Johannes Grov

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Johannes Grov

Johannes Grov (fødd 13. oktober 1899, død 23. september 1969) var gardbrukar og ordførar i Jostedalen i Sogn og Fjordane.

Han voks opp på Grov (bnr. 1) som nest eldste son av Anders Johannesson Grov (1870-1957) og Gjørond Johnsdotter Snøtun (1875-1963). Johannes Grov gifte seg 26.1.1933 med Maria Johnsdotter Grov (1911-1994) frå nabobruket på Grov (bnr. 2). Dei tok over husmannsplassen Leitehaugen under heimebruket hans i 1934, og i 1939 vart plassen utskild som bnr. 5 Leitehaugen (skøyte 18.1.1941). Han dreiv bruket levetida ut.

Johannes Grov var ordførar i Jostedalen for Arbeidarpartiet i to omgangar, fyrst 1948-51 og deretter 1956-1962. Han vart såleis den siste ordføraren i Jostedal kommune. Etter kommunesamanslåinga til nye Luster kommune 1.1.1963 var Johannes Grov varaordførar fram til kommunevalet hausten 1963 og sat i formannskapet og kommunestyret til 1967.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer


Forgjengar:
 Kristen Bakken 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Hallvard Hesjevoll 


Forgjengar:
 Hallvard Hesjevoll 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Ingen (kommunesamanslåing)