av gammal type med bustad i sørenden og fjøs i nordenden. Huset er no ombygd, og det er bygd nytt fjøs, men enno i 1970-åra stod den gamle fjøsenden av huset der. Gjermund G. Berven sette seg opp ei smie rett sørom huset, og ho står enno.

Johannes tok over Trøa i 1924. Han dreiv jorda, fiska og arbeidde i smia, og i tillegg tok han over telefonstasjonen etter far sin. I 1945 tok han over postkontoret i bygda òg, og han dreiv det til det vart nedlagt i 1971.

Johannes gifta seg med Ovedie Nansy Klepp (19101986) frå BrandalSunnmøre, og i 1954 fekk dei ei dotter, Anne Oddlaug Berven, som no er busett på Sunnmøre med familien sin.

Johannes dreiv bruket til han var over 90 år, og omtrent like lenge dreiv han både sjø og bærskog. Han døde i 13. juli 1996, 97 år gammal.

Musikken

Musikklivet kring Solåsundet

Det vanlegaste instrumentet i Solåsundet som andre plassar i Noreg tidleg på 1900-talet var fela. Men fela var ikkje den einaste sorten instrument som fanst i bygda. Johannes snakka om at det fanst dei som kunne spela på psalmodikon, eller salmeikó, som han sa. Det finst i alle fall to slike instrument att i bygda — eit av dei er på Hals skolemuseum. Meir vanleg enn psalmodikon var likevel gitar, trekkspel og zither.

I omtrent kvart eit hus i Solåsundet var det fiolin, eller «tyskfë’l», som folk sa der, og mange kunne leite seg fram ein melodi eller to på fela når dei berre tok seg tid. Men av spelemenn som kunne dra opp ein slått det gjekk an å danse etter, var det vel eigentleg berre to: Ingvald Glomstad (18981988) og Johannes Berven. Men Johannes var litt meir forsiktig av seg, så det vart oftast Ingvald som spela til fest.

Kva slags typar musikk bruka dei så på festane? Mest gjekk det på vals. Johannes fortalte at festane, slik han hugsa dei, gjerne begynte og slutta med «Kostervalsen». Og elles gjekk det mykje på polka og pariser og andre sortar gammaldans. Pols var det lite av, men det kunne nok vanke einkvan polsen om spelemannen var valsøyfjording.

Fjølfela

Fjølfela sett framanfrå. (Foto: Olve Utne)
Fjølfela sett frå sida. Legg merke til kor tjukke loket og botnen er. Sargen (sida) er saga ut av éi fjøl. (Foto:
Olve Utne)

Da Johannes var kring tolvårsalderen, altså kring 1911, bygde han seg si eiga fjølfele. Johannes fekk noko hjelp av far sin der det trongst, og gripbrettet fekk han ein snikkar til å høvle til rett for seg.

Fjølfela hans Johannes er truleg ganske typisk for dei fjølfelene som ungdommar på Nordmøre og andre stader gjerne laga til eigen bruk før dei fekk tak i skikkelege feler. Ho manglar bassbjelke og er elles òg noko primitiv i forma:

Sida («síå») er utsaga av eitt trestykkje; botnen («punnifjǿḷa») og lokket («oppåfjǿḷa») er laga av eit furubord som vart utskifta frå bordkledinga på huset i Trøa. Det er som nemnt ikkje bassbjelke i fela. Halsen («háḷšn») er òg laga av furu, og far hans hjelpte han med utforminga av han. Gripebrette («nótbrætte») er laga av bøk. Ein snikkar hjelpte han med å høvle ut rette kuvinga. Stolen («spælhæstn») er ein vanleg moderne fiolinstol. Strengene er av vanleg type for dei første tiåra av 1900-talet: E-strengen («kviņņtn») er ein stålstreng, a-strengen («kvartn») og d-strengen («tærsn») er av uomspunnen tarm og g-strengen er ein omspunnen tarmstreng.

Johannes bruka denne fela i mange år fram til han kjøpte ei vanleg tyskfele (fiolin). Etter dette spela han mest på den vanlege fiolinen, men da Olve Utne besøkte honom på dagen den 24. desember 1995, så tok han fram gammalfela slik at det kunne bli teke nokre bilde av henne.

Notespel

Mesteparten av livet spela Johannes berre etter øret; men i ein alder av heile 90 år lærte han seg sjølv notar! Dei siste åra han levde spela han ikkje så mykje — blant anna pågrunn av at hørselen var ganske redusert — men han tok fram fela no og da, og da spela han gjerne etter notar frå Landstads salmebok eller ei songbok. Johannes stemte fela svært lågt: Han stemte kvarten (den nest lysaste strengen, «a-strengen») mellom ein stor sekund og ein liten ters under a'=440 Hz. Når han spela etter notar, tok han utgangspunkt i at fela var stemt f–c'–g'–d".

Repertoar

«Den trondhjemske madammen»

I 1911, da Johannes var i tolvårsalderen, kom ein båt med engelskmenn til Tustna på hjortejakt. Dei heldt mykje til ved Innerseterkaia. Med seg ombord hadde dei ein unggut som spela trekkspel til underhaldning om kveldane, og av honom fekk Johannes lære seg valsen «Den trondhjemske madammen i raudmåla hus». Det er uvisst om dette hendte før eller etter at Johannes bygde fjølfela.

«Kostervalsen»

Eit spesielt trekk ved det lokale dansespelet slik Johannes hugsa det, var at ein skulle ha kórtte tóna — markante, rytmiske strøk med mange underdelingar. Valsar med lange tóna — mjukare strøk med mykje legato — var nok gjerne fine å høre på, men dei eigna seg dårleg til dans.

Johannes var elles oppteken av at slåtte- og dansespel var forskjellig frå klassisk fiolinspel. Mange av dei som spelar folkemusikk gjer det ikkje rett, meinte han — både fordi dei ofte brukar feil strøk og fordi dei brukar for mykje vibrato. Vibrato kan vera fint i melodía, meinte han. På spørsmål om kva han meinte med melodía, gav han først «Sæterjentens Søndag» som eksempel, og så sa han at i den musikken Arve Tellefsen brukar å spela, passar det godt å bruke vibrato.

«Vals etter Johannes Berven»

Vals etter Johannes Berven. (Nedskriven av Olve Utne søndag den 24. desember 1995)

Den valsen som no går under namnet «Vals etter Johannes Berven» og som han sjølv berre kalla ën vals er ein fin og melankolsk liten vals som Johannes truleg hadde laga sjølv. Rytmen er typisk for dansespelet hans, med mange underdelingar på tonegjentaking — eller, som han sa det sjølv, kórtte tóna. Eit svært tydeleg eksempel ser vi i andre og tredje takta på siste lina.

«Polka etter Johannes Berven»

Polka etter Johannes Berven (Nedskriven av Olve Utne den 20. februar 1996)

Denne polkaen er vanleg over store delar av Noreg. Forma etter Johannes Berven er relativt typisk. Vi ser mange av dei tonegjentakingane Johannes la vekt på å bruke i dansespel.

«Salmå-as Bærven»

«Salmå-as Bærven», ein pariserpolka etter Johannes Berven spela av Johannes Hals (Nedskriven av Olve Utne fredag den 29. desember 1995)

Johannes Hals (19121996) var svært flink med dreiing, og den 29. desember 1995 kom Olve Utne for å hente eit blomsterbord (ein pidestall) han hadde laga, vart dei sittande og prata, og etter ei stund kom Johannes Hals fram med fela og spela «Salmå-as Bærven». Johannes Berven bruka å spela denne slåtten når han var framme og spela på fest. Takta er pariser, og stemninga i slåtten er noko melankolsk — derfor bruka folk å kalle denne slåtten «Salmå-as Bærven». Johannes Hals trudde ganske sikkert at Johannes Berven hadde laga denne slåtten sjølv, sjølv om Johannes Berven aldri ville innrømme det... «Salmå-as Bærven» er med på den faste repertoarlista til Nordmøre spel- og dansarlag.

Kjelder

Bøker

Heimelsfolk